Frosta-saka: Totalt 114 saker lagt bort

2 months ago 14


Sist veke blei det klart at tidlegare kommuneoverlege i Frosta kommune, Arne Bye, er tiltalt for valdtekt av 88 kvinner. I tillegg har ytterlegare åtte kvinner status som fornærma i saka.

Til NRK bekreftar etterforskingsleiar, Eivind Gulseth, at politiet har lagt vekk 99 saker.

Sist veke bekrefta statsadvokat Eli Nessimo at Statsadvokaten la vekk 15 saker etter dei fekk dei frå politiet.

Det betyr at totalt 114 saker har blitt lagt bort.

85 saker forelda

Eivind Gulseth opplyser at det er ulike årsaker til at sakene blei lagt bort.

85 av sakene blei lagt vekk for foreldelse, medan 4 ble lagt bort på bevisets stilling.

– Åtte av sakene er lagt bort på bakgrunn av intet straffbart forhald og to er lagt bort utanfor straffesak, fortel Guldseth.

Vurderer å klage

Siste veke blei det klart at bistandsadvokatane til dei fornærma i saka vurderte å klage på at nokon av kvinnene fekk saka si lagt vekk.

Koordinerande bistandsadvokat for dei fornærma, Tove Røddesnes, sa da at dei vurderer å klage på at saker er blitt lagt bort.

– Vi vil gjere ei vurdering av om sakene som er lagt bort skal klagast til Riksadvokaten i samråd med våre klientar, skreiv Røddesnes i ei felles pressemelding med dei andre bistandsadvokatane.

– Det er tatt ut ein alvorleg og omfattande tiltale. Det er mange som er råka, og dei aller fleste bur i Frosta kommune.

Publisert 23.09.2024, kl. 09.49 Oppdatert 23.09.2024, kl. 09.58

Read Entire Article