Ylva er 44 år og for tre år sidan fekk ho migrene. Det har tatt lang tid for henne å finne rett medisin.
– For meg har det vore avgjerande for å kunne fortsette å ha ein god livskvalitet og kunne stå i jobb.
Nå kan ho handtere både ein travel jobb og eit familieliv med barn.
– Med denne nye migrenemedisinen, så kan eg leve som normalt.
Men nå har regjeringa endra ordninga som gir alle pasientar og legar høve til å finne den beste medisinen til pasienten, meiner kritikarane.
Endrar blåreseptordninga
Medisinar er dyre og det svir i budsjetta til regjeringa når rekningane for blåreseptordninga skal gjerast opp.
I dag er det sånn at kronisk sjuke pasientar betaler ein liten del av kostnaden for medisinen sin, resten av rekninga tar staten.
Det kostar ifølge statsbudsjettet staten nærare 17 milliardar kroner. Dette er dyrt for fellesskapen, derfor blei det i statsbudsjettet for 2024 vedteke at Noreg skal kjøpe inn billigare medisinar.
Regjeringa vil at flest mogleg nye pasientar med same diagnose bruker same legemiddel.
Det gjer dei ved å vende seg til legemiddelselskapa i Europa og spørje kven som kan tilby den billigaste medisinen for den aktuelle diagnosen. Ei slik anbodsordning vil spare samfunnet for fleire hundre millionar kroner.
Dette blei vedtatt i statsbudsjettet for 2024, med støtte frå SV, etter fleire år med diskusjonar og protestar.
Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Karl Kristian Bekeng seier legane framleis kan skrive ut andre medisinar, men at legane må søke for kvar enkelt pasient.
– Anbod betyr ikkje at alle pasientar skal bruke det same legemiddelet. Legane skal framleis behandle pasientar individuelt, og vurdere om nye pasientar skal prøve det anbodssvinnande legemiddelet først.
Legar, politikarar og interesseorganisasjonar krev omkamp om ordninga.
Krev omkamp
– Legane fryktar at den nye blåreseptordninga ser alle pasientane under eitt og ikkje som enkelt individ nå som pris skal vere viktig for kva medisinar dei kan skrive ut på blå resept.
Det seier leiar i allmennlegeforeininga Nils Kristian Klev.
Leiar i Stortingets Helse- og Omsorgskomité Tone Wilhelmsen Trøen frå Høgre seier dei er redde den nye blåreseptordninga rammar store pasientgrupper.
Ho meiner også at den nye ordninga bryt med det Stortinget har bestemt når det gjeld dei helsepolitiske måla.
– Der er lågast mogleg pris eitt av dei. Men det er også viktig å sikre god kvalitet ved behandling. Og også sikre rask tilgang til effektive legemiddel, m.a.
Noregs Astma og Allergiforbund meiner dei samfunnsøkonomiske gevinstane vil vere svært kortsiktige, seier politisk seniorrådgivar Marte R. Øien
– Når så mange pasientar risikerer å ikkje få medisinar som ikkje er valde baserte på eit medisinsk grunnlag, men pris, vil kostnadene svært truleg auke i andre budsjett.
Øien meiner dette vil medføre auka fråvær frå skole og arbeid, fleire besøk hos fastlege og legevakt og fleire akutte innleggingar på sjukehus. Ho fryktar også at mange må tvangsbyte medisin.
– Det vil også bidra til å skape større ulikskapar i helse blant befolkninga, og føre til eit endå meir todelt helsevesen. Det er heilt uforståeleg at regjeringa vil stå inne for dette.
For Ylva, som har jobba lenge for å finne den perfekte medisinen sin, er den nye ordninga uforståeleg.
– Det å prøve ulike medisinar og finne ein som fungerer for akkurat deg, det er jo heilt avgjerande for alle pasientar, enten det handlar om migrene eller andre typar sjukdommar.
Publisert 25.06.2024, kl. 12.12