Høgsteretten i USA: Trump kan ikkje straffast for «offisielle» handlingar knytt til valet i 2020

4 months ago 29


Det er siste dag før sommarferien i den amerikanske Høgsteretten.

Dei ni dommarane samla seg måndag, eigentleg ein dag på overtid, for å drøfte om tidlegare president Donald Trump (78) kan straffeforfølgast i ei av sakene mot seg.

Måndag ettermiddag stemte seks mot tre dommarar for at tidlegare presidentar i USA har rett på noko immunitet for sine offisielle handlingar medan dei sit i Det kvite huset.

Det gjeld ikkje handlingar dei utførte som privatpersonar, skriv fleire amerikanske medium.

Trump er føderalt tiltalt på fire punkt for forsøk på å endre valresultatet og å hindre godkjenning av resultatet i 2020.

Då stemte fleirtalet i USA på Joe Biden som sin neste president.

Trump nektar straffskuld, og meiner sakene mot han er politisk motiverte.

Supreme Court What to Watch

Høgsteretten har seks konservative dommarar, blant dei tre som Trump sjølv utnemnde, og tre liberale.

Foto: J. Scott Applewhite / AP

Meiner det opnar for framtidig «utpressing»

Rettsprosessen har vore på pause medan Høgsteretten drøfta om Trump skulle få immunitet.

Trump har kravd å bli immun mot straffeforfølging fordi han var president då han utførte handlingane som tiltalen sikter til, skriv Reuters.

Eit sentralt spørsmål i Høgsteretten sin diskusjon har dermed vore om Trump gjorde desse som ein offentleg eller privat figur.

No har dommarane bestemt at dei handlingane han gjorde som ein offentleg figur, ikkje kan bli straffeforfølgde, men at dei han gjorde som privatperson er det.

Trump under presidentdebatten i 2020

Uansett utfall, har Høgsteretten si behandling av saka utsett startdatoen til rettssaka om valinnblanding.

Foto: Julio Cortez / AP

Advokatane til Trump har tidlegare sagt at utan immunitet, vil alle framtidige presidentar vere sårbare for «utpressing» etter å ha forlate Det kvite huset, ifølge CNN.

Spesialetterforskar Jack Smith har stått ved sitt prinsipp om at ingen bør vere immune mot konsekvensar for handlingane sine, uansett kva for verv dei har.

Fleirtalet blant det amerikanske folket er einige, seier ei meiningsmåling frå Marquette Law School.

Då svarte 60 prosent at Trump ikkje burde vere immun for straffeforfølging, sjølv om handlingane det dreier seg om var «offisielle».

Venta, men vesentleg

Ein ankedomstol i DC vedtok einstemmig i februar å avvise kravet til Trump.

No som Høgsteretten har gjort om denne avgjerda, har valet mykje å seie for vegen vidare, både i denne og dei andre sakene Trump står i.

Det er uansett usannsynleg at partane rekk å gjennomføre ei rettssak før valet i november, ifølge Reuters.

Høgsteretten i USA

Eigentleg skulle dommarane ha konkludert innan slutten av juni. Dermed kjem utsegna ein dag på overtid.

Foto: Mark Schiefelbein / AP

Eigentleg skulle saka opp 4. mars i år. Den har ikkje enno fått ein ny dato.

Eitt av punkta i tiltalen har ei strafferamme på opptil 20 år i fengsel.

Han har allereie blitt den første tidlegare amerikanske presidenten som er funnen skuldig i ei amerikansk straffesak.

Publisert 01.07.2024, kl. 16.34 Oppdatert 01.07.2024, kl. 16.38

Read Entire Article