Politiadvokat og aktor Eli Valheim la i utgangspunktet ned påstand om ti månader vilkårslaus fengsel, men sidan saksbehandlinga har tatt lang tid, la ho ned påstand om at straffa blir 8 månader fengsel.
Aktor ber om at telefonen til kvinna blir inndratt, og kvinna dømmast til å betale erstatning.
– Det som er skjerpande i saka er at ho har fått kontakt med tre av dei i jobben som lærar, og har trossa det at ho ikkje skulle ha kontakt med elevar.
Det sa politiadvokat og aktor Eli Valheim i Hordaland tingrett.
Aktor viste også til avdelingsleiaren på skulen, som hadde formidla at kvinna ikkje skulle ha kontakt med elevar, men at ho skulle vere ein tydeleg vaksen.
– Tiltalte forklarte at elevar testa grenser, og det er tydeleg at kvinna har problem med å sette grenser når ho svarer på meldingar.
Den tiltalte kvinna nektar straffskuld.
Meiner kvinna bør fellast
Kvinna er tiltalt, for i ord eller handling, ha utvist seksuelt krenkande eller annan uanstendig åtferd overfor fire barn som var elevar ved skulen ho underviste ved.
Aktor meinte at tiltalte bør fellast for dette.
Kvinna skal, ifølge tiltalen, etter å ha sendt nakenbilete og video, ha forsøkt å bestikke og true ein av elevane med å seie at han skulle få toppkarakter dersom han ikkje spreidde materialet.
Ho skal også, ifølge tiltalen, ha trua den eine fornærma med å sende folk etter han dersom han viste videoane ho hadde sendt til nokon.
Dette meiner aktor også at kvinna bør fellast for.
– Eg meiner dei fire fornærma gir ein truverdig forklaring. Det går igjen at det var ein godt likt lærar som dei var uroa for, sa aktor.
Meinte seg hacka
I siste dagen i retten forklarte kvinna at ho følte seg trua. At personar har skrive i kommentarfelt at dei skal finne ho og skulda ho for å vere pedofil.
Ho sa det var belastande å stå i situasjonen, og at ho forstår det også er belastande for dei fornærma i saka.
Kvinna har forklart at ho meiner seksualiserte bilete og videoar ho selde på Snapchat kom på avvegar og blei spreidd til elevane hennar.
I siste dag i retten sa kvinna at ho hadde selt bilete til vaksne menn som ho visste kven var. Det skal ikkje ha vore på nettsider som Onlyfans eller liknande.
Ho meiner at ho blei hacka, noko politiet meiner er usannsynleg.
Aktor tok fram at andre ikkje hadde vore pålogga Snapchat eller at lokasjondataa hadde endra seg, slik som tiltalte hadde forklart.
Dataa som Snapchat hadde liggande, meiner aktor viser at kvinna ikkje har måtte logge på igjen gjentatte gonger i den gjeldande perioden.
– Hennar forklaring er ikkje truverdig og blir tilbakevist også, sa aktor.
– Har gjort feil
Aktor tok fram at både fornærma og tiltalte har stadfesta at gutar skal ha kome heim til tiltalte fordi ein gut skulle debutere seksuelt.
Kvinna skal ifølge fornærma ha sagt dei kunne få ta på ho på eit seinare tidspunkt.
Aktor meinte tiltalte har hatt problem med grensesetting.
– Ho har gjort feil ved å sleppe dei inn, sa aktor.
– Eg betvilar ikkje at den eine fornærma har vore ivrig etter å få kontakt med tiltalte. Og at det har vore meldingar som er uakseptable å sende til læraren sin.
Mobbekonflikt
Aktor tok fram det at kvinna hadde blitt lagt til ei gruppe som skifta namn, som ho oppfatta som ei mobbegruppe.
Den eine guten var involvert i ei mobbesak der guten skal ha vore mobbaren. I samband med denne saka skal han ha kalla læraren ein «snitch», og skal ha sagt at han skulle få ho sparka.
I tillegg la aktor fram at tiltalte var ein godt likt lærar blant ungdomsskuleelevane.
Publisert 18.06.2024, kl. 10.18 Oppdatert 18.06.2024, kl. 10.24