Heile verdsmarknaden ser mot den amerikanske sentralbanken i kveld.
Federal Reserve, som skal halda pengeverdien til den største valutaen i verda stabil, valde å trappa ned renta frå intervallet på 5,25 til 5,5 prosent.
I forkant var ekspertar og investorar usikre på om sentralbanken ville kutta renta med 0,25 eller 0,5 prosent.
Fasiten blei 0,5 prosentpoeng. Styringsrenten i USA er dermed nede på intervallet 4,75 til 5 prosent.
Men spenninga er ennå ikkje over. Klokka 20.30 norsk tid vil sentralbanksjef Jerome Powell utdjupa kva som låg bak renteavgjerda.
Denne talen følger finansmarknaden med vaktsame auge. Små detaljar i utsegnene kan skapa store rørsler i marknaden.
Inflasjonen har stupt
Ifølge den amerikanske sentralbanken (FED) var tida inne for eit rentekutt fordi inflasjonen har blitt kraftig roa ned etter toppunktet på 9 prosent i juni i 2022.
Til samanlikning viste dei siste tala for august at prisane var 2,5 prosent høgare enn for eitt år sidan. Lågare har ikkje prisveksten vore sidan 2021.
Se hvor mye du må betale hvis renta øker.
Ditt lån
Nedbetalingstid nå
Månedlige utgifter 18 783 kr
Økte renteutgifter 378 kr
Det vil si en total utgift på 18 783 kroner i måneden, som betyr 378 kroner mer i ekstra renteutgifter enn det du betaler i dag. Renteutgifter er det du må betale ekstra når renta øker fra dagens rente på 5,49%
Sentralbanken i USA har eit mål om at prisane ikkje skal auka meir enn rundt 2 prosent i året, og nå meiner sentralbanken at målet er godt innan rekkevidde.
Men marknaden har den siste tida vore uroleg for at sentralbanken kan vera seint ute med å setta i gang med rentekutta. Håpet har heile tida vore at inflasjonen skulle pressast ned til 2 prosent utan å bremse økonomien inn i nedgangstider.
Renta verkar på økonomien langt fram i tid, og i starten av august rasa børsane fordi arbeidsløysetala i USA auka litt meir enn venta.
Då auka frykta for at renta hadde bremsa økonomien så mykje at dårlege tider var rundt hjørnet.
Venta uendra rente i Noreg
Økonomar antar at Noreg ikkje kan setja ned renta før Europa og USA kuttar renta. Årsaka er blant anna den svake kronekursen, som blir påverka av rentedifferansen mellom land.
I Noreg er det venta at styringsrenta blir halden uendra på 4,5 prosent torsdag. Då legg sentralbanken også fram planane for rentesettinga framover, og spenninga er mest knytt til om det blir eit rentekutt i desember eller i 2025.
Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån
Publisert 18.09.2024, kl. 20.00 Oppdatert 18.09.2024, kl. 20.03