Kan Kenyas uro bli løysinga på deira store problem?

4 months ago 53


Tala rulla over skjermen. 99 prosent, 98 prosent, 99 prosent.

Resultata kom frå små og store byar og bygder rundt om i Kenya. Året var 2007. Det var valkveld. Og eg var spent på resultatet.

«Ein av oss»

I vekevis hadde eg lytta til kenyanarar diskuterte om Mwai Kibaki skulle få fortsette å vere landets president, eller om Raila Odinga burde overta.

Eg forsøkte å forstå kva saker som skilte kenyanarane, men klarte aldri å få heilt grep på kvifor folk støtta den eine eller den andre.

«Fordi han er ein av oss», var som oftast svaret eg fekk.

«Ein av oss?» Begge er då kenyanarar og dermed «ein av oss», tenkte eg.

Eg vart veldig skuffa då eg forstod kva svaret eg hadde fått faktisk betydde.

Hus i brann og døde i gatene

Alt dette skjedde mens eg som 20-åring jobba frivillig nokre månader i Nairobi.

Eg tenkte i starten at det var stas at det skulle vere val i Kenya i løpet av det halvåret eg var der. Men det var fordi eg visste altfor lite om kva eit kenyansk val faktisk kan bety.

Fordi, berre dagar etter at eg hadde sett valsendinga på TV, der fleire valkretsar gav bortimot 100 prosent til den eine eller den andre kandidaten, så sat eg i ein bil gjennom Nairobi.

Frå bilvindauget kunne eg sjå ut over Kibera-slummen. Fleire bygg stod i brann. På TV kunne me sjå at det låg døde i gatene.

Ein mann på krykker går forbi ein død mann, under opptøyane i Kenya 2007-2008

Ein mann ligg død i gata, mens ein annan går forbi på krykker. Over 1000 menneske vart drepne i løpet av nokre få veker i Kenya i 2007.

Foto: Ap

Det verka som at Kenya var i oppløysing, og saman med andre norske ungdommar i byen var eg i ferd med å evakuere til Den norske skulen i Nairobi, ein relativt trygg stad i utkanten av det som hadde blitt ein kaotisk og farleg storby.

Kenya hadde raskt og brutalt hamna i ein konflikt der folk kunne bli drepne og angripe om dei hadde feil etnisitet.

Etnisitet viktigare enn politikk

Kenyansk politikk hadde nemleg vist seg å vere særs lite politisk. Når folk skulle avlegge stemma si, så handla nesten alt om kva etnisk gruppe veljaren tilhøyrer. Og om presidentkandidaten var «Ein av oss, eller ein av dei andre».

No verserte i tillegg rykta om at omfattande valjuks hadde skjedd. For det drøya lenge før valresultatet kom, og heilt i innspurten av oppteljinga hadde plutseleg sittande president Kibaki gått forbi opposisjonsleiar Odinga.

Det vart valdeleg då mange unge menn deltok i demonstrasjonane etter valet i Kenya i 2007.

Det var farleg å gå ute i gatene under opptøyane i 2007. Valden var etnisk motivert.

Foto: Ap

Luo-folket, som Odinga tilhøyrer, var rasande. Fleire viste seg villige til å drepe, og då helst kikuyuar, som var motstandar Kibakis folk.

Det er ein dårleg skjult hemmelegheit at misnøgde politikarar i Kenya ofte er villige til å betale fattige støttespelarar for å lage mest mogleg trøbbel.

Framtidig president i trøbbel i Haag

Kva som faktisk skjedde i 2007 er uklart, men all valden som vart utført vart etter kvart eit tema i Den internasjonale straffedomstolen i Haag.

Ein av dei som vart tiltalt der er var mann med namn William Ruto. Den gong var han sentral i laget til valtapar, Raila Odinga. Og Ruto vart skulda for å ha orkestrert ein eigen hær som gjekk til krig i kjølvatnet av valet.

Tiltalen førte aldri fram til ein dom i Haag, mykje fordi fleire vitne plutseleg trakk seg på mystisk vis. Saka mot William Ruto falt.

I dag er han, William Ruto, Kenyas president, medan sjefen hans frå 2007, Raila Odinga, framleis er opposisjonsleiar.

William Ruto er ein omstridd president. Kenyanaren har tidlegare vore for retten i Den internasjonale straffedomstolen i Haag, skulda for brot på menneskerettane. Men han fekk gå fri.

President William Ruto er ein omstridd person i kenyansk politikk.

Foto: AFP

Noko er annleis med dagens demonstrantar

No skriv me 2024, og Kenya har teke fleire steg i riktig retning sidan 2007. Leiarane klarte å finne ei løysing, og styre saman. Grunnlova er endra, slik at eventuell valjuks i framtida skal bli handtert i rettssalane og ikkje i gatene.

Men den etniske oppdelinga som fører til at kenyansk politikk eigentleg ikkje er så veldig demokratisk, den skaper framleis splid i folket, mistillit til demokratiet og grobotn for korrupsjon.

Men denne veka starta kanskje eit nytt kapittel. For sjølv om demonstrasjonar har vore vanleg i Kenya, så er det likevel noko heilt nytt ein er vitne til i Kenya no.

Det er ikkje ei etnisk gruppe som er ut i gatene. Og det er ikkje berre dei fattigaste i landet som står på barrikadane.

Det er Kenyas mange unge som samlar seg på tvers av samfunnslag og etnisitet. Og dei diskuterer ut frå politikk, og ikkje om han eller ho er «ein av oss eller dei».

Demonstrantar er døde og skadde i Nairobis gater. Ein vert løfta av to menn som forsøker å frakte han bort. Rundt dei ligg tåregassen tjukt.

Det vart veldig dramatisk då demonstrantar storma Kenyas parlament denne veka. Mange vart skadde, over 20 drepne.

Foto: AFP

Tvert imot er det slik at Kenyas mange unge sjeldan ser på politikarane som ein av folket. Politikarane er rike, og kjenner ikkje på kroppen kva det vil seie at eit brød eller ein dunk matolje blir nokre kroner dyrare.

Starten på eit nytt: «Ein av oss»?

Eit liknande sosialt opprør som det i Kenya har ein dei siste åra sett i Senegal, på andre kanten av Afrika. Der vart utfallet til slutt at kontinentets yngste president vann valet tidlegare i år.

Tåregassen ligg tjukt i Kenyas hovudstad, Nairobi

Tåregassen låg tjukt i Nairobi, Kenyas hovudstad, denne veka.

Foto: AFP

Kan Kenyas store demonstrasjonar leie fram til eit nytt opposisjonsparti som faktisk samlar veljarar basert på politikk og ikkje etnisitet?

Det vil berre tida vise. Opprøret som held på no har ingen tydeleg leiar, og det finst fleire krefter som nok ønsker å dra nytte av momentumet, og kapre heile bevegelsen.

Men demonstrantane ute i gatene er godt utdanna, og har god peiling på korleis politikken i Kenya fungerer.

Kanskje er dei motstandsdyktige nok til at dei ikkje blir utnytta av krefter som vil utnytte opprøret til det beste for seg sjølv, i staden for til det beste for folket.

Uansett har dei unge klart å vere solide festbremser for Kenyas parlamentarikarar. For utanfor festlokalet står rasande ungdommar, og denne veka storma nokre av dei inn i maktas korridorar for å vandalisere.

VTJ—NM-Demo-Nairobi-Stills

NRK møtte fleire demonstrantar i gatene denne veka. Nokre av dei tente lys til minne om drepne meddemonstrantar.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Om nokre år vil kanskje andre, meir fredelege, demonstrantar få tilgang til parlamentet på demokratisk vis.

Og kanskje kan dei unge festbremsene snu opp ned på kenyansk politikk. Slik at kenyanske veljarar i framtida, på tvers av alle etniske grupper, kan stemme på ein og same kandidat, og stolt seie at det er fordi den kandidaten er «ein av oss, kenyanarar».

Publisert 29.06.2024, kl. 10.01

Read Entire Article