Islamabad er sperra av før demonstrasjon

2 hours ago 2


Tidlegare statsminister i Pakistan, Imran Khan, og partiet hans PTI har bede folk marsjere i hovudstaden i eit «siste opprop» for demokrati og rettferd.

Styresmaktene har svart med å stenge av vegar inn til hovudstaden Islamabad, stenge ned delar av internett og blokkere sosiale medium, og sette inn politi- og militærstyrkar i gatene.

– Vegane er stengde, alt er barrikadert. Store containerar blokkerer vegane, og politiet er overalt, seier Qamar Cheema, leiar for tankesmia Sanober Institute som held til i Islamabad.

Vegar rundt hovudstaden Islamabad blei blokkerte i forkant av protestar som krev lauslating av tidlegare statsminister Imran Khan.

REUTERS

Tidlegare denne veka skreiv regjeringa på X, som elles er blokkert i landet, at deler av internett ville bli stengd av. Bluesky er også blokkert.

NetBlocks, som sporer sensur og avgrensingar på internett, rapporterer om ein stor nedgang i aktiviteten på WhatsApp i Pakistan i forkant av demonstrasjonane.

Sist PTI-demonstrasjon i Islamabad blei valdeleg. Ein politibetjent blei drepen og fleire demonstrantar fengsla.

«Siste opprop»

Trass hindringane frå regjeringa og militæret, har folk strøymde til hovudstaden for å demonstrere.

Khan har vore fengsla sidan august i fjor, og har ei rekke tiltalar for mellom korrupsjon mot seg. Desse seier han sjølv og fleire ekspertar og aktivistar at er politisk motiverte.

PTI er forbode, og talane hans blir ikkje viste på TV.

Likevel har han stor støtte blant folket, og PTI fekk fleirtalet av stemmene i valet i februar i år. Mange peika på valfusk og militær innblanding då motstandaren hans likevel erklærte valsiger. Fleire PTI-medlemmar blei arresterte i forkant av valet.

Konvoi på veg til Islamabad.

X/@KALIWALYAM

Likevel trur Cheema at PTI vil slite med å mobilisere så mange som dei treng.

– Folket ser verkeleg på han som den einaste «reine» politikaren i landet. Men folk er også trøytte, og PTI har bede dei demonstrere lenge no. Det er dyrt å demonstrere, og styresmaktene kan slå hardt ned på dei, seier han.

Ein mann med svarte krøllar, grå dress og grått og kvitt stripete slips. Han sit med hendene folda, på høgre hand har han ei svart klokke og ein gullring. Ser inn i kamera.

Qamar Cheema er analytikar og leiar tankesmia Sanober Institute i Islamabad.

Foto: Privat / Privat

Sidan februar har statsminister Shehbaz Sharif og regjeringa hans innført ei rekke lovendringar som aukar makta deira over rettsvesenet og gir militæret større rom for å slå ned på sivile.

Dagens demonstrasjon blir kalla eit «siste opprop» mot regjeringa.

– Eg trur vi ser at PTI byrjar å miste håpet om at Khan skal bli lauslaten, seier Cheema.

Protestar over heile verda

Det er ikkje berre i dei pakistanske byane at PTI-tilhengarar demonstrerer i dag.

På sosiale medium er det varsla demonstrasjonar i byar over heile verda. Fleire møtte

Demonstrators gather in support of former Prime Minister of Pakistan Imran Khan in Palm Beach

Demonstrantar utanfor Donald Trump sitt hus i Florida.

Foto: Brian Snyder / Reuters

I Oslo møtes tilhengarar av Imran Khan på 7. juni-plassen for å vise si støtte. Der er Aimen Mir, aktivist og nestleiar i organisasjonen Insaf.

– Det er tydeleg at han har kapra veldig mange hjarte og sympati rundt om i verda. Det er ikkje alltid ein ser ein person heilt på topp gi frå seg eit luksusliv for å reise heim og kjempe for eit betre Pakistan. Men han gjorde det, seier ho.

– Makta ligg hjå folket

Mir ser på Pakistan som eit «ope fengsel».

– Demonstrasjonen i dag er for å markere støtte til folket og at vi ikkje er einige med regjeringa og militæret. Ikkje minst fordi vi har venner og familie der, seier ho.

Aimen Mir tror det går riktig vei med Pakistan, tross alt.

Aimen Mir, frå organisasjonen Insaf, er blant dei som vil sjå at Khan blir lauslaten og får makta tilbake i Pakistan.

Foto: PRIVAT

Dei siste dagane har ho hatt kontakt over WhatsApp med eit par som fekk til å bruke VPN, men no har ho mista kontakten.

Likevel kjennest det bra å vite at andre pakistanarar verda over demonstrerer for den same saka i dag.

– Det er som at makta ligg hjå folket i dag. Ingenting kjennest viktigare enn å vise den solidariteten, seier ho.

Publisert 24.11.2024, kl. 17.10

Read Entire Article