Frosta-saka: Nye avhøyr med Arne Bye i dag

2 months ago 15


Kjelder opplyser til NRK at den valdtektstiltalte legen skal inn til nye avhøyr onsdag.

NRK observerte onsdag formiddag den tidlegare kommuneoverlegen sin forsvarar utanfor politistasjonen i Trondheim.

I bilen skal også Arne Bye ha vore.

Politiet har ikkje ønskt å seie kva avhøyra vil dreie seg om.

Nye avhøyr

Sist veke blei det kjent at det vil bli gjort nye politiavhøyr av den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta, Arne Bye.

– Når det gjeld spørsmålet om straffskyld, blir dette eit tema i komande politiavhøyr, har den tiltalte sin forsvarar, Erlend Hjulstad Nilsen, tidlegare sagt til NTB.

NRK har ved fleire anledningar forsøkt å få kommentarar frå Hjulstad Nilsen, men han har ikkje ønskt å kommentere saka.

Den tiltalte har heile vegen nekta straffskyld.

Politiet blei i juni ferdig med å etterforske saka. Sist veke tok Statsadvokaten ut tiltalen mot den tidlegare kommuneoverlegen.

Kjetil Kolsrud, redaktør i Rett24, fortalde til NRK at det ikkje er vanleg at det blir gjort avhøyr etter at tiltalen har blitt tatt ut.

– Det er ikkje så vanleg. Som regel vil etterforskinga vere avslutta når tiltalen blir tatt ut.

Omfattande tiltale

Den tidlegare kommuneoverlegen er sikta for å ha valdtatt 88 kvinner. Totalt har 95 kvinner status som fornærma i saka.

Valdtektene skal ha skjedd mellom 2004 og 2022.

Etterforskingsleiar Eivind Gulseth seier totalt 209 kvinner har hatt status som fornærma under etterforskinga.

Han har tidlegare bekrefta at politiet har lagt bort 99 saker før dei sende saka til Statsadvokaten.

I tillegg har statsadvokaten lagt bort 15 saker.

Det betyr at totalt 114 kvinner har fått saka si lagt bort.

Publisert 25.09.2024, kl. 10.46 Oppdatert 25.09.2024, kl. 10.52

Read Entire Article