Prisveksten steig til 3 prosent i september

2 hours ago 5


Prisane var 3 prosent høgare enn for eitt år sidan i september. Det viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det er eitt knepp lågare enn Noregs Bank venta i sine siste anslag, men ein klar oppgang frå august. Då var prisveksten målt til 2,6 prosent høgare enn i august i fjor.

Når Noregs Bank sett renta, ser dei først og fremst på korleis prisane utviklar seg, sett vekk frå endringar i energiprisar og avgifter, altså kjerneinflasjonen.

Kjerneinflasjonen landa på 3,1 prosent i september, som er ein liten nedgang på 0,1 prosentpoeng frå årsveksten i august.

Prisveksten er framleis sterkare enn målet til Noregs Bank, som ønskjer å sjå kjerneinflasjonen på rundt 2 prosent over tid.

Publisert 10.10.2024, kl. 08.03 Oppdatert 10.10.2024, kl. 08.04

Read Entire Article