Valdtekts­saka skakar Frankrike – håpar at dette er starten på ei endring

1 week ago 7


I den vesle landsbyen Mazan sør i Frankrike finn vi vingardar, kyrkjer og rundt 6000 fastbuande.

Og den største valdtektssaka i Frankrike på fleire tiår.

Heile landet er skaka over historia til 72 år gamle Gisèle, som har blitt utsett for massevaldtekt orkestrert av den tidlegare ektemannen sin, Dominique Pelicot, i nesten ti år.

Eit kyrkjetårn i grå stien mot ein lys blå himmel. I forgrunnen er grøne trær som rammar inn spiret.

Mazan er ein liten landsby i Provence sør i Frankrike. Innbyggarane fortel at saka som har blitt rulla opp her, har endra stemninga i bygda.

Foto: Manon Cruz / Reuters

I rettssaka, som går føre seg no og fram til desember, har Dominique innrømt å jamleg ha dopa ned kona si til ein «djup koma» ved å blande sterke roande medisinar i maten og vinen hennar, for så å filme medan menn han rekrutterte på nettet valdtok henne.

Dominique og 50 andre menn i alderen 26 til 74 er identifiserte og tiltalte. I tillegg er rundt 30 overgriparar uidentifiserte.

– «Alle» går og lurer på om mannen, broren, faren eller sonen sin kan vere ein av dei siste 30. Det er ein liten plass. Eg får fleire meldingar frå kvinner som spør om eg har sett namnet til ektemannen deira dukke opp, seier aktivist Blandine Deverlanges.

Tre kvinner står med armane i kors og ser mot kamera. Dei står framføre ein murvegg der dei har skrive "Dei sa ho var øydelagd, men ho er ein krigar. Gisèle".

Blandine Deverlanges (i midten) er med i organisasjonen Les Amazones d'Avignon (amasonene frå Avignon). Dei malar beskjedar til Gisèle rundt om i bybildet. Her framføre ein av dei, der det står «Dei sa ho var øydelagd, men ho er ein krigar. Gisèle».

Foto: Les Amazones d'Avignon

Ho har følgt saka sidan starten. No er ho i rettssalen nesten kvar dag for å få med seg det som skjer og vise støtte til Gisèle.

Ordføraren i Mazan, Louis Bonnet, verka ikkje like skaka då han blei intervjua av BBC tidlegare i september.

– Det er veldig alvorleg når barn er involvert, eller når kvinner blir drepne, for då er det ingen veg tilbake. Men i dette tilfellet kan familien framleis finne saman igjen. Det kjem til å bli vanskeleg, men alle lever framleis, så dei kan få det til, sa han.

Førre veke beklaga han kommentaren.

Ei kvinne med brune auge og raudbrunt, kort hår og pannelugg. Ho har eit blått silkesjal rundt halsen og korallfarga genser på seg. Ho ser til høgre for fotografen, hovudet er heva.

Gisèle i retten 16. september, medan ho ser på rettssaka mot den tidlegare ektemannen sin, Dominique Pelicot.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / AFP

Skjønar at kvinner ikkje politimelder

Gisèle har valt at rettssaka skal gå føre seg i full offentlegheit.

– Forsvararane vil ha ei lukka rettssak, difor vel eg det motsette, slik at skamma skiftar side, sa ho, skriv Le Monde.

No blir ho hylla av kvinner over heile landet.

Namnet hennar står skrive med store bokstavar på veggar og bygg, tusenvis av kvinner går i støttemarsjar, og fleire deler takksame innlegg på sosiale medium.

Ein mur langs fortauet på ei grå gate med trær i bakgrunnen. På muren er det malt eit bilete av Gisèle med teksten "For at skammen skiftar side" skrive på fransk. Vi ser også gateskilt og ein fortauskant.

På ein mur i Gentilly, sør for Paris, har nokon mala Gisèle sitt ansikt og orda «Slik at skamma skiftar side».

Foto: GEOFFROY VAN DER HASSELT / AFP

Sjølv har Gisèle sagt at ho har kjent seg latterleggjort sidan rettssaka starta, skriv France 24.

– Til tider kjennest det om det er eg som er skulda i saka. Eg skjønar godt at så mange kvinner kvir seg for å melde valdtekt til politiet, sa ho i rettssalen førre veke.

«Valdtekt er ikkje alltid valdtekt»

Den hovudtiltalte, Dominique Pelicot, og fleire av dei medtiltalte har innrømt straffskuld.

Samstundes seier fleire at dei ikkje kan bli straffa, fordi dei skal ha trudd at Gisèle hadde sagt ja til å bli dopa ned, at ho berre let som om ho sov, eller at det heldt å få samtykke frå mannen hennar.

Under rettssaka har det blitt vist intime bilete av Gisèle som Dominique innrømmer å ha tatt medan ho var neddopa, og delt på nettsida der han rekrutterte lokale menn til å valdta henne, skriv France 24.

– Kan du skjøne at menn som ser desse bileta tenker at du ønsker sex, enn om du er dopa? spurde den eine forsvararen henne.

– Har du ikkje «tendensar» som du skammar deg over? spurde ein annan, og hinta til at Gisèle skulle ha vore med på leiken og sagt ja til å bli dopa ned.

– Eg kjem ikkje til å svare på det spørsmålet eingong, sa ei rasande Gisèle.

Gisèle står i ankomsthallen i retten i Avignon. Ho har på seg kvit bukse, kvitt sjal og ei svart jakke med eit emblem på høgre erme. Bak henne står advokatteamet hennar og fleire journalistar. Ho snur seg mot ei gruppe kvinner som har møtt opp og applauderer henne idet ho går forbi dei. Ho legg hendene saman i ein takksam gest og smiler til dei.

Fleire kvinner møter opp i rettslokala i Avignon for å vise støtte til Gisèle. Her er Gisèle på veg inn i lokala 17. september, og takkar dei som har møtt opp.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / AFP

Guillaume de Palma, forsvararen til seks av dei tiltalte, sa ifølge Le Parisien si dekning av rettssalen at «valdtekt ikkje alltid er valdtekt»:

– Utan intensjonen om å valdta, er det ikkje valdtekt, sa han, og viste til at berre seksuelle handlingar som skjer gjennom tvang, trugslar, vald eller sjokk blir rekna som valdtekt i fransk lov.

Dottera til Gisèle og Dominique, Caroline Darian, skal ha storma ut av rettssalen medan ho sa at ho «skammar seg over rettssystemet», skriv BBC.

Gisèle avviste forsvarsforsøket:

– Om du ser ei kvinne ligge i djup søvn i senga si, tenker du ikkje på eit tidspunkt: «Er det ikkje noko i vegen med henne?». Valdtekt er valdtekt.

Kommentaren til De Palma har blåst nytt liv i debatten om samtykkelov i Frankrike. Avtroppande likestillingsminister Aurore Bergé skreiv på X at argumentet «beviser» at straffelova rundt valdtekt må bli oppdatert.

Unik og vanleg på same tid

– Eg trur og håpar denne ska opnar mange auge for korleis overgrepsoffer ofte blir mistrudd av systemet, seier Elsa Labouret.

Ei kvinne med mørkt, skulderlangt hår, iført svart genser, ei jakke med blomstermotiv i gult og blått, eit sølvsmykke og øyredobbar. Ho kryssar hendene over brystet og smiler inn i kamera. Bakgrunnen er i ufokus, vi skimtar eit bygg, ei kvinne og ein sykkel.

Elsa Labouret er talsperson i organisasjonen Osez le Féminisme.

Foto: Osez le Féminisme / Osez le Féminisme

Ho jobbar i Osez le Féminisme («Våg feminisme»), ein organisasjon som har mål om å overvinne seksuell vald og trakassering i Frankrike.

– Saka er absurd og absolutt den største på fleire tiår her i Frankrike. Likevel bør vi vere forsiktige med å tenke på dette berre som noko ekstraordinært, seier ho.

Fleire element, som at overgrepa først og fremst blei utført av dåverande ektefelle, og at dei andre overgriparane har ulike bakgrunnar, ulike aldrar og ulike yrke, gjer saka «unik og vanleg på same tid», meiner Labouret.

Ei låg kvinne med grått år, svart dressjakke og raude briller på hovudet. Rundt henne står eit titals journalistar og fotografar som peikar kamera og mikrofonar mot henne.

Béatrice Zavarro, advokaten til Dominique Pelicot, på veg inn i rettssalen. Saka har fått enorm pressemerksemd.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / AFP

I tillegg trekk ho fram det ho kallar «kjemiske overgrep»:

– Ved overgrep mellom partnarar er det ikkje uvanleg at overgriparen systematisk lurer i offeret medisinar som gjer dei sløve eller bedøvde, slik at dei ikkje merker overgrepa, forklarar ho.

Gisèle fekk etter kvart hukommelsestap på grunn av dei sterke medisinane som Dominique blande inn i maten hennar, og sleit med fleire problem i underlivet.

Ei kvinne i kvit bluse med broderi rundt halsen, brystet og skuldrene, eit gullsmykke rundt halsen og blondt, skulderlangt hår, går foran to menn med blå t-skjorter og solbriller. Dei har alvorlege uttrykk i ansikta.

Caroline Darian, dottera til Gisèle og Dominique, saman med brørne David og Favian i rettslokala i Avignon. Darian har starta ei foreining for å spreie kunnskap om kjemiske overgrep.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / AFP

Korkje ho sjølv eller legen hennar skjønte samanhengen, har advokatane hennar fortalt.

– Denne saka illustrerer at det er mangel på kunnskap om typiske overgrepsstrategiar, både i helse- og rettsvesenet, seier Labouret.

Markerer eit skifte

Labouret trur at saka mot Dominique Pelicot og hans 51 medtiltalte markerer eit skifte i korleis Frankrike tenker og snakkar om valdtekt og overgrepsoffer.

Også Deverlanges håpar på endring:

– Eg er så lei av å sjå politimeldingar bli lagt vekk, eller saker som fell på grunn av manglande bevis. Her har vi videoar av 92 valdtekter. Viss ikkje desse mennene hamnar i fengsel, kjem eg personleg til å leie ein revolusjon.

Vi har ein podkast for deg som liker djuptgåande utanriksstoff! Høyr siste episode av Urix:

Publisert 29.09.2024, kl. 14.16

Read Entire Article