Bane Nor om togavsporinga: – Respektlaust å seie at rassikringa er tilstrekkeleg

1 month ago 11


Torsdag ettermiddag skjedde det ei togavsporing mellom Bjerka og Finneidfjord i Hemnes kommune. Lokomotivførar Rolf Henry Ankersen (60) omkom i ulykka.

Det er ikkje første gong at det har gått eit ras på strekninga mellom Mo og Bjerka:

  • 20. juni 1996 blei fire menneske, ein million kubikkmeter leirmasse, to bustadhus og 300 meter av E6 feid på sjøen i Finneidfjord. Ein person vart aldri funne.
  • 13. mai 2014 gjekk det ras over skjenegangen på Nordlandsbanen rett sør for Finneidfjord. Årsak til raset er framleis uklart.
  • 3. oktober 2016 blei to personar lettare skadde då toget spora av nord for Bjerka etter å ha køyrt inn i ein steinblokk, altså på strekninga mellom Bjerka og Finneidfjord.

Raset skjedde fordi jord- og steinmassar hadde losna frå skråninga overfor sporet og rasa ned.

Store steiner ligger ut på Nordlandsbanen ved Bjerka i 2016. Skjermdump fra Statens havarikommisjons rapport.

Store steinar ligg på Nordlandsbanen etter raset i 2016.

Foto: Skjermdump fra Statens havarikommisjons rapport / NSB Teknikk, Berging og Beredskap

Den gong skreiv Statens havarikommisjon at området var kontrollert og rassikra av Bane Nor og skulle gjennomføre neste kontroll i 2023.

Kommisjonen konkluderte med at ein utløysande faktor for raset kan ha vore mykje nedbør.

Vidare anbefalte kommisjonen Statens jernbanetilsyn å sjå til at Bane Nor «utvikler tilstrekkelige rutiner og metoder for å overvåke skråningsstabiliteten som følge av endringer i klima- og værsituasjonen».

Ras på Nordlandsbanen 13. mai 2014

Foto: NRK

Det har også vore fleire ulykker forårsaka av vêr på strekninga.

Ville ha eit varslingssystem

Under ekstremvêret Ylva i november 2017 blåste ein konteinar av eit godstog ved Finned-bru rett sør for Fauske på Nordlandsbanen. Konteinaren landa mellom jernbanelinja og E6, men ingen blei skadd.

Vinden var så kraftig at han løfta konteinaren av vogna utan at vogna kvalv eller spora av.

I rapporten til Statens havarikommisjon står det at vindstyrke på over 33 meter i sekundet og sviktande sikringsmekanismar var avgjerande faktorar til ulukka.

Havarikommisjonen anbefalte då Bane Nord om å gå gjennom vêrberedskapen og vurdere å etablere eit system som varslar jernbaneføretak om sterk vind.

Stor risiko for skred

Allereie i 2009 kom det ei kartlegging gjort av Noregs geotekniske institutt, som viste at fleire område i Hemnes kommune er svært utsett for ras.

Rådmannen ville då ha ein grundig gjennomgang for å hindre at fleire ulukker skulle skje.

I 2022 kom Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med ei faresoneutgreiing for skred i bratt terreng for Hemnes kommune.

Målet med kartlegginga å skape eit betre grunnlag for å vurdere skredfare når ein skal planlegge areal, beredskap mot skred og eventuelle behov for sikringstiltak.

Kartlegginga tok for seg snøskred, sørpeskred, steinsprang, steinskred, jordskred og flaumskred.

Ifølge denne har Hemnes kommune:

  • 9 bustader med større enn 1 prosent sjanse for å bli ramma av skred kvart år. Det er ein relativt høg risiko.
  • 23 bustader er vurdert til å ha 0,1 prosent sjanse for å bli ramma av skred kvart år. Det er ein lågare, men reell risiko.

I dei kartlagde områda i Hemnes er det stor variasjon i kva skredtype som utgjer faren og storleiken på området som blir vurdert til å vere utsett for skred, står det i rapporten frå NVE.

– Ville ha vore respektlaust

Då administrerande direktør i Bane Nor, Thor Gjermund Eriksen, uttalte seg tidlegare i dag, sa han at dette er eit av områda ein veit at er utsett for ras.

Ifølge Eriksen har det blitt gjort omfattande rassikring dei siste ti åra.

– Er det tilstrekkeleg?

– I dag når vi står her veit både du og eg at det gjekk ras der i går. Det å slå fast at det er tilstrekkeleg vil nesten vere respektlaust, seier Eriksen.

Thor Gjermund Eriksen, konsernsjef i Bane NOR.

– Dette er veldig trist og tragisk med det verste tenkelege utfallet, sa Eriksen då han besøkte ulykkesstaden.

Foto: Frank Nygård / NRK

Ei krevjande strekning

Administrerande direktør i SJ, Rikke Lind, seier at strekninga er krevjande for lokførarar fordi det kan oppstå risiko, og at det blei sagt at strekninga var sikker då dei køyrde inn i den.

Til NRK svarar Bane Nor at det passerte eit godstog om lag to timar før ulukka i går.

Også presseansvarleg i Bane Nor, Anne Kirkhusmo, understrekar at det har vore arbeidd med skredsikring i dette området fleire gongar.

– Det blei etablert ei terrenggrøft i samanheng med eit skred i 2015, og hausten 2016 blei det sett i gang tiltak med rensk av terreng og utbetring av grøft. Det var etter ei avsporing litt lengre sør, seier ho.

– I 2018 gjorde vi omfattande sikringsarbeid med nett og bolting på den same staden der avsporinga skjedde i går. I 2021 gjorde vi ei geologisk vurdering der mindre tiltak blei gjennomført.

Anne Kirkhusmo

– Bane Nor sitt system for vêrberedskap er i tillegg i kontinuerleg utvikling.

Foto: Baard Brinchmann

Kirkhusmo viser til at Noregs geologiske institutt i 2022 gjorde ei skredkartlegging av heile Nordlandsbanen.

– Der blei det ikkje vurdert behov for tiltak på denne staden fordi det allereie var gjort ei rekke tiltak her. I tillegg har vi periodiske kontrollar av stikkrenner og sideterreng.

Sideterrenget er sist kontrollert i år og det blei ikkje uttalt behov for oppfølging på nokon punkt, ifølge Kirkhusmo.

Havarikommisjonen kjem med vurdering

Lars Fredrik Andersen, havariinspektør i Statens havarikommisjon, seier at dei no først må skaffe seg ei oversikt over ulukkesstaden og dokumentere det dei ser.

– Så langt har vi fått ei grovt oversikt, og no ventar vi på å få tilgang til området lengre oppe. Det er meldt om rasfare i området, så vi ventar på ekspertar som kan fortelje oss om vi kan gå lenger inn og studere ulykka nærare.

Han viser til at dei i 2016 gav ut ein rapport om eit tog som køyrde inn i eit ras.

LiveU MO-I-RANA-DDIVN-60304

Lars Fredrik Andersen i Statens havarikommisjon: – Det er meldt om rasfare i området, så vi ventar på ekspertar.

– Den rapporten vil sjølvsagt vere ein del av undersøkinga. Men her i dag kan eg ikkje seie noko om det har samanheng med dei funna som blei gjort den gongen, med kva som skjedde i går, seier Andersen.

– Veit du om det er gjort noko i samanheng med det?

– Eg veit at eg har gjort noko, men eg kan ikkje kommentere eller vurdere noko rundt det.

– Kva skjer når de har samla inn det materialet og det arbeidet de gjer no?

Då gjennomfører Statens havarikommisjon ei sikkerheitsundersøking. Vi intervjuar personar, vi går gjennom dokument og vi har ein eigen undersøkingsmetodikk som blir brukt.

Etter det vil det kome ein rapport med fakta, og kommisjonen si vurdering av desse.

Denne vil telje som ei oppfordring til myndigheitene om å sjå nærare på problemstillinga. Dei må så vurdere om dei vil, eller om det er mogleg, å sette inn tiltak for å unngå at det same skjer på nytt.

Desse er oppfordringar, og ikkje pålegg, frå Havarikommisjonen.

Publisert 25.10.2024, kl. 14.56

Read Entire Article