Prishopp på straum drog prisveksten opp i september

2 hours ago 5


– I månandane fram til august i år var straumprisane lågare enn på same tid i fjor. I september var dei derimot nesten 8 prosent høgare enn for eitt år sidan, seier Espen Kristiansen, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

Prisane steig eit lite knepp lågare enn det Noregs Bank venta i sine siste anslag, men det er ein klar oppgang frå august. Då var prisveksten målt til 2,6 prosent høgare enn i august i fjor.

Når Noregs Bank sett renta, ser dei først og fremst på korleis prisane utviklar seg, sett vekk frå endringar i energiprisar og avgifter, altså kjerneinflasjonen.

Kjerneinflasjonen landa på 3,1 prosent i september, som er ein liten nedgang på 0,1 prosentpoeng frå årsveksten i august.

Prisveksten er framleis sterkare enn målet til Noregs Bank, som ønskjer å sjå kjerneinflasjonen på rundt 2 prosent over tid.

Publisert 10.10.2024, kl. 08.03 Oppdatert 10.10.2024, kl. 08.09

Read Entire Article