Meldingar om fleire store luftangrep i Ukraina

2 hours ago 2


Flyalarmen går fleire plassar i Ukraina etter at Russland lanserte store luftangrep i natt.

The Kyiv Independent melder om eksplosjonar i fleire byar, mellom anna Kyiv, Kharkiv, Odesa, Lutsk og Rivne.

Styresmaktene i Kyiv fortel Reuters om fleire eksplosjonar i Kyiv rundt klokka 7 torsdag morgon. Der har fleire søkt dekning på metrostasjonar under bakken.

Målet skal vere straumnettet i landet.

Energi-infrastrukturen har fått «eit kraftig slag» frå russarane, skriv Ukrainas energiminister, German Galuschenko, på Facebook.

People take shelter inside a metro station during a Russian military attack, in Kyiv

Folk søker dekning på ein metrostasjon i Kyiv under luftangrepa.

Foto: Alina Smutko / Reuters

Den statlege nettoperatøren Ukrenergo har kunngjort at dei vil skru av straumen i fleire regionar i eit forsøk på å verne om straumnettet under angrepa.

Den siste veka har Russland hatt fleire store luftangrep som har resultert i straumrasjonering for ukrainarane.

Rammar energiverk før vinteren

Det går mot krigens tredje vinter, og ukrainarane førebur seg på iskalde temperaturar.

Etter dei siste angrepa å døme, går Russland for den same taktikken som i vår i år og vinteren 2022-2023: å ramme straumnetta på ein måte som Ukraina kallar for «energiterror».

Russland har trekt ennå eit kort opp av hatten den siste veka: eit nytt type ballistisk missil som har fått Nato til å be vestlege allierte om å oppdatere luftvernsystema til Ukraina.

Fleire ønsker forhandlingar

Ei Gallupundersøking som blei publisert førre veke viser at ukrainarane blir stadig mindre motiverte for å halde fram krigføringa. No vil over halvparten ha ein rask slutt på krigen, om det så inneber forhandlingar med Russland.

Medan USAs president Joe Biden set inn siste støyt for støtte til Ukraina, har Donald Trump vore uttalt kritisk til slik støtte frå USA. Han seier han heller vil få ein slutt på krigen når han kjem inn i Det kvite hus igjen i januar.

Om han faktisk vel å kutte støtta frå USA, vil ikkje Europa greie å gjere opp for det, skreiv Bloomberg på onsdag.

Torsdag morgon blei det klart at Trump har peika på Keith Kellog som ny Ukraina-utsending.

Omtrent på same tid gjekk den russiske viseutanriksministeren Sergej Riabkov ut og sa at fred i Ukraina berre vil vere mogleg om Vesten godtar Russland sine krav.

– USA og Vesten må innsjå at det ikkje finst alternativ til Putins tilbod, sa han, ifølge det statlege nyheitsbyrået Ria.

Publisert 28.11.2024, kl. 06.59 Oppdatert 28.11.2024, kl. 07.04

Read Entire Article