Sakna åtteåring i Bergen har kome til rette: Politiet «trykka på den store knappen»

Fleire politipatruljar leita laurdag ettermiddag etter ei jente (8) som ikkje kom heim etter at ho litt før klokka 14.30 skulle handle på Fanatorget før ein piknik med faren. – Jenta har kome til rette, opplyser innsatsleiar Øystein Magnussen i Vest politidistrikt til NRK klokka 17.15. Det var ein forbipasserande mann som observerte jenta syklande i Steinsvikveien etter at leiteaksjonen vart offentleg kjend. – Han tok hand om jenta og varsla politiet. Ho er i fin form, seier Magnussen. Han seier jenta var uvitande om leiteaksjonen, og at ho rett og slett hadde starta å sykla medan faren gjorde seg klar til piknikturen. Det var klokka 16.19 at politiet melde om den sakna jenta. – Ho har vore borte nokre timar, så no må vi trykke på den store knappen, sa operasjonsleiar Morten Rebnord til BA like etter. Det blei leita i området Fanatorget, Sandsli og Skranevannet. I tillegg til hundeekvipasjar frå politiet, kalla politiet kalla ut hjelp frå Røde kors og Norsk folkehjelp og Norske redningshunder. Både dei frivillige organisasjonane og Bergen brannvesen hjelpte til med drone.

May 11, 2024 - 19:00
 0