Det er ny arbeidsdag for 89 år gamle Leiv P. Larsen ved Tide Buss sitt anlegg i øykommunen Bømlo.
Ein buss må flyttast cirka 30 kilometer.
Over tre bruer, til nabokommunen Stord på verkstad.
– Eg synest det er fantastisk. Eg har sånne fantastiske arbeidskollegaer som behandlar meg på lik linje som alle andre, seier Leiv P. Larsen, eller «Leifen» som dei fleste kallar han.
– Saknar folk
Han har køyrt buss i 60 år. Utan uhell.
Dei siste 15 årene utan passasjerar.
I Noreg er nemleg øvre aldersgrense for å køyra buss med passasjerar 75 år.
Allereie i 2009 måtte Larsen difor verta van med å køyra åleine på tur.
No køyrar han bussar til og frå verkstad, til vaskehallen, og elles anna køyring der det ikkje er med passasjerar.
– Eg saknar å ha folk med meg. Eg er utadvendt, det er difor eg er bussjåfør. Så eg tykkjer det er litt dumt, seier han.
NHO: Mange er lei seg når dei må slutta
Fram til 2009 var øvre aldersgrense for å køyra buss med passasjerar 70 år.
Dette året vart det heva til 75 år. Og slik kjem det til å vera framover.
NHO Transport spurde seinast i 2021 Samferdsledepartementet om å heva grensa oppover.
Årsaka var at mange bussjåførar både hadde helse og lyst til å køyra vidare etter fylte 75 år.
Berre i dag er det behov for 600 bussjåførar i Noreg.
Tal frå NHO Transport viser at kvar fjerde bussjåfør i Noreg har passert 60 år.
Mange er difor på god fart inn i pensjonstilværet, utan at nye kjem til.
– Mange er lei seg når dei må parkera bussen ved 75 år, spesielt dei som er van med å køyra turbussar. Eg har teke i mot mange telefonar frå eldre bussjåførar som treivst godt med serviceyrket, seier Jofri Lunde, næringspolitisk sjef i NHO Transport.
Tal frå Statens vegvesen visar også at eldre med «busslappen» er i sterk vekst.
Samferdsledepartementet: For stor risiko med eldre sjåførar
Men svaret frå departementet var negativt. Dei baserte det mellom anna på ei grundig utgreiing frå både Helsedirektoratet og Statens vegvesen.
Risikoen er for stor med eldre sjåførar, meinte dei.
Statssekretær Tom Kalås i Samferdsledepartementet visar til Nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik på veg 2022–2025.
Den syner at risikoen for å verta drepen eller hardt skadd er markant aukande for trafikantar frå og med fylte 75 år.
– Det er ulike årsaker til den auka risikoen, men aldring reduserer enkelte ferdigheiter, som konsentrasjon, observasjon og behandling av informasjon, som er nødvendige i trafikken, meiner han.
Her kan du lesa heile svaret frå departementet:
Kan køyra lenge i Sverige og Danmark
Men både i Sverige og Danmark er det andre reglar.
Her er det ingen øvre aldersgrense for å køyra buss, om ein fyller vilkåra.
Det stadfester søsterorganisasjonane til NHO Transport i nabolandene, Dansk Persontransport og Sveriges Bussföretag.
– Me har mange døme på sjåførar som er langt over 75 år. I Danmark er 60 prosent av bussjåførane over 55 år, og me er veldig glade for å tiltrekkja oss seniorar til bransjen, seier Michael Nielsen, administrerande direktør i Dansk Persontransport.
Verken Nielsen eller Anna Grönlund, bransjesjef i Sveriges Bussföretag, har tal på kor mange sjåførar over 75 år dei har.
– Er det fleire ulukker med eldre sjåførar?
– Svaret er nei, svarar Grönlund.
– Me har ingen i statistikk som visar at dei er involvert i fleire ulukker, seier Nielsen.
Ein kan søkja dispensasjon frå alderskravet hos politiet, men ingen har i praksis fått dette innvilga i verken 2022 eller 2023.
Fornya nyleg førarkortet
Stig Louis Myklevold, områdeleiar for Tide Buss, er svært glad for å ha 89-åringen Larsen som tilsett.
– «Leifen» er ein bidragsytar, både sosialt og på jobb. Når dei må avslutta busskøyring på 75 år, er det bra at dei kan vera med vidare, seier han.
– Kva synest du om aldersgrensa?
– Det er ei tid for alt, men det kunne gjerne vore ei meir individuell vurdering av dei eldre si helse, seier Myklevold.
På pauserommet visar 89-åringen fram det nyleg fornya førarkortet. Det har nesten alle bokstavane ein kan få.
– Doktoren sa til meg. Du er i så god fysisk stand, Leiv, at eg må gje deg alle attestane, seier han
NRK har spurt alle partia på Stortinget kva dei tenkjer om aldersgrensa for busskøyring. Her er det dei svarar:
William Jobling / NRK
Frank Sve (Frp), samferdslepolitisk talsmann
- Har ein lyst til å halda fram i jobb bør de ikkje vera noko øvre aldersgrense. For bussjåførar må ein grundig helsesjekk sjølvsagt vera på plass. Fysisk og psykisk helse er veldig individuelt og det finst mange spreke 75-åringar som framleis har mykje å bidra med.
Noreg har stor mangel på bussjåførar, og samfunnet bør nytta seg av dei eldsjelene som elskar jobben sin.
Stortinget
André N. Skjelstad, samferdslepolitisk talsmann Venstre
- Så lenge sjåføren er frisk, ikkje har store hjarteproblem eller problem med synet, så burde det gå greit at dei får køyra lenger. Men det må vera hyppigare helsesjekk etter fylte 75 år.
Cecilie Victoria Jensen
Liv Kari Eskeland, transport- og kommunikasjonskomiteen (H):
- Høgre er for ei arbeidslinje. Og sist gong aldersgrensa for bussjåførar vart heva var i 2009. No har det gått 15 år, og kanskje det er på tide at me ser på dette på nytt. Det er eit kjempebehov for bussjåførar, og eg tenkjer det er feil å eksludera folk på grunnlag av alder, og ikkje helse.
Dan Robert Larsen
Geir Jørgensen, transportpolitisk talsperson (R):
- Raudt har dei siste åra fått nokre meldingar frå eldre bussjåførar som er frustrerte. Det kan verka som praksisen rundt dispensasjonar frå aldersgrensa er i overkant streng. Sjølv om det skal vera unnatak, må moglegheita vera reeel. Tal me har fått frå regjeringa, om at ingen fekk ja verken i 2022 eller 2023, tydar på at den ikkje lenger er det.
Moment Studio / NRK
Jofri Lunde, Næringspolitisk sjef NHO Transport
- Seniorbussjåførar er ein svært verdifull ressurs. Dei vert i yrket og trivst bak rattet. På landsbasis er kvar fjerde bussjåfør passert 60 år, og mange held fram som vikarar og tilkallingsvikarar. Også etter at dei har fylt 70.
Det at så mange ynskjer å halda fram med køyring så lenge etter pensjonsalder tek eg som eit bilete på at dette er eit yrke ein kan trivast i.
Senterpartiet Ragne B. Lysaker / NRK
Geir Iversen (Sp), transportkomiteen på Stortinget
I det store bildet meiner vi at trafikksikkerheita må komme først, då eventuelle ulukker har svært stort skadepotensial.
Dei faglege vurderingane som ligg bak dagens regelverk, med ei øvre grense på 75 år, bør derfor ligge fast.
Samstundes bør ein vurdere å utvide heimelen for dispensjon «i særskilte høve», med føresetnad om grundig vurdering av kor skikka den enkelte er.
Bernt Sønvinsen (Ap), politisk rådgjevar
- Det er fantastisk at sjåføren på Bømlo framleis er yrkesaktiv, og at verksemda har lagt til rette. Dette burde vera ei inspirasjonskjelde for fleire.
Det har vore mykje debatt om helseattest for alle bilførarar på 80 år. Dette fordi me lever lenger og er friskare.
Nokon meiner dette er ein form for diskriminering av eldre. Men dette problemet forsvinn ikkje berre ein flyttar aldersgrensa til 85 år t.d. Det vil framleis vera folk med godt syn og god høyrsle som vil meina at helsekravet er urettferdig.
– Sjå alltid lyst på livet
Den første bokstaven i sertifikatet fekk Leiv Larsen i Oslo på 50-talet. Då hadde den første rundkøyringa i Noreg, Sinsen-krysset, vikeplikt frå høgre inne i rundkøyringa.
Det skapte kaos, skreiv Nordre Aker Budstikke.
Seinare har det vorte mange turar, både i Noreg og resten av Europa. Både med rutebuss og turbuss.
– Kva er oppskrifta på så høg alder?
– Dei må alltid sjå lyst på livet. Mange har også spurt meg korleis eg tør å køyra nedover i Europa. Då svarar eg at mange andre har gjort det før meg. Og det har gått veldig fint, svarar han.
– Har du nokre råd til unge som vil verta bussjåfør?
– Det er eit spennande yrke. Ingen dag er lik. Men det er ein livsstil, med delt arbeidstid og jobb i helgene, svarar han.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.
Publisert 25.06.2024, kl. 17.24