FN fryktar over 670 døde etter jordskred i Papua Ny-Guinea

5 months ago 35


Hjelpearbeidarane har gitt opp håpet om å finne overlevande, og dei attlevande har begynt å sørge.

Truleg har over 670 menneske mista livet etter at eit jordskred braut ut i høglandet i provinsen Enga i Papua Ny-Guinea natt til fredag.

Det anslår FNs organisasjon for migrasjon (IOM), som har rekna seg fram til at minst 150 hus ligg under jordmassane.

Landsbyen Kaokalam skal vere heilt utradert, og ytterlegare fem landsbyar er ramma. Guvernøren i Enga kallar det ei uventa naturkatastrofe.

View of the damage after a landslide in Maip Mulitaka

Hjelpearbeidet er i gang, men det er ikkje noko håp om å finne overlevande.

Foto: Emmanuel Eralia / Reuters

Området er no dekt av seks til åtte meter med stein og jord. Hjelpearbeidet har gått frå å leite etter overlevande, til å grave fram dei døde.

IOM-sjef Serhan Aktoprak fortel til nyheitsbyrået AP at jorda framleis beveger seg, som gjer gravearbeidet ekstra farleg.

Berre fem lik er blitt henta ut av ruinane i løpet av helga.

Lokale kampar i området

Ifølge Care Australia kan talet på døde stige ytterlegare på grunn av ein lokal konflikt i nærleiken. To klanar kjemper om eit landområde, og laurdag blei åtte menneske drepne i samanstøyt. 30 hus blei sett fyr på.

På grunn av kampane har eit ukjent tal sivile evakuert til den skredramma provinsen, og det er derfor usikkert nøyaktig kor mange som var i provinsen natt til fredag.

Til vanleg bur det om lag 4000 menneske i Enga.

IOM-sjef Serhan Aktoprak er uroa for at kriminelle i klanane vil utnytte kaoset som no har oppstått ved å angripe konvoiane med naudhjelp.

Publisert 26.05.2024, kl. 11.30 Oppdatert 26.05.2024, kl. 11.54

Read Entire Article