Høiby blir sloppe ut av av varetekt - Politiet etterforsker nytt seksuallovbrot

3 hours ago 3


Det opplyser Oslo Politidistrikt i ei pressemelding.

Oslo Politidistrikt skriv at dei ikkje ser at det er fare for bevisforspillelse, og at dei derfor ikkje ber om ny vartektsfengsling av Marius Borg Høiby.

Politet seier dei har satt i gang med etterforskning at eit nytt forhold av seksuallovbrot. Denne kvinna har fått bistandsadvokat. Høiby er ikkje sikta for dette forholdet.

Høiby er også ilagt to nye besøksforbod mot to kvinner.

Varetektsfengsla i ei veke

Måndag førre veke blei Høiby pågripen i ein bil saman med den fornærma kvinna frå Frogner-hendinga. Samstundes ransaka politiet bustaden hans på Skaugum og tok fleire beslag der.

To dagar seinare blei Marius Borg Høiby varetektsfengsla i ei veke med brev- og besøksforbod. Høiby motsettes seg fengslinga.

Grunnen til dette var mogleg fare for bevisforspillelse. Høiby blei sikta for to valdtekter like før fenslinga. Desse nektar han straffskuld for. Politet meiner dei har videobevis av hendingane.

Høibys forsvarar Øyving Bratlien kalla desse siktinga for «katastrofale feilvurderingar».

Politiadvokat Andreas Kruszewski svara at dei ville bruke veka godt.

Høiby er no sikta for truslar, vald, vald i nære relasjonar, brot på besøksforbod, skadeverk, og valdtekt. Det er fem fornærma i saka.

Publisert 27.11.2024, kl. 09.48 Oppdatert 27.11.2024, kl. 09.55

Read Entire Article