Politet om knivstikkinga i Luster: Virkar ikkje som eit tilfeldig offer

Mannen som blei knivstukken i Gaupne i Sogn fredag ettermiddag framstår ikkje som eit tilfeldig offer. Det opplyser politiadvokat Bernt Dahlsveen. Fem ungdommar i tidleg tenåra er sikta for kroppsskade og medverknad til kroppsskade. Ingen av ungdommane har straffehistorikk frå før. Dahlsveen vil ikkje seie noko om motivet bak hendinga. – Vi har berre gjort innleiande avhøyr. Planane i dag er å ta avhøyr av fornærma. Då kan vi ha større meining om kva som er bakteppet og motiv, seier Dahlsveen. Den fornærma mannen er framleis på sjukehus. – Det er snakk om alvorlege skader. Utover det vil eg ikkje gå inn på meir detaljar.

Jun 15, 2024 - 11:30
 0