Eide: – Ukraina kan bruke våpen frå Vesten mot Russland i Russland

4 months ago 41


Tidlegare i mai snudde Natos generalsekretær Jens Stoltenberg i saka om korleis kan Ukraina kan bruke våpen dei har fått frå vestlege land.

No stiller Noreg seg bak det.

– Vi meiner også at Ukraina har ein krystallklar folkerettsleg høve til å angripe Russland inne i Russland som ein del av sitt forsvar for sitt territorium.

Det seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK.

Derfor meiner han at Ukraina no bruke våpen dei har fått frå vestlege land mot militære mål i Russland.

– Ukraina kan bruke våpen dei har fått frå vestlege land mot militære mål som er relevante for krigføringa i Ukraina. Elles påfører vi Ukraina ei avgrensing som gjer det vanskelegare å vinne, seier Eide.

– Det er heilt alminneleg i krig, og vi kan ikkje tvinge Ukraina til å kjempe med ei hand bak ryggen.

Eide seier at Ukraina må kunne få føre krig «på den måten som er mest effektiv for dei».

– Om dei bli angripen av russiske styar som står inne i Russland, fordi dei har langtrekkande eld, så må det gå an å angripe dei tilbake.

Publisert 30.05.2024, kl. 13.45 Oppdatert 30.05.2024, kl. 13.48

Read Entire Article