Supporter blir utestengd

Ein supporter som kom med homohets under kampen mellom Kristiansund og Bodø/Glimt søndag, blir utestengd i 35 kampar. Det melder Kristiansund Ballklubb i ei pressemelding. Personen må gå gjennom eit haldningsendringsprogram før han eventuelt kan kome tilbake til Nordmøre stadion. – I vår klubb er det nulltoleranse for diskriminering og hets på bakgrunn av hudfarge, nasjonalitet eller etnisitet, religion og seksuell legning, og andre hatefulle ytringar, skriv klubben i pressemeldinga. KBK skriv òg at dei vil halde fram med haldningsskapande arbeid, og gjennomgå eigne rutinar for korleis vaktmannskapet skal reagere ved slike hendingar. Dei beklagar også til Bodø/Glimt og takkar Patrick Berg for å ha reagert.

May 13, 2024 - 13:00
 0