VG: Fleire likskapar utan kreditering i masteroppgåva til helseminister Kjerkol

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) sin masteroppgåve har fleire passasjer med identisk tekst som andre akademiske oppgåver utan at Kjerkol har gitt dei kreditering, skriv VG. NRK har også undersøkt masteroppgåva til Kjerkol i programmet Copyleaks, og funne fleire likheiter med ein annan masteroppgåve som blei levert ved Nord universitet i 2019. Kjerkol leverte masteroppgåva si om velferdsteknologi i heimetenesta den 30. august 2021. Oppgåva skreiv ho saman med ein medstudent. Helseministeren seier til VG at ho avviser å ha kopiert andre sine tekstar. Medforfattaren har ikkje svart på VG sine førespurnader. Forskings- og utdanningsminister Sandra Borch gjekk i går av som statsråd etter å ha innrømma å ha plagiert andre studentar sine masteroppgåver i sin eigen.

Jan 20, 2024 - 19:30
 0