«Luftoverdose» frå vasskraftverk drep fisk: – Selskapa og styre­maktene er for passive

2 months ago 7


Det er fare for omfattande fiskedød ved kvart fjerde norske vasskraftverk. Det viser ei stor internasjonal studie som blir trykt i oktober.

Grunnen er at vatnet som kjem ut frå ein kraftstasjon nokre gonger er piska fullt av luft. Det skjer særleg i flaumperiodar, og vatnet kan bli mjølkekvitt.

– Det brusar akkurat som Farris, berre at det er luft, ikkje karbondioksid, som er løyst opp i vatnet. Fisk, botndyr og insekt får luftbobler i seg og døyr av det.

Det seier forskar Ulrich Pulg ved forskingsinstituttet Norce i Bergen.

I mange år har han forska på – og åtvara om – dette. Som i 2018, då ein feil i Ekso kraftverk i Vaksdal tok livet av all eller mesteparten av smolt og fisk i elva nedanfor:

«Dykkarsjuke» drep fisk

Nå har han leia studien av risiko for gassovermetting i 2.252 vasskraftverk i Noreg, Tyskland og Austerrike.

– Viss luft blir dratt inn i kraftverket av undertrykk, kjem vatnet ut igjen som boblevatn. Det gir fisken gassblæresjuke.

– Dette kan samanliknast med trykkfallssjuke – dykkarsjuke – hos menneske, seier han.

Luftbobler i finnane til daud aure

For mykje luft i elvevatnet fører til gassblæresjuke – dødelege luftbobler på finnane til fisk.

Foto: Tore Wiers / UNI Research

For mykje luft i elvevatnet fungerer altså som «luftoverdose» for fisk og anna liv der.

Den ferske studien viser at:

  • 473 vasskraftverk i Noreg har høg risiko for å gi gassovermetting. Dette er 28 prosent av dei 1696 vasskraftverka i landet.
  • 344 anlegg (16 prosent) har moderat risiko.

– Problemet er meir utbreidd enn ein har trudd. Opp mot halvparten av kraftverka i landet kan ha potensial for periodar med skadeleg mykje luft i vatnet, seier Pulg.

Ulrich Pulg, Norce

Forskar Ulrich Pulg meiner styremaktene og vasskraftselskapa er for passive i å redusera risikoen for fiskedød.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Akutt fiskedød

I tillegg til den teoretiske risikovurderinga, har forskarane gjort fysiske målingar ved elleve norske kraftverk som vart klassifiserte som «høgrisikoanlegg».

Åtte av dei elleve hadde då gassovermetting som var «biologisk relevant», altså farleg for fisk og botndyr. Det same har tidlegare blitt påvist i ni andre kraftverk.

Tidlegare har det blitt observert akutt fiskedød i fem kraftutbygde elvar i landet: Matre og Ekso i Vestland, Nidelva i Trøndelag, Otra i Agder og Skibotn i Troms.

Pulg viser til at nye kraftverk kan bli konstruert slik at gassovermetting blir unngått.

– Dette er svært viktig, fordi vasskraft opplever ein boom i verda. Globalt er over 3000 nye dammar under planlegging. Så dette kan anten bli eit stort problem i verda, eller ein kan unngå det.

Gassovermetning frå vasskraftverk skader fisk

Ser du nøye etter, oppdagar du at også desse botndyra har luftbobler og gassblæresjuke.

Foto: Norce

Etterlyser fleire tilsyn

Sidan 1980-talet har forskarar åtvara, og sidan 2000-talet har styremaktene pålagd kraftselskapa å unngå gassovermetting. Men Pulg meiner at styremaktene i langt større grad må føra tilsyn og kontrollera om kraftverka faktisk produserer «luftoverdose» for livet i elva.

– Det har blitt gjort svært lite. Det er sjeldan tilsyn. Knapt nokon, seier han.

Pulg tilrår å velja dei kraftverka som kjem dårlegast ut i risikovurderinga, sjekka konstruksjonen på anlegget og gjera målingar i kraftverksutløpet.

Forskarane Gaute Velle og Ulrich Pulg ved NORCE.

Forskar Ulrich Pulg (til venstre) har lenge åtvara mot gassovermetting som kan truga fiskestammar nedanfor vasskraftverk.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

NVE avviser kritikken

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ikkje ei samla oversikt over anlegg der gassovermetting er ei utfordring. Heller ikkje tal på kor ofte NVE inspiserer eller gir pålegg til kraftverk som er i drift, eller kor ofte kraftselskapa sjølve varslar om gassovermetting, som også blir kalla luftovermetting.

– Det er ikkje riktig at NVE ikkje fører tilsyn med om kraftverka fører til luftovermetting. Vi inspiserer alle anlegg i byggefasen, ifølge seksjonssjef Mari Hegg Gundersen.

Ho opplyser at dei fleste vasskraftkonsesjonane har vilkår om å unngå luftovermetting. Der står det:

«Skulle det likevel vise seg ved anleggets seinare drift at luftovermetting forekommer i skadeleg omfang, kan konsesjonæren etter nærmare bestemmelse av NVE bli pålagt å bekoste tiltak for å forhindre eller redusere problema.»

– Miljøtilsynet er styrka det siste året, spesielt for å følga opp anlegg i drift. Gassovermetting er eit tema me vil ha auka fokus på framover, skriv Gundersen.

– Til nå har me prioritert oppfølging i byggefasen. Men me følger opp viss me mottar uromeldingar eller varsel, eller viss aktørane sjølve melder frå. Og me bygger opp meir kompetanse på dette, seier ho til NRK.

MARI HEGG GUNDERSEN Seksjonsjef tilsyns- og beredskapsavdelingen i NVE

NVE vil framover ha auka fokus på gassovermetting, ifølge seksjonssjef Mari Hegg Gundersen.

Foto: Jon Petrusson / NRK

Bransjen: – Alvorleg miljøutfordring

Fornybar Noreg er interesseorganisasjonen for mellom anna vasskraftbransjen.

– Norske vasskraftselskap er kjente med at gassovermetting er ei potensiell ulempe. Det er ei viktig og alvorleg miljøutfordring med vasskraft.

Det seier bransjedirektør for berekraft, Vegard Pettersen, i Fornybar Noreg.

– Vi veit at medlemsbedrifter har gjennomført konkrete studiar av gassovermetting i sine eigne vasskraftverk. Næringa og enkeltselskapa tar dette på alvor.

Trudde problemet var løyst

Pettersen trur bevisstheita om dette er aukande.

– Dette er eit større problem enn ein har vore klar over. Eg som har vore i bransjen ei stund, har levd med ei forståing om at problemet stort sett var løyst. Så har det kome ny kunnskap dei siste åra.

I moderne vasskraftverk er det konsesjonsvilkår og ei plikt om å forme ut nye anlegg slik at moglegheitene for gassovermetting blir minst mogleg.

– Men mange anlegg er bygde for lenge sidan, før ein hadde kunnskapen ein har i dag om årsaker til gassovermetting. Ombygging av gamle installasjonar kan både vere vanskeleg og kostbart. Men det kan nokre stader heilt sikkert gjerast, og det blir gjort, seier Pettersen.

Han viser til at Fornybar Noreg mellom anna er med og finansierer eit forskingsprosjekt om å få lufta ut av vatnet med ultralyd, som skal vera ferdig i år.

Publisert 23.09.2024, kl. 13.23

Read Entire Article