«Her er eit prosjekt for deg med mykje pågangsmot og overdriven arbeidslyst, og som treng å få utløp for dette. Her kan du – for ein symbolsk sum – overta eit heilt eige hus på eigedomstomt, med veg og innlagt vatn og kloakk.»
Slik startar Finn-annonsen som Geir Olav Øye frå Skien har lagt ut. Han og broren Trond sel huset på Dalen i Telemark for berre 1 krone.
– Det er mykje å gjere for å få huset opp til god standard, og derfor kjem du til å sove godt om nettene framover. Av rein utmatting, ler Geir Olav.
Treng mykje kjærleik
Huset er ein einebustad på 70 kvadratmeter, er bygd på slutten av 50-talet og har to soverom. Det finst også ein kjellar. Tomta rundt huset er på rundt 600 kvadratmeter.
Huset har ikkje vore halde ved like på lang tid.
Det er onkelen til dei to som har budd i huset. Han døydde i september i år, og dei har tatt på seg ansvaret om å fordele arven.
– Det huset treng så mykje oppussing og kjærleik at vi ønsker med denne summen å vise at det er ein skikkeleg jobb som må gjerast.
Ikkje for folk flest
Øye seier dei ikkje har gjort ei tilstandsvurdering på huset, og at det må gjennomførast omfattande utbetringar og oppgraderingar for å få huset i tilfredsstillande stand.
– Det har vore ein vasslekkasje på badet, og det er målt fukt i golvet på badet og kjøkkenet, i gangen og litt ved døra inn til stua. På grunn av vasslekkasjen er det derfor synlege sopp og ròteskadar i delar av etasjeskiljet.
Likevel meiner han det er stort potensial i det vesle raude huset, men at jobben ikkje er for alle.
– Du bør ha enormt godt pågangsmot og definitivt ikkje ha ti tommeltottar. Huset kan bli veldig fint det, om nokon får gjort jobben.
Svært sjeldan
Kurt Thingstad er dagleg leiar i eigedomsmeklarfirmaet Nordvik. Han seier det ikkje er ofte det blir lagt ut hus til sals for slike summar.
– Det er ganske sjeldan.
– Kva tenker du når du ser bustadannonsen?
– Kva er haka her. Eg har lese annonsen og synest han er både artig og spenstig, ler han.
Han seier det er fleire ting folk må tenke på om dei kjøper huset.
– Dei må tenke på om dei har pengar til å pusse det opp. Sannsynlegvis kan det fort hende det lønner seg å rive heile huset. Det finst ingen tilstandsrapport, så det kan også dukke opp overraskingar undervegs. Det kan bli veldig dyrt.
Mykje respons
Øye fortel at det også er ein garasjen på eigedommen, men at han er i enda dårlegare forfatning enn huset.
– Vi har ikkje tatt sjansen på å gå inn i den. Vi ser at han er full av skrot, og vi trur at den einaste grunnen til at han ikkje har rasa heilt saman er at han blir halde oppe av alt skrotet som er stua inn der. Den som kjøper får alt i garasjen også – vederlagsfritt, gliser han
Bustadannonsen blei lagt ut på Finn i går, og responsen har ikkje svikta.
Over hundre personar har gitt lyd frå seg om at dei er interesserte i å kjøpe huset
– Det har vore mykje respons, men om interessa er reell står att å sjå. Det er mange som har sagt at dei tar huset for den krona, og vi har trua på at vi får selt, ler han.
Hei
Takk for at du leser. Har du tips eller innspill til denne saken eller andre ting vi bør skrive om? Send meg gjerne en e-post!
Publisert 22.11.2024, kl. 19.43