VM-sjefen glad for Johaug-comeback

3 months ago 23


I februar og mars neste år går Ski-VM av stabelen i Granåsen i Trondheim. Der blir Therese Johaug etter alt å dømme å sjå.

– Eg ønsker å gi draumen om VM på heimebane ein sjanse, seier Johaug sjølv i ei pressemelding frå Noregs skiforbund.

Det får Åge Skinstad, sjef for Ski-VM 2025, til å smile.

– Å få med henne på den store festen er veldig positivt.

Åge Skinstad

VM-sjef Åge Skinstad kan smile etter at det blei klart at ein stor profil satsar inn mot VM.

Foto: Ski-VM

Bra for interessa

Johaug gav seg etter sesongen 2021/22. I sin siste sesong tok ho mellom anna tre OL-gull i Beijing.

Sjølv om det er to år sidan ho la skia på hylla, seier ho at ho har fortsett med treninga.

– Eg er spent på å sjå kva som er mogleg å få til, og håper eg får ta del i folkefesten som VM i Trondheim kjem til å bli.

Skinstad trur det at 36-åringen no gjer comeback er svært positivt for interessa rundt det kommande verdsmeisterskapet.

Ho er ein person som alle i Noreg kjenner. Veldig mange har følgt henne i ein årrekke.

Dette er supert for alle som driv med langrenn, bra for kvinnelangrenn og for interessa generelt.

VM på ski 2021 i Oberstdorf

Sist Johaug deltok i eit VM var i Oberstdorf i 2021. Den gong tok ho fire gullmedaljar, mellom anna på tremila. I Trondheim er den lengste distansen fem mil.

Foto: Lise Åserud / NTB

Trur historisk femmil freistar

Skinstad seier han ikkje har pressa på for å få Johaug til å satse inn mot VM.

– Noko press har det ikkje vore, men det har vore eit veldig sterkt ønske. Det har vi ikkje lagt skjul på.

VM-sjefen trur ikkje det er vanskeleg å motivere seg for å gjere comeback.

– Det hjelper nok at det er på heimebane. Dei store opplevingane ein kan få ute i løypa, fullpakka med heimepublikum, er nok ganske motiverande.

– Johaug blir nok kanskje litt ekstra trigga av den historiske femmila også.

I Trondheim er det første gong i eit verdsmeisterskap at den lengste distansen er 50 kilometer også for kvinnene.

Håper Northug gjer det same

Skinstad håper så mange profilar som mogleg blir å sjå i Granåsen i februar og mars neste år.

– Ingenting hadde vore betre enn om vi får ein skikkeleg kamp om plassane på både kvinne- og herrelaget fram mot VM.

Han har ikkje gitt opp håpet om at Petter Northug gjer det same som Johaug og gjer comeback for VM.

– Petter har halde døra litt på gløtt i fleire intervju i det siste. I tillegg viste han på Beitostølen at han kan vere med å kjempe.

Tidlegare i år gjorde Petter Northug comeback i ski NM på Beitostølen. Der tok han sølv i lagsprint saman med sin bror.

NRK har onsdag kveld forsøkt å kontakte Northug. Han har ikkje svart på NRK sine førespurnadar.

Publisert 07.08.2024, kl. 18.05 Oppdatert 07.08.2024, kl. 18.16

Read Entire Article