Gjev regjeringa skulda for lange helsekøar: – Må løne seg å behandle fleire pasientar

2 hours ago 5


– Ventetida har aldri vore lengre. Regjeringa har gjort fleire tiltak som har forverra situasjonen, meiner Erna Solberg.

Høgre sin statsministerkandidat har rett, dersom ein ser på Helsedirektoratet sin statistikken i perioden 2012-2024.

I august 2024 var ventetida i spesialhelsetenesta i snitt på 85,2 dagar.

Det er den lengste ventetida som er målt. Statistikken går tilbake til 2012.

No vil Solberg reversere den noverande regjeringa sin politikk på fleire område.

– Vi reverserer fordi dei reverserte vår politikk. Den fungerte. Av og til er det den gamle medisinen som fungerer best, seier Høgre-leiaren.

Solberg meiner helsekøane bør bli ei viktig sak i valkampen, og set dei i samanheng med samfunnsproblem som sjukefråværet.

Tilbake til gamal modell

Den tidlegare statsministeren er på vitjing på Haraldsplass Diakonale Sykehus i heimbyen Bergen.

Dette meiner ho er eit godt eksempel på delar av helsepolitikken som ikkje fungerer.

– Vi har aldri behandla fleire pasientar, men vert ikkje påskjønna for å vere effektive. Ventelistene vert lengre, men vi har ikkje finansiering til å kunne auke kapasiteten, seier Petter Thornam som er viseadministrerande direktør på sjukehuset.

Petter Thornam, viseadm. direktør på Haraldsplass Diakonale Sykehus, i samtale med Erna Solberg.

Petter Thornam fortel om arbeidet som vert gjort på Haraldsplass for å få meir effektiv drift.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Høgre vil no at finansieringa av norske sjukehus i større grad skal følge kor mange pasientar dei behandlar.

Dette vert kalla innsatsstyrt finansiering.

– Det må løne seg å behandle fleire pasientar, meiner Solberg.

– Slik det er no er det vanskeleg å til dømes halde klinikkane opne på kveldstid for å ta unna køen. Finansieringa føl ikkje med.

– Er ikkje dette eit system som vil favorisere sjukehus i dei store byane og gå ut over sjukehus i distrikta?

– Ikkje nødvendigvis. Men mindre sjukehus må nok bli flinkare til å spesialisere seg.

Under Solberg-regjeringa var 50 prosent av finansieringa knytt opp til kvar einskild pasient. Denne andelen vert no redusert til 30 prosent.

I tillegg til å endre denne finansieringa tilbake til slik den var, løfter Høgre fram at dei vil ha meir bruk av private og ideelle aktørar.

Partiet varslar og ei storsatsing på ny teknologi.

– Høgre har ingen plan

Trass i at Solberg meiner ho legg fram ein plan for å få ned helsekøane er beskjeden klar frå regjeringa.

– Høgre har ingen plan! Vi har ein plan, og den fungerer, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre frå Arbeidarpartiet.

Jan Christian Vestre

Jan Christian Vestre (Ap) meiner Høgre ikkje har ein plan for å få ned helsekøane.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

I mai sette Vestre i gang det såkalla ventetidsløftet. Dette meiner han allereie viser gode resultat.

Dessutan byrja helsekøane å stige under Solberg si regjeringstid, meiner han.

Han meiner planane om å endre finansieringa til i større grad å følge pasienten er eit sjansespel.

– Eg registrerer at Solberg her går mot tilrådinga frå fagfolk. Om ho vil gjere det, så er det med ein stor risiko. Vi vil heller styrke grunnfinansieringa av sjukehusa, seier helseministeren.

Det begge politikarar er samde om, er at det er avgjerande å lukkast i å få ned helsekøane. Difor kan dette bli ein viktig sak før valet neste haust.

Haraldsplass Diakonale Sykehus

Haraldsplass i Bergen er eit av sjukehusa som meiner dei vil tene på å endre finansieringsmodellen tilbake.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Publisert 23.09.2024, kl. 17.08

Read Entire Article