Kunstaktivisten Luis Manuel Otero Alcántara blir tildelt Raftoprisen for 2024.
Den internasjonale prisen blir årleg delt ut til personar eller organisasjonar som kjempar for menneskerettar og demokrati.
Fire tidlegare raftoprisvinnare har seinare vunne Nobels fredspris: Aung San Suu Kyi, José Ramos-Horta, Kim Dae Jung og Shirin Ebadi.
Den sjølvlærte afro-cubanske kunstaktivisten får prisen for arbeidet sitt med å bruke kunst til å vise motstand mot autoritære regime.
– Kunsten hans er kompromisslaust kritisk til avgrensingar i ytringsfridommen, står det i grunngjevinga frå Raftostiftelsen, som deler ut prisen.
Dårlege kår for ytringsfridom
Vidare grunngir Raftostiftelsen prisvalet med at dei ønsker å sette søkelys på betydninga av Alcántara og andre kunstnarar sitt arbeid med å utfordre maktstrukturar og forsvare demokrati og menneskerettar, både på Cuba og andre stader i verda.
Cuba har lenge vore eit av landa i verda der ytringsfridomen har dårlegast kår.
Otero Alcántara har blitt arrestert fleire gongar på grunn av kunsten, og soner for tida ein femårig dom i eit høgsikkerheitsfengsel mellom anna på grunn av eit performancestykke.
I tillegg blei han arrestert etter å ha lagt ut ein video på nettet om at han planla å delta i protestar.
Han blei han dømd for «forakt, offentleg uorden og fornærmingar mot nasjonale symbol», og soner under svært dårlege forhold.
Lagar skulpturar av gamle materiale
Otero Alcántara er koordinator for San Isidro-bevegelsen, som er ein konstellasjon av kunstnarar, musikarar, journalistar og akademikarar som jobbar for å fremje ytringsfridom.
Cubanaren lagar skulpturane sine av materiale frå samanraste bygningar og søppelkonteinarar.
Dei førestiller menneskeliknande skikkelsar, dyr og tegneseriefigurar, og kunsten er ein ironisk form for sosial og politisk kritikk.
Sjølve prisen blir delt ut søndag 10. november 2024 på Den Nationale Scene i Bergen.
Publisert 19.09.2024, kl. 10.00