Mann til sjukehus etter brann i einebustad i Bergen

kloka 12.17 vart det meldt om eksplosjonsarta brann i kjellaren på ein bustad i Loddefjord i Bergen. Vest politidistrikt opplyser at det kan ha tatt fyr i ei bensinkanne. Ein mann i 40-åra kom seg ut av bustaden og fekk helsehjelp på staden, før han blei frakta til Haukeland sjukehus. Han er vaken og medviten. Bebuaren meldte sjølv inn brannen. Det var først uklart om det er fleire heime, men brannvesen og politiet opplyser til NRK at huset er tomt og at ingen er sakna. Det var observert opne flammar og røyk frå kjellaren, og brannvesenet rykka ut med personell frå tre stasjonar. Brannen var avgrensa til innvendig i bygget, og det var uvisst om det var meir bensin på staden. Klokka 12.21 melder politiet at brannen er sløkt.

Jul 26, 2024 - 13:00
 0