Ungdomspolitikar kalla Støre og Stoltenberg for terrorist i TikTok-video

5 months ago 45


Den nyvalde leiaren for ungdomspartiet til Raudt blei sloppe ut frå glattcella i Oslo etter at ho aksjonerte mot Noregs Bank fredag.

Med Palestina-skjerf rundt halsen spelar ho inn ein video der ho kritiserer både oljefondet og Noregs Bank sine investeringar i våpenselskap som har avtalar med Israel.

– Om ikkje dette er terror, så veit ikkje eg kva terror er, seier ho i videoen.

Og held fram:

– Terroristar bruker ikkje turban og heiter ikkje Ahmed eller Muhammed. Terroristar brukar dress og slips. Dei heiter Netanyahu, Biden, Støre og Stoltenberg og Tangen.

Å kalle Jens Stoltenberg og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) for terroristar reagerer AUF-leiaren på.

RU-leder Amrit Kaur kaller Støre og Stoltenberg for terrorister etter å ha demonstrert utenfor Norges Bank.

– Ho forstår ikkje kor vondt dette gjer meg, seier AUF-leiaren, seier Astrid Hoem til NRK.

NRK har vore i kontakt med Statsminsisterens kontor (SMK) og Oljefondet som ikkje vil kommentere saka no.

Langt over streken

Hoem seier ho blei overraska då ho såg videoen på TikTok. Ho er einig i mykje av Palestina-politikken til Raudt og bodskapen til Kaur.

Men å kalle Støre og Stoltenberg for terroristar var å trekke kritikken for langt, seier Auf-leiaren.

– Det som er veldig spesielt er at dette er ein retorikk eg ikkje har høyrt frå venstresida sidan 2011. SV og Raudt forstod kor hardt terrorangrepet har stokke oss.

Arbeiderpartiets landsstyremøte 080424

Foto: William Jobling / NRK

Hoem sjølv overlevde terroråtaket på Utøya og regjeringskvartalet i 2011.

– Eg vil berre seie heilt ærleg at eg har overlevd terror. Eg veit kva det betyr. Eg hadde forventa meir av RU-leiaren enn det vi ser her.

Ho seier at einaste gongen ho har høyrt slike uttalingar frå politikarar var då Sylvi Listhaug la ut ein facebook-post der ho skreiv at «Arbeidarpartiet er meir opptatt av rikets tryggleik enn terroristars tryggleik» tilbake i 2018.

– Så dette er langt over streken, sjølv om eg kan vere einig i at det hastar å få på plass ein stat, anerkjenning og boikott, seier Hoem.

– Dette er så langt inn i ein konspirasjonsteori, at eg forventar ein unnskyldning frå henne.

Amrit Kaur

Foto: Ola Hana

– Eg forventar ei unnskyldning frå Arbeidarpartiet

Amrit Kaur vil ikkje gi Hoem ei unnskyldning for å kalle Støre og Stoltenberg for terroristar.

– Eg er einig i at det var drygt å kalle Støre for terrorist.

Kaur seier derimot at ho ikkje kjem til å slette videoen. Ho meiner at Arbeidarpartiet har gjort for lite for situasjonen på Gazastripa.

vijvt5VlNww

Foto: NTB

– Sjølv om terrorangrepet mot AUF var heilt forkasteleg, så meiner eg at når man er eit av Noregs største parti og sit i regjering, så burde ein faktisk kunne tole kritikk utan å måtte drage opp alt dei har opplevd.

Sjølv om ho trekk seg litt tilbake på kritikken av Støre, held ho fast i at Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og oljefondssjefen Nikolai Tangen er terroristar.

– Når ein er generalsekretær for ein organisasjon som driv med så ekstreme handlingar mot menneskeheita. Så må ein nesten tole litt kritikk, seier RU-leiaren og understrekar at ho meiner at Nato er ein terrororganisasjon.

Kjem du til å beklage til Hoem?

– Eg forventar ei unnskyldning frå Arbeidarpartiet for ikkje å ha gjort nok.

NRK har vore i kontakt med Raudt om denne saka, men partiet vil ikkje uttale seg.

Publisert 03.05.2024, kl. 22.00 Oppdatert 03.05.2024, kl. 22.01

Read Entire Article