LO si frykt: Spesialoppfølginga Alice fekk da ho blei sjuk, kan bli borte

5 hours ago 1


Forhandlingane mellom regjeringa og partane i arbeidslivet om ein ny avtale for å få ned sjukefråværet står i stampe. Det er slett ikkje sikkert dei blir einige.

Sjukepleiar Alice Hult er éin av dei som har komme seg tilbake i jobb etter sjukmelding.

– Eg var sjukmeld tidlegare i år. Eg fekk ein belastningsskade i armen, ein tennisolboge. Eg blei rådd til å sjukmelde meg nokre veker, seier ho.

Men spesielt tett oppfølging frå arbeidsgivaren og tilrettelagde og andre oppgåver på jobben fekk mykje å seie.

– Eg kunne legge dosetter, sjekke multidosar, lage frukost, bestille medisinar og varer eller vere miljøvakt. Etter kvart prøvde eg meg også på lette stell. Det betydde at eg kunne komme tidlegare tilbake på jobb, seier ho.

– Hadde du vore tilbake i 100 prosent jobb like fort utan denne tilrettelegginga?

– Nei, det trur eg ikkje.

Sjukefråværet aukar kraftig her til lands, og måla i dagens avtale om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) om å få ned fråværet er ikkje nådd.

Frå 2019 til 2023 auka det legemelde sjukefråværet frå 4,8 til 5,6 prosent, viste Nav-analysen i «Arbeid og Velferd» i sommar.

Haraldsvang sykehjem

TILBAKE: Alice Hult kom seg tilbake i jobb.

Foto: Hedda Solbakken

Halverte fråværet

Med tett oppfølging er sjukefråværet på eitt år nesten halvert ved Haraldsvang sjukeheimar i Haugesund, frå 13,5 til 7,5 prosent.

Vi har jobba strukturert og systematisk. Vi har deltatt i dette bransjeprogrammet for sjukeheimar, seier einingsleiar Astrid Håland.

Bransjeprogrammet er ein spissa og prioritert innsats for å få folk tilbake i jobb. Det kom inn i avtalen om inkluderande arbeidsliv i 2018–2019.

Haraldsvang sykehjem

REDUSERT FRÅVÆR: Einingsleiar Astrid Håland seier sjukeheimen har jobba bevisst med å få ned fråværet.

Foto: Hedda Solbakken

Sjukeheimar er éin av sju bransjar som er med i programmet.

Programmet har vore ein god støttespelar. Dei har rettleidd oss. Og bransjeprogrammet er spesialsydd til sjukeheimsdrifta, seier Håland.

I programmet blir målretta tiltak prøvde ut for å få ned sjukefråværet og redusere fråfallet. Samtidig blir det jobba førebyggande.

I fjor konkluderte ei omfattande evaluering av programma slik: «Vår samla vurdering er derfor at bransjeprogram er eit eigna verkemiddel for å bidra til å oppnå måla og ambisjonane i IA-avtalen».

Ultimatum

Akkurat nå går det føre seg forhandlingar mellom partane i arbeidslivet og regjeringa om ein ny IA-avtale.

Men håpa om ein avtale svinn: I forhandlingane har LO og NHO stilt kvart sitt ultimatum om sjukelønn: LO vil frede ordninga, NHO vil kutte i ho.

Nå roper LO varsku: Viss det ikkje blir ein ny IA-avtale, kan bransjeprogramma falle bort. Og jobben med å få ned sjukefråværet blir svekt.

– Vi fryktar at dei fell bort, og det vil vere frykteleg synd. Vi har sett veldig god effekt av nettopp desse bransjeprogramma, seier første nestleiar i LO, Sissel Skoghaug til NRK.

– Men sjukefråværet har jo auka kraftig også i dei sektorane ein har desse bransjeprogramma?

– Dette er ein sektor der vi ser at utfordringar kan vere for låg bemanning og høg belastning. Det kan vere både mentalt og fysisk belastande.

– LO kan bidra til at det blir ein ny avtale ved å gå med på å greie ut sjukelønnsordninga?

– Det er ei total avsporing. IA-avtalen handlar om å førebygge sjukdom, korleis vi kan jobbe med godt arbeidsmiljø.

Haraldsvang sykehjem

UTFORDRINGAR: Hovudtillitsvalt for Fagforbundet på Haraldsvang sjukeheimar May Britt Storum.

Foto: Hedda Solbakken

Også hovudtillitsvalt for Fagforbundet på Haraldsvang sjukeheimar May Britt Storum fryktar fleire tilsette med helseutfordringar eller at seniorar kan falle ut av arbeidslivet viss det ikkje blir ein ny IA-avtale.

– Det blir ei kjempeutfordring for det framtidige helsevesenet vårt. I vår eigen kommune treng vi alle for å vareta gode tenester og god kvalitet, seier ho.

«Givande og krevjande»

LO si iver etter å få på plass ein avtale som varer i fire år, heng også saman med at det er stortingsval neste haust. Viss det blir regjeringsskifte, fryktar LO at sjukelønnsordninga skal bli sett i spel.

NHO vil altså ikkje skrive under på ein fireårig avtale utan ein klar føresetnad om at sjukelønnsordninga blir greidd ut med tanke på kutt. NHO ønsker ikkje å kommentere kva som kan skje viss det ikkje blir nokon ny avtale.

– Vi synest det er positivt at alle hovudorganisasjonane ser seg tent med å føre vidare forhandlingane, seier arbeidslivsdirektør i NHO, Nina Melsom.

Arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) ønsker ikkje å kommentere denne saka overfor NRK, men fekk spørsmål om IA-forhandlingane i Stortinget før helga.

Eg kan opplyse om at det er både givande og krevjande forhandlingar som går føre seg om ein ny avtale om inkluderande arbeidsliv.

Publisert 21.11.2024, kl. 17.31

Read Entire Article