Fem råd for godt arbeidsmiljø med heimekontor

3 months ago 42


DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Arbeid heimanfrå utanfor normal arbeidstid ser ut til å ha ein utelukkande negativ verknad på arbeidsmiljø og helse. Foto: Shutterstock/NTB

Heimekontor kan gi ein fleksibilitet som er nyttig for mange. Men denne fleksibiliteten kan også gå ut over arbeidsmiljø og helse. Her er fem råd for å finne balansen.

Forskere ved Statens arbeidsmiljøinstitutt STAMI har nyleg samanfatta all relevant forsking om heimekontor og arbeidsmiljø publisert etter 2020.

Denne oppsummeringa gir oss ikkje svar på om heimekontor er bra eller dårleg. Men ho viser oss at det er gode grunnar til at du bør vere varsam med kor mykje arbeid på heimekontor du legg opp til i organisasjonen.

Moderat: Bra. Berre heime: Negativt

Forsking tyder no på at ein moderat grad av arbeid heimanfrå kan verke positivt på helse og arbeidsmiljø. Mens det å jobbe ofte eller berre heimanfrå kan ha negative verknader.

Eit tydeleg funn er at arbeid heimanfrå utanfor normal arbeidstid ser ut til å ha ein utelukkande negativ verknad på arbeidsmiljø og helse.

Her kan du sjå meir om heimekontor, arbeidsmiljø og helse:

Fleksibilitetsparadokset

Vi ser i arbeidslivet at mange arbeidstakarar har forventingar om fleksible ordningar. Det å bestemme sjølv kvar dei vil arbeide, er ein del av dette. Det kan vere fordi dei i større grad vil påverke sin eigen arbeidssituasjon og korleis dei vil balansere arbeid og fritid.

Men meir fleksibilitet og meir arbeid på heimekontor kan også føre til nokre utilsikta konsekvensar. Forskarane kallar dette eit fleksibilitetsparadoks.

Paradokset handlar om at dei forventar at heimekontor vil gi fleksibilitet til å balansere arbeid, fritid og familieliv på ein betre måte. Men samtidig tyder fleire studiar på at det i realiteten kan gi større ubalanse.

– Vi har sett at arbeid heimanfrå kan gi ei oppleving av å kunne påverke sin eigen arbeidssituasjon. Men samtidig opplever mange ei større arbeidsmengd og større krav til å vere tilgjengeleg for arbeidsgivar, seier forskar Jan Olav Christensen.

Forskarane rår derfor norsk arbeidsliv til å vere klar over dette paradokset og ta det med i planlegginga og risikovurderingar for å jobbe vidare med å organisere bruken av heimekontor i organisasjonen.

Fem råd

På bakgrunn av funna i denne kunnskapsoppsummeringa kan forskarane gi fem råd om korleis du kan bruke heimekontor og samtidig ha eit godt arbeidsmiljø i organisasjonen.

1. Kontor tilpassa arbeidsoppgåvene

Det er lurt å arbeide i kontorløysingar som i høgst mogleg grad er tilpassa arbeidsoppgåvene du skal gjere.

Utforming av kontor skal dekke mange ulike behov. Dersom du vel kontorkonsept som er tilpassa arbeidet du skal gjere, er dette positivt for arbeidsmiljøet.

2. Heimekontor som passar til arbeidet

Bruk heimekontor når arbeidsoppgåvene passar til det.

Individuelt konsentrasjonsarbeid fungerer bra på heimekontor, mens samhandling i grupper fungerer best på arbeidsplassen, viser forsking.

Derfor er det lurt at det er arbeidet som avgjer valet om kvar du skal jobbe, heller enn faste dagar på arbeidsplassen og heimekontoret. Det er viktig at valet om å jobbe på kontoret eller heime er frivillig.

3. Fungerande arbeidsplass til alle

Pass på at alle alltid kan kome til ein fullt fungerande arbeidsplass.

Når det er plass til alle på arbeidsplassen, er det mogleg å velje kontoret eller heimekontoret basert på arbeidet du har planlagt den aktuelle arbeidsøkta.

Det er viktig at det er lagt til rette for både gruppearbeid og individuelt konsentrasjonsarbeid, slik at du ikkje er tvunge til å bruke heimekontor når du skal konsentrere deg.

4. Retningslinjer for arbeid på heimekontor

Skap klare forventingar og avgrensingar for korleis og kor mykje ein bruker heimekontor.

Slik kan du unngå at dosen av heimekontor blir for høg og passe på at arten arbeid er utgangspunkt for kvar du vel å arbeide.

5. Arbeidsmiljø gjeld også på heimekontor

Arbeidsmiljø handlar om arbeidet. Det som gir godt og dårleg arbeidsmiljø på arbeidsplassen, gjeld også for arbeidsmiljø på heimekontoret.

Heimekontor er ikkje i seg sjølv opphav til godt eller dårleg arbeidsmiljø. Men arbeid heimanfrå setter rammer for arbeidet som er annleis enn på arbeidsplassen.

Derfor er det viktig å vere klar over korleis faktorar som uklare roller og rollekonflikt, jobbkrav og jobbkontroll, leiarstøtte og balanse mellom jobb og privatliv, kan påverke arbeidsmiljøet på arbeidsplassen og heime.

Godt rusta

Klarer du å følgje desse fem råda, kan du stille godt rusta til ein situasjon der tilsette kan bruke heimekontor utan å påverke arbeidsmiljøet på ein negativ måte.

Alle verksemder er ulike, og desse råda vil passe ulikt på ulike arbeidsplassar. Likevel vil alle ha nytte av å organisere arbeidet og omgjevnadane slik at dei kan gjennomføre arbeidet på ein mest mogleg effektiv måte.

Det har positive verknader på arbeidsmiljøet, som igjen gir lågare sjukefråvær, betre motivasjon og betre produktivitet.

Referanse:

Therese Kristine Dalsbø mfl.: Oppdatering av forskningsstatus for arbeid hjemmefra, arbeidsmiljø og helse – en sonderende oversikt (PDF). Rapport fra STAMI, 2024. 

forskning.no vil gjerne høre fra deg!

Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article