Unio trugar med å trappe opp streiken onsdag - kan ramme flytrafikken

4 months ago 30


Vi antar at det vil kunne bli betydeleg utfordrande for heile drifta på flyplassen, seier Ørjan Hjortland, leiar for Unios streikekomite til NRK.

Ørjan Hjortland i Politiets Fellesforbund

Ørjan Hjortland leiar Unios streikekomite, og er nestleiar i Politiets Fellesforbund.

Foto: Politiets Fellesforbund

Måndag vart passkontor og vêrvarslinga ramma av Unios streik mot staten.

Allereie frå onsdag av varslar fagforbundet nok ei opptrapping av streiken. Då vil dei mellom anna ta ut over 50 meteorologar samla i Oslo og Bergen.

– Det vil kunne få betydelege konsekvensar for aktiviteten og leveransen innan vêrvarsel og stormvarsel til flytrafikk, til militær trafikk og for aktiviteten ut til sokkelen, seier Hjortland.

Avinor seier måndag kveld til NRK at det er for tidleg å seie kva konsekvensar opptrappinga vil få for drifta deira. Dei vil komme tilbake til det tysdag.

– Kan ramme all lufttrafikk

Streiken starta 24. mai, og blei trappa opp for tredje gong måndag 3. juni. Då blei åtte meteorologar i Bergen og Oslo tekne ut i streik, opplyser Hjortland.

Men frå onsdag vil enno ei opptrapping få langt større konsekvensar.

– Det kan i stor grad ramme all lufttrafikk, både kommersiell og nyttetrafikk innan luftfart, held han fram.

Tek Sokkeldirektoratet ut i streik

I tillegg vil onsdagens streikeuttak ramme Sokkeldirektoratet i Stavanger, politiet på Gardermoen lufthamn, i Oslo og på Bergen lufthamn.

Hjortland seier det for politiets del vil ramme vakt og beredskap, og ytterlegare gjere det vanskelegare med grensekontroll og dokumentkontroll på Flesland og Gardermoen.

På spørsmål om streikeuttaket vil lamme passkontrollen heilt, svarar han at det skal vere mogleg å sleppe gjennom.

– Kvifor gjer de dette?

No er vi i ein situasjon der Akademikerne er tatt ut i tvungen lønsnemnd. Vi har eit tydeleg behov for at statsråden lyttar til oss og tek oss på alvor, seier Hjortland

Han seier den enkle løysinga på konflikten er at regjeringa forlengjer tariffavtalen dei inngjekk for to år sidan.

– Statsråden kan forlenge avtalen vi og så avsluttar vi denne streiken. Det er statsråden som har tvunge oss inn i situasjonen vi er i no, seier leiaren for Unios streikekomite.

Publisert 03.06.2024, kl. 18.52

Read Entire Article