Israelsk invasjon i Libanon: – Det blir nok ekstremt blodig

5 days ago 4


Seint måndag kveld var det som vert omtala som ein «målretta bakkeinvasjon» av det israelske forsvaret (IDF) ein realitet.

Det vil seie at israelske styrker gjekk inn på libanesisk territorium.

Den norske legen Mads Gilbert er på plass på Najdah General Hospital i byen Nabatieh, sør i Libanon. Han fryktar konsekvensane av invasjonen.

Det blir nok ekstremt blodig.

Fryktar blodig bakkeinvasjon i Libanon

Sjukehuset har allereie ein del pasientar etter personsøkjaråtaket, no er dei i høgberedskap og førebur seg til å ta i mot skadde pasientar, fortel Gilbert.

– Operasjonsstuene er klare, ambulansane står i kø til å rykkje og all planlagt arbeid er stoppa.

Han skal vere her på humanitært oppdrag dei neste vekene.

Leger behandler pasient ved Najdah General Hospital, i Nabatieh, sør-Libanon.

Legar behandlar ein pasient ved Najdah General Hospital, i Nabatieh, Sør-Libanon.

Foto: Mads Gilbert

Under intervjuet, som blei gjort måndag, kan ein høyre intense lydar i bakgrunnen. Ifølgje Gilbert er det israelske dronar og fly som angrip ulike mål.

Gilbert fortel at han var til stades under Libanon-krigen i 1982 og fryktar at åtaka no vil vere meir brutale.

– For alle som vert drepne, står det att mange etterlatne.

Han kallar åtaket på Libanon for «openbert folkerettsstridige åtak på sivile menneske».

Syriske flyktninger holder til på en parkeringsplass, etter at de flyktet fra kampene sør i Libanon.

Syriske flyktningar, som flykta frå landsbyar i Sør-Libanon søkjer tilflukt på ein parkeringsplass i Saida, Libanon.

Foto: Aziz Taher / Reuters

Gilbert understrekar at det libanesiske samfunnet lenge har vore i ein vanskeleg økonomisk situasjon med ein ekstrem inflasjon, i tillegg til at landet har husa flyktningar frå Syria og Palestina.

Iran er tilbakehaldande

Dagen etter terroråtaket 7. oktober starta Hizbollah med å skyte rakettar til Nord-Israel, mellom anna til Haifa, den tredje største byen i Israel.

Om lag 60.000 israelarar har flykta frå heimane sine.

Ifølgje IDF er målet å flytte den sjiamuslimske militsen frå grenseområda for å redusere rakettåtak, i tillegg til å svekkje militsen betydeleg.

Til no er store delar av den militære leiinga i rørsla eliminert.

Tormod Heier, professor i Forsvarets høgskole trur at dei israelske styrkane ikkje kjem til å gå så langt inn i landet, og at målet er å provosere fram rakettåtak frå Hizbollah.

Tormod Heier

Tormod Heier, professor i Forsvarets høgskole seier at Israel vil provosere fram fleire åtak for å finne fram til Hizbollah.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

– Då vert det endå lettare for israelsk etterretning å finne dei attverande utskipingsbasar og den attverande infrastrukturen, som israelske fly allereie har angripe over lengre tid, seier Heier.

Ifølgje professoren er det liten fare for at libanesiske styrker vil engasjere seg. Dei har allereie trekt seg nordover i landet etter at dei israelske styrkane invaderte dei sørlege byene.

Det ser ikkje ut som Iran vil stiller opp for militsen, seier Heier.

Mann tar bilde med mobilen av ruiner.

Ein mann tek eit bilete med mobilen av ruinane av bygningar, etter at åtak frå Israel. Bilde frå ein forstad sør i Beirut, Libanon.

Foto: Hassan Ammar / AP

– Ut frå hendingane dei siste dagane så er det heilt oppsiktsvekkande at Iran er såpass tilbakehaldande og ikkje har engasjert seg meir på vegner av dei militsane som dei bruker i kampen sin mot Israel.

Det kan tyde på at det ikkje vil setje atomvåpenprogrammet sitt i spel ved å bli angripen sjølv eller at det ser på seg sjølv som svakare enn dei eigentleg er.

Israelske soldater ber ved grensen mellom Israel og Libanon.

Israelske soldat ber ved eit oppmarsjområde i Nord-Israel nær grensa til Libanon, 1. oktober 2024.

Foto: Baz Ratner / AP

Det siste kan vere basert på erfaringane frå april då dei skaut rakettar mot Israel der mesteparten vart øydelagt, forklarar professoren.

Libanesiske styresmakter melder at meir enn 1000 er drepne dei siste to vekene. Det siste døgnet er minst 95 menneske drepne, og meir enn 170 skadde.

Publisert 01.10.2024, kl. 10.19

Read Entire Article