Rekordhøg global temperatur i januar

Den globale snittemperaturen førre månad var den høgste som nokon gong er registrert i januar, ifølgje EU-forskarar. Januar var den åttande månaden på rad med ny varmerekord for den respektive månaden. Gjennomsnittstemperaturen låg 0,12 grader over førre januarrekord i 2020. I Europa var det store variasjonar. I Norden var det tydeleg kaldare enn normalen. Sør i Europa var det langt varmare enn normalt – noko det var mange andre stader rundt om i verda. Utrekningane tyder på at gjennomsnittstemperaturen i verda dei siste tolv månadane låg 1,52 grader over førindustrielt nivå. Held denne utviklinga fram, vil det såkalla 1,5-gradersmålet ryka. Hovudgrunnen til dei stigande temperaturane i verda er den menneskeskapte globale oppvarminga. Vêrfenomenet El Niño blir rekna å ha bidrege til kraftige temperaturhopp. (NTB)

Feb 8, 2024 - 06:00
 0