Erna Solberg kom oftare til Stortinget enn Jonas Gahr Støre

4 months ago 106


«Kor er du, Erna?»

Det var spørsmålet til finansminister Trygve Slagsvold Vedum etter at Høgre-leiaren skygde banen og blei borte frå «hovudscena til demokratiet», det vil seie spørjetimen på Stortinget, tidlegare i mai.

I Dagbladet hevda Vedum at fråværet var del av ein bevisst Høgre-strategi om å «flyte inn til valet» utan å gi til kjenne politiske synspunkt som risikerer å skyve vekk veljarar.

Finansministeren gjekk ikkje inn på kor mange gonger hans eigen statsminister Jonas Gahr Støre har deltatt i spørjetimen.

Ei kartlegging viser at Erna Solberg i sin regjeringsperiode (2013–2021) var ein hyppigare gjest i Stortinget enn det dagens statsminister er. Sjå under.

I alt møtte Erna Solberg 52 gonger i Stortinget mens ho var statsminister.

Fordelt på åtte stortingssesjonar gir det eit snitt på 6,5 per år.

Jonas Gahr Støre kan så langt vise til 15 møte i spørjetimen. Fordelt på tre stortingssesjonar og seks stortingshalvår blir det eit årleg snitt på 5,0.

Så langt i år er talet 2.

– Dette viser at Vedum burde begynt med å etterlyse sin eigen sjef, seier Erna Solberg til NRK.

Ho skuldar Ap-leiaren for å ghoste eller skygge unna det ho karakteriserer som «den viktigaste arenaen opposisjonen har til å utfordre statsministeren».

Da eg var statsminister var eg opptatt av å ta Stortinget på alvor, og prioritere dette.

NRK har vore i kontakt med Statsministerens kontor. Statssekretær Kristoffer Thoner svarer på kritikken:

– Statsministeren legg stor vekt på å vere tilgjengeleg for og svara på spørsmål frå Stortinget. Det er ein viktig del av den offentlege debatten og jobben som statsminister, skriv Thoner i ein epost til NRK.

Stortingets spørretime

I alt møtte Erna Solberg 52 gonger i Stortinget mens ho var statsminister. Taksameteret til Støre viser 15.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Eksterne sjokk krev meir synlegheit frå statsministeren

Statsvitar Martin Søyland seier at talet på statsminister-besøk avheng av minst tre forhold:

  • Leiarstil: kontroll versus delegering
  • Kor høgt statsministeren prioriterer andre arenaer
  • Og til sist kva slags type spørsmål opposisjonen stiller

Veldig detaljerte spørsmål kan vere lettare å svare ut for relevant minister, forklarer han.

Han legg til:

Det kan også vere at eksterne sjokk krev meir synlegheit frå statsministeren, som korona-nedstenginga.

Hadia Tajik (Ap), Terje Aasland (olje- og energiminister), Geir Pollestad (landbruks- og matminister) snakker om statsbudsjettet i regnet i Stavanger.

Energiminister Terje Aasland (Ap) og Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) stilte i spørjetimen onsdag 29. mai. Det same gjorde Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp), men han er ikkje med på bilete.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Civita-rådgivar Eirik Løkke seier at norske statsleiarar historisk sett har prioritert å pleie kontakt med Stortinget, men at «statsministeren gjerne kan møte oftare enn det som har vore tilfelle dei siste åra».

Generelt sett har både Støre og Solberg gjort seg tilgjengeleg for Stortinget, veljarane og norsk presse. Og at det er ein veldig bra ting med det norske demokratiet, og ganske ulikt dei fleste andre land i verda, seier han.

Trygve Svensson

Kaja Bruskeland Elen Sonja Klouman

Trygve Svensson, leiar i Tankesmia Agenda

- Eg trur veljarane bryr seg svært lite om oppmøte frå statsministeren i spørjetimen, men svært mykje om forskjellane på kva som skjer viss Høgre og Frp styrer landet versus Ap og Sp. Vidare trur eg Høgre gjer ein stor tabbe med sin stille-i-båten-strategi. Det minner om det Arbeidarpartiet gjorde fram mot 2017 då dei hadde målingar opp mot 40 prosent. men enda opp med å tape valet.

Eirik Løkke Civita

NRK

Eirik Løkke, rådgivar i Civita

- Det er veldig lite som tyder på at Erna Solberg og Høgre ikkje gir til kjenne politikken sin offentleg. Det skjer heile tida. Finansministeren burde heller konsentrere seg om eigen politikk, eigne argument og kor han meiner Høgre har dårlege løysingar. Gjer han det, vil han heilt sikkert få svar.

Martin Søyland Postdoktor Institutt for Statsvitenskap UiO

Martin Søyland, Postdoktor, Institutt for Statsvitenskap, UiO

- Eg har ikkje oversikt over Solberg si deltaking i voteringar, interpellasjonar, ordinær spørjetime, komitémøte og alminnelege debattar. Det tviler eg nesten på at Vedum har òg. Men om vi antar at han har rett i at Solberg er «borte», kan ein jo spekulere i om ho held ein lågare profil for at veljarane skal gløyme saka om aksjehandelen.

Jostein Askim professor Institutt for statsvitskap UiO

UiO

Jostein Askim, professor, Institutt for statsvitskap, UiO

- Erna Solberg nyt stor personleg popularitet og tillit blant veljarane. I den grad ho overlèt til partikollegaer å stille til debattar i Stortinget og i media, er antakinga mi ikkje at det kjem av at ho gøymer seg i skam over habilitetsskandalen eller fryktar å ryke på nederlag i sak.

Erna Solberg Politisk Kvarter

Christian Breidlid

Erna Solberg, Høyre-leiar

- Dette var litt overraskande tal. Eg har tenkt at Jonas møter sjeldnare enn eg gjorde, men trudde ikkje forskjellen var så stor. Finansminister Vedum burde kanskje begynt med å etterlyse sin eigen sjef. Spørjetimen er ein institusjon i norsk politikk, og det er den viktigaste arenaen opposisjonen har til å utfordre statsministeren og statsrådane om aktuelle saker.

Trur ho prøver å bygge opp eit nytt lag av Høgre-profilar

Professor ved Institutt for statsvitskap på Universitetet i Oslo, Jostein Askim, seier det ligg i spørsmåla sin natur at dei sjeldan blir stilt direkte til Statsministeren.

Følgeleg er det fagstatsråden, som har ansvaret for saka det blir stilt spørsmål om, som tar turen til Stortinget.

Til Vedums påstand om at Solberg har strategisk interesse av å halde ein låg profil, seier han:

Eg trur heller at ho prøver å bygge opp eit nytt lag av Høgre-profilar.

Akkurat det er meir krevjande å gjere frå opposisjon enn frå regjeringsposisjon. Dei fleste statsrådar blir jo automatisk offentlege profilar.

Valg 2023 NRKVALG23

– Eg tenker at kva som er passande talet på opptredenar frå statsministeren er avhengig av fleire faktorar. Blant anna situasjonen i landet og verda, seier Civita-rådgivar Eirik Løkke.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Publisert 29.05.2024, kl. 21.43

Read Entire Article