TV-aksjonen 50 år: Korleis verdas største dugnad har gjort ein skilnad

2 hours ago 3


TV-aksjonen har blitt definert som verdas største dugnad per innbyggar.

Sidan 1974 har det norske folk gitt små og store bidrag.

50 år med dugnad har resultert i 7,4 milliardar kroner til ei mengde gode formål.

I dagens kroneverdi utgjer det over 13 milliardar kroner.

TV-aksjonen set søkelys på store utfordringar, samtidig som den trekker fram håp og løysingar. Det meiner Lisa Sivertsen, avdelingsdirektør i Norad.

– Det gir oss moglegheita til å samlast om ein landsdekkande dugnad.

  •  Bildet er i svart/hvitt og viser dronning Sonja bak en mikrofon, der hun holder frem en bøsse i sin høyre hånd.

    Dronning Sonja opna den aller første TV-aksjonen på Utsira i 1974.

  • første tv aksjon på Utsira

    Aksjonsmanet var «Flyktning-74» og pengane gjekk til Flyktningerådet.

  • TV-aksjonen 1974

    Både bøssene og måten vi gir på har endra seg sidan 1974.

Sjølv om formålet med TV-aksjonen er det same, er det mykje som har forandra seg på 50 år.

– Tidlegare har TV-aksjonen fått kritikk for å framstille komplekse saker på ein litt for enkel måte. Det synest eg har blitt veldig mykje betre dei siste fem–ti åra, seier Sivertsen.

Kvart år har aksjonen skapt ei lita eller stor endring i folk sin kvardag.

NRK har gått gjennom og henta inn resultat frå dei ulike organisasjonane.

Her kan du sjå fem gongar TV-aksjonen verkeleg har utgjort ein skilnad!

1. 1.896.103 menneske har fått reint vatn

I 2014 gjekk TV-aksjonen til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med å gi varig tilgang på reint vatn.

Reint vatn gir ikkje berre betre trygt drikkevatn, betre hygiene og helse.

Det gir også ei moglegheit til å dyrke mat og skaffe seg eit levebrød.

For nesten to millionar menneske var reint vatn starten på eit betre liv.

Ein av dei var tolv år gamle Agnes Paulo frå Munguli i Tanzania.

Agnes Paulo hentar vatn i Munguli, Tanzania

I 2013 brukte Agnes fem timar dagen på å hente reint vatn til familien.

Agnes Paulo hentar vatn frå ein damm, medan kveg står i bakgrunnen

Vatnet var skittent og gjorde ofte innbyggarane sjuke.

Ein stråle med vatn fyker opp frå bakken. Agnes smiler i bakgrunnen.

Med støtte frå Kirkens Nødhjelp fekk Munguli ein eigen brønn som hentar opp reint vatn.

Tanzania, brønnboring, drilling. Agnes står i forgrunnen, medan dei borrar etter vatn i bakgrunnen

– Eg er veldig glad. Det reine vatnet vil gjere oss mindre sjuke, og det blir kortare å gå. No får eg meir tid til å gjere lekser, ta meg av syskena mine og leike med vennar.

Agnes Paulo

Kirkens nødhjelp

Pengane blei nytta i Sudan, Sør-Sudan, Etiopia, Somalia, Tanzania, Afghanistan, Pakistan og på Haiti.

2. 66 nye møtestadar gjer folk mindre einsame

I 2018 gjekk TV-aksjonen til Kirkens Bymisjon sitt arbeid med å skape eit meir inkluderande samfunn.

Nye møtestadar blei oppretta for menneske som trong ein stad å gå til.

Utlånssentralar, kafear, arbeidstiltak og akuttilbod var nokre av tiltaka.

Kai frå Hønefoss var ein av dei som fekk ein ny og meir meiningsfull kvardag.

I mange år handla kvar dag om neste dose.

Å halde seg rusfri blei vanskeleg utan ein stad å gå til.

Kirkens Bymisjon kafe i Hønefoss, sett frå utsida

Då Kirkens Bymisjon opna kafe i sentrum, fekk Kai ei moglegheit.

https://potion.felles.ds.nrk.no/program/2dc56b9a-4234-4eff-856b-9a4234deff5d

– Ingen er berre det ein ser. Alle fortener ein ny sjanse.

Jon Gulbrandsen, kafeansvarleg

Kai vaskar bord på kafeen i Hønefoss

Sidan har Kai jobba på kafeen. Han kokar kaffi, vaskar bord og mykje meir.

Jon og Kai drikk kaffi saman. Vi ser kaffikoppane og hendene deira.

Kvar dag før opning, tek Jon og Kai seg ein kaffikopp saman.

https://potion.felles.ds.nrk.no/program/2dc56b9a-4234-4eff-856b-9a4234deff5d

– No har eg liksom fått eit liv. Eg har noko å gå til og kan halde meg stoffri.

Kai

3. Enorme regnskogområde er verna

I 2015 gjekk TV-aksjonen til Regnskogfondet sitt arbeid med å verne regnskogen.

Totalt blei 675.000 kvadratkilometer verna i Brasil, Peru, Papua Ny-Guinea, Indonesia og DR Kongo.

Det blei mogleg ved å informere om og kjempe fram lover og urfolkrettar i dei ulike landa.

For bebuarane i områda er regnskogen heimen, maten og inntekta deira.

I Penzele, nordvest i DR Kongo, kunne dei juble etter ein mangeårig kamp.

Bilete av regnskogområdet Penzele i DR Kongo.

I 2012 var industrielle aktørar stadig på synfaring i skogen i Penzele.

Jacques, pastor og bonde frå Penzele i DR Kongo

– Når dei rike får tilgang til skogen, blir det umogleg å beskytte den. Dei kan gjere som dei vil, fordi vi berre er vanlege bebuarar.

Jaques, pastor og bonde

Residents of the village of Penzele attend a meeting to talk about securing their forest.

Prosessen med å skaffe rettane til sin eigen skog starta med landsbymøte og rettleiing frå Regnskogfondet.

A group of women from Penzele attend a meeting to talk about securing their forest.

Det var ein lang kamp med byråkrati og juss.

Residents of Penzele gather in front of a village church after a meeting with RFN's local partners.

Men 26. mai 2019 fekk innbyggarane i Penzele retten til å forvalte sin eigen skog.

4. 4,8 millionar m² er rydda for miner

I 2011 gjekk TV-aksjonen til Norsk Folkehjelp sitt arbeid med minerydding.

Enorme område blei klarert for miner og klasebomber i sju av verdas mest mineutsette land.

Det betyr at bebuarane i områda kan ferdast fritt og nytte jorda igjen.

I landsbyen Turic i Bosnia-Hercegovina kan dei endeleg hauste markene.

Åker i Turic, Bosnia-Hercegovina

Etter Bosniakrigen var denne åkeren eit livsfarleg mineområde.

Sperreband er knytt rundt ein leiketankbil

Etter TV-aksjonen starta Norsk Folkehjelp det store oppryddingsarbeidet. Sperrebanda forsvant.

Muamer og Risad står på plattingen føre maisåkeren på garden i Turic, Bosnia-Hercegovina

18 år etter krigen kunne bøndene i Turic endeleg hauste mais frå åkeren igjen.

Hasan og Atija frå Turic i Bosnia-Hercegovina held rundt kvarandre

– No kan vi endeleg sjå framover. Vi treng ikkje lenger vere redde for barna og vi kan sleppe tak i minnna frå krigen.

Atija Gluhic, bonde i Turic

Det blei rydda enorme område i Sør-Sudan, Laos, Tadsjikistan, Vietnam, Libanon og Guinea Bissau.

5. 800.000 barn har fått tilgang på skule

I 2017 gjekk TV-aksjonen til Unicef sitt arbeid med å gi barn i kriseramma land utdanning.

I Pakistan, Syria, Sør-Sudan, Mali og Colombia har tusenvis av barn fått ein veg ut av fattigdomen.

Ein av dei var 16 år gamle Malook, frå landsbyen Basti Jhabail i Pakistan.

Jenter på veg til skulen over ein åker i Punjab, Pakistan

Eit konservativt syn på kvinner og stor avstand til skulane, gjorde at det var uvanleg for jenter å ta utdanning.

Lærar Razia Latif står føre sittande elevar og underviser.

Etter TV-aksjonen kunne Unicef opne 240 utdanningsprogram i regionen Punjab i Pakistan.

Lærar Razia og elev Malook sit saman i bakgarden med skulearbeid

Lærar Razia Latif reiste på heimebesøk til fleire familiar.

Malook Akram sit saman med foreldra Akram og Salma i bakgarden deira. Ho gjer lekser.

Foreldra til 16 år gamle Malook tenkte at skule ikkje var for kvinner.

Men då lærar Razia forklarte nytta i utdanninga, ombestemte dei seg.

Malook Akram står i ei n blomstereng med skulesekk på skuldra og ser i kamera

No drøymer Malook om å bli lærar sjølv.

– Utdanning har gitt med sjølvtilliten til å følgje draumen!

Malook Akram

Gjennom 50 år har det norske folk bidratt til mange fleire organisasjonar og gode formål, som har sett sine spor.

Eit stort ansvar

Kvar gong ein organisasjon får TV-aksjonen, er det mange organisasjonar og gode formål som ikkje får det same søkelyset.

Avdelingsdirektør i Norad, Lisa Sivertsen, har sjølv arbeidd i tre organisasjonar som har hatt TV-aksjonen gjennom tidene.

Lisa Sivertsen, Norad

Foto: Nina Bull Jørgensen / Nina Bull Jørgensen

Ho meiner det er ein krevjande utveljingsprosess, men kjenner seg trygg på at dei utvalde organisasjonane er godt egna til å ta ansvaret som følgjer med.

– Det er sterke organisasjonar, med god gjennomføringsevne. Og vi veit at pengane blir godt brukt.

Pengane må alltid nyttast innan fem år, og organisasjonane er plikta til å levere inn rapport på kva midlane har gått til.

– Vi har sett at fleire organisasjonar har levert langt over det som var målet.

Nytt år, nytt formål

I år går pengane til Barnekreftforeininga sitt arbeid med å etablere familiehus til alvorleg sjuke barn.

Publisert 19.10.2024, kl. 14.30

Read Entire Article