Wolt-bod blei sagt opp på dagen – saksøker selskapet

3 weeks ago 8


Han har levert mat for Wolt i Trondheim i over tre år og fått gode tilbakemeldingar på jobben han har gjort.

Men i løpet av dei tre åra har ikkje Ndubueze S. Ugochukwu, eller Ugo, som han kallar seg, høyrt stort frå selskapet. Han rekna med at Wolt har vore fornøgd med jobben han har gjort.

– Men diverre skulle eg levere noko til ein kunde 29. september i år.

For den dagen fann ikkje Ugo inngangsdøra og bad kunden om hjelp å finne fram. Då blei kunden misfornøgd og Wolt valde å terminere kontrakten hans med det same.

– Ei frykt blant matboda

Ugo stod på feil side av bygget til kunden han skulle levere mat til. For det viste seg at inngangen var på baksida av bygget.

– Derfor ringde eg og spurde om hjelp. Eg spurde dei kunne kome ned sidan eg var utanfor, men ikkje fann inngangen, forklarar Ugo.

Men då fekk han beskjed at det var jobben hans å finne inngangen og at dei betalte for det.

Til slutt kom kunden ned og fekk maten vedkommande hadde bestilt frå Ugo.

Då sa ho «dette er ein dårleg jobb», legg han til.

Klager fra kunder av Wolt mot et bud.

I ettertid har Ugo fått ei liste frå Wolt med klager som skal ha blitt registrert på han. Tre av klagene er frå same dag som han var på sitt førebels siste oppdrag for selskapet.

Foto: skjermbilete

Og allereie då Ugo skulle vidare på neste oppdrag var kontoen hans deaktivert i appen som er grunnlaget for jobben har gjer.

– Dette har vore ei frykt blant arbeidarane – at kontrakten skal bli terminert automatisk.

Men sjølv seier selskapet at dei har høg terskel for å avslutte avtalar med boda sine.

– Utan å kommentere enkeltsaker kan eg på generelt grunnlag seie at avtalar blir avslutta etter gjentatte brot på avtalen.

Det skriv Christian Kamhaug, kommunikasjonssjef for Wolt Noreg, i ein e-post til NRK.

En telefon med Wolt-appen for leveringsbud viser på skjermen. Øverst står det et varsel om at noe har gått galt.

Ugo mista tilgangen til å ta nye leveringsoppdrag for Wolt umiddelbart.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Saksøker Wolt

Etter nokre dagar fekk Ugo ein e-post frå Wolt der selskapet opplyste om at kontrakten hans var terminert.

– Eg er skuffa, veldig skuffa.

Difor tok han kontakt med fagforeininga si for å få hjelp og forhåpentlegvis fast tilsetting i Wolt.

– Det som er særdeles spesielt er at dette kjem ut av det blå. Han er ein populær sjåfør og har stilt opp for Wolt på alle mogelege måtar.

Det seier Roy Einar Nilsen. Han er organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet frå Midtnorsk transportarbeidarforeining.

Roy Einar Nilsen, organisasjonsarbeider i Fellesforbundet fra Midtnorsk transportarbeiderforeining. Han ser rett i kamera og har en blå hettegenser under en sort jakke med røde detaljer.

Roy Einar Nilsen seier Fellesforbundet meiner boda til Wolt skulle ha vore fast tilsett.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Fellesforbundet har saksøkt Wolt på vegner av Ugo, etter at Wolt ikkje ville stille til forhandling om situasjonen.

– Dette er elendig behandling av menneske, spør du meg, seier Nilsen.

Frå før har Fellesforbundet gått til søksmål mot Wolt på vegner av fleire andre bod.

Wolt er ikkje einig i framstillinga av situasjonen, men vil ikkje kommentere enkeltsaker.

– Dessutan vil denne saka no gå gjennom ein rettsleg prosess, og Wolt vil avstå frå å kommentere pågåande saker, skriv kommunikasjonssjefen.

Samstundes sende Wolt ei liste over klager og feil gjort av Ugo – noko han sjølv meiner er løgn.

Liste med 47 klager

Wolt sende ei liste på over ei A4-sider med 47 klager og påstandar om Ugo, som ei slags grunngjeving for å avslutte kontrakten.

Tre av klagene er datert til same dag kontrakten blei terminert.

Lista er berre løgn, seier Ugo.

På lista står det at Ugo har levert mat for seint, øydelagd maten og at han har oppført seg dårleg mot kundane.

Klager fra kunder av Wolt mot et bud.

Klagene går mellom anna på forseinkingar, at han skal ha oppført seg respektlaust ovanfor kundar eller restaurantar, at han ikkje har svart og ikkje levert mat ved døra til kunden.

Foto: SKJERMBILETE

– Handlar dette om kulturforskjellar? Smiler eg for mykje? Er smilet mitt irriterande for deg?, spør ein forvirra Ugo.

For han hadde ikkje fått beskjed om klagene før han fekk lista i hendene. Tidlegare har han berre fått gode tilbakemeldingar frå selskapet.

Dei har sagt at eg gjer ein fantastisk jobb og at dei hadde mange gode tilbakemeldingar om meg, forklarar han.

Men Wolt er ikkje einig, og seier at dersom eit bod får ein klage på seg blir det sendt til vedkommande umiddelbart.

– Deretter får ein mogelegheit til å imøtegå desse før me eventuelt avsluttar avtalen, skriv Kamhaug.

Også fagforeininga meiner lista kjem heilt utav det blå.

– Han har opptredd som ein av dei mest lojale og mest lønsame på botnlinja til Wolt, seier Nilsen.

Sjølv ønsker Ugo å rette opp i dette og håpar han kan få fast jobb i Wolt.

Eg vil ha jobben tilbake. Dersom eg har gjort noko feil er eg klar til å rette på det, seier han håpefullt.

Wolt: 5 prosent av boda er misfornøgde

Wolt opplyser at heile forretningsmodellen deira er bygd på at dei som leverer og jobbar som bod er sjølvstendig næringsdrivande.

– Dette gjev både oss og bod-partnarane den fleksibiliteten som me alle set pris på. Det gjer at bod-partnarane kan jobbe når dei vil og så mykje eller lite som dei vil, skriv Kamhaug.

Fellesforbundet og Ugo meiner det ikkje bidrar til fleksibilitet, heller at ein går glipp av viktige rettar i arbeidslivet.

– Medlemmen vår skal ha fast tilsetting. Og så blir det også aktuelt å krevje kompensasjon. For når du ikkje er fast tilsett går du glipp av feriepengar, du går glipp av sjukepengar og du går glipp av pensjonspengar. Dette går føre seg i utstrekt grad i denne næringa, seier Nilsen.

Dette har Wolt også fått kritikk frå sykkelbod Espen Utne Landgraff tidlegare.

Wolt opplyser at dei har rundt 4000 sjølvstendige bod fordelt på over 50 stader i Noreg. Og dei har sjølv gjennomført ei undersøking blant boda sine.

– 8 av 10 er fornøgd eller svært fornøgd med jobben som bod-partnar, opplyser Kamhaug.

Samstundes viser undersøkinga til Wolt at 5 prosent av boda misfornøgde.

Publisert 01.11.2024, kl. 15.46

Read Entire Article