– Det er ikkje som om eg joggar på dei dagane eller at eg køyrer lette økter med alternativ trening. Eg trur folk undervurderer det eg gjer, seier Valby til nettstaden Citius Mag.
Utstyrsleverandørane ligg etter seiande langflate. 21-åringen er spådd å bli ein av dei best betalte utøvarane, allereie før ho har levert prestasjonar i ein global meisterskap.
Gjennombrotskvinna har skapt overskrifter i USA det siste året. Denne sommaren har ho vunne college-meisterskapen på 5000 og 10.000 meter, og dessutan kvalifisert seg til OL.
På 10.000 har ho ein personleg rekord på 30.50,43, som er hårfint betre enn for eksempel Karoline Bjerkeli Grøvdals rekord på 30.50,84,
Og det sjølv om ho berre sprang rundt tre dagar i veka sist haust.
Konkurrentane spring tre gonger så mykje
Samanlikna med konkurrentane spring ho ekstremt lite – mellom 40 og 65 kilometer i veka.
– Det er svært uvanleg for løparar på nivået hennar å springe så lite, seier NRKs friidrettskommentator Jann Post.
Han er sjølv ein ivrig mosjonist som ofte spring vel 100 kilometer i veka i skadefrie periodar. Post peikar på at Jakob Ingebrigtsen, som primært spring 1500 og 5000 meter, spring 180–190 kilometer i veka på trening.
– Dei fleste ho møter på 10.000 i OL ligg nok over 150 kilometer i snitt i løpet av eit år, og opp mot 200 kilometer i periodar, seier Post.
Han forklarer at Valby driv med det amerikanarane kallar «cross training».
– Ho legg ned store dosar av andre typar trening. I Noreg ville vi kalla det alternativ trening, seier Post.
Og det er akkurat det ho gjer:
– Når eg er på ellipsemaskina, er det svettedammar på golvet. Løpstreninga består av kilometer med kvalitet. Det er der alle kilometrane blir unnagjorde, og så er «roleg»-dagane der eg gjer anna trening, seier Valby sjølv.
Enkelt samanfatta: Springinga går føre seg i høg intensitet. Dei rolege langturane blir erstatta med alternativ trening.
– Kan trene «motoren» tøffare
Even Brøndbo Dahl har mastergrad i idrettsfysiologi og har sprunge samanliknbare mengder som Valby over tid. Med mellom 40 og 80 kilometer i veka har han blitt noregsmeister på 1500 meter og sette i fjor personleg rekord med 3.37,89.
FIK Orion-utøvaren meiner det er mogleg å trene «motoren», grovt forenkla pumpeevna til hjartet og beinmuskulaturen, vel så bra utan å drive løpsspesifikk trening.
Annan type trening kan til og med vere meir effektivt enn springing for nettopp det.
– Det ser ein på dei beste syklistane i verda og langrennsløparar, som driv med ei anna belastning enn skadeutsett springing på flatt underlag. Det er heile essensen: Du kan trene «motoren» tøffare fordi det er ei meir skånsam rørsleform, seier han.
Han påpeikar samtidig at ein ikkje berre kan erstatte ein løpetur på 50 minutt med 50 minutt på ellipsemaskin på same intensitet. Det vil ein ikkje få merkbar effekt av.
– Det viktigaste er at ein får høgare intensitet og/eller høgare volum enn med berre springing. Da er det gode sjansar for å få effekt av den alternative treninga.
«Kan bli god, men ikkje best»
Hans eigen treningsmodell er ganske lik den norske modellen med dobbel terskeltrening, men i staden for å køyre to økter med springing, enten det er roleg eller i terskelfart, byter han ut den eine med ei anna form for trening. Det betyr ofte sykling eller skigåing.
For ein som har slite med skadeplager har det fungert bra – og det har gjort han i stand til å hevde seg i noregstoppen. Om ein skal bli ein global toppløpar, trur han det må springast enda meir.
– Eg trur ein kan bli veldig god, men eg trur ikkje ein kan bli best. Det trur eg heilt til det motsette er bevist.
Han peikar på at Valby er ein god løpar, men at ho framleis er eit godt stykke bak dei aller beste. Snautt minuttet på 5000 meter og to minutt på 10.000 meter.
– Det er mange som meiner løparar burde trene meir alternativt, men eg trur ikkje ein bør seie det til dei som spring VM og OL. Det trur eg gjeld først og fremst mosjonistar og løparar som er skadeutsette, heller enn dei som skal hevde seg i VM og OL.
– Ein del løparar er livredde
Brøndbo grunngir det med at ein mistar ein del spesifikk trening som vil gagne springinga.
– Musklar, sener og nervesystem blir ikkje så tilpassa løpsrørslene, og dessutan at skaderisikoen blir høgare i konkurranseperiodane. Ho vil tole mange konkurransar på få dagar dårlegare enn utøvarar som spring to–tre gonger så høgt volum.
Jann Post er også tydeleg på at springing i framtida må utgjere ein større del av treninga viss Valby skal bli ein av dei aller beste.
– Ho vil nok trappe volumet gradvis opp. Per no verkar ho ikkje som nokon teknisk begavelse. Ho er ein frontløpar, ein klassisk kapasitetsløpar, seier Post.
Mens «Ingebrigtsen-metoden», såkalla dobbel terskeltrening, breier om seg, trur ikkje Post at Valbys metode vil bli nokon trend blant dei beste løparane i verda.
– Vi får ikkje sjå langdistanseløparar som spring ned mot 50 kilometer i veka. Men det mange unge kan lære noko av, er at det ikkje er krise om ein ikkje får sprunge ein dag eller to. Ein del løparar er jo livredde for ikkje å få sprunge nok, seier Jann Post.
- Valby kvalifiserte seg til både 5000 meter og 10.000 meter i OL, men kjem berre til å springe sistnemnde distanse. Ho skal i aksjon 9. august, klokka 20.55.
Publisert 24.07.2024, kl. 05.37