Dei tre eldste i ein syskenflokk på fem på Sunnmøre er tilkjent millionerstatning etter ein årelang rettsprosess. Syskena blei utsette for grov vald av far sin då dei var små, og skuldar heimkommunane der dei budde for å ikkje ha gripe inn.
I fjor vår blei dei to yngste tilkjent erstatning i millionklassen. Etter fleire rettsrundar får også dei tre eldste det samme.
Det slår dommen i Frostating lagmannsrett fast.
– Det er åtte års arbeid som endeleg har kome i mål. Det er ingen i verda som fortener det meir enn desse, vil eg seie. Endeleg får dei rettferd, seier Mette Yvonne Larsen.
Ho har snakka med syskenflokken og seier dei er overlykkelege.
– Var redde heile tida
Dommen i Frostating lagmannsrett slår fast at heimkommunane Ulstein og Hareid burde reagert på opplysningane dei fekk om familien:
«I motsetning til vurderingen i lagmannsrettens dom 9. mars 2023, mener flertallet imidlertid at Ulstein kommune burde ha undersøkt saken nærmere senest fra september 1971», heiter det i dommen.
Saka gjekk for retten i april, med heile syskenflokken til stades.
På nytt fekk retten høyre grufulle historier om det som skjedde bak veggane i familien på 50-, 60- og 70-talet.
– Det dei huskar best frå barndommen er at dei var redde heile tida. Etter vårt syn har dette ikkje vore tatt nok omsyn til i den forrige dommen når det gjeld brot på EMK, sa advokat Tonje Lilaas Larsen, som representerer syskena saman med Mette Yvonne Larsen.
I tillegg til å vurdere erstatningskravet frå dei tre eldste, har lagmannsretten også vurdert om alle fem er utsette for brot på Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK).
Kravde erstatning på over 40 millionar
Advokatane bad om over 40 millionar kroner i erstatning for dei tre syskena:
Margareth Øvrelid: 11 786 768
Sveinung Vikene: 16 204 015
Egil Øvrelid: 13 304 767
– Eit øydelagt liv lar seg aldri reparere, men det lar seg kompensere, sa advokaten til Øvrelid-søskena, Mette Yvonne Larsen, då lagmannsretten behandla saka i april.
Søskena saksøker kommunane
I 2018 saksøkte søskena, ved hjelp av advokat Mette Yvonne Larsen, Hareid og Ulstein kommune og bad om erstatning.
Er saka forelda?
Tingretten sa då at dei ikkje ville behandle saka fullt ut før dei hadde svar på om den var forelda eller ikkje, altso at det som hadde hendt var for lenge sidan til at retten kunne sei noko om det.
Ja!
I oktober 2020 kom dei fram til at den var forelda, og ville ikkje behandle den.
Øvrelid-søskena anka avgjerda til lagmannsretten.
Ikkje forelda likevel
Lagmannsretten meinte våren 2022 at saka ikkje var forelda og at søskena dermed kunne fremje erstatningskravet sitt til kommunane.
Høgsterett sa nei
Hareid og Ulstein kommune anka avgjerda til Høgsterett. Dei sa nei til å behandle anka, fordi saka ikkje var prinsipiell nok.
Ei full rettssak
Dermed vart erstatningssaka fullt ut behandla i Frostating lagmannsrett like før jul 2022 – fire år etter søksmålet kom.
Josef Benoni Ness Tveit
Dom i lagmannsretten
Dommen i Frostating lagmannsrett kom i mars 2023: Dei to yngste søskena fekk erstatning frå kommunane. Dei tre eldste fekk ikkje erstatning. Avgjerda blei anka til Høgsterett.
Josef Benoni Ness Tveit
Opphevar dommen
I september 2023 blei det kjent at Høgsterett opphevar heile dommen frå lagmannsretten for dei tre eldste søskena. Dei får dermed opp saka si til ny behandling i Frostating lagmannsrett i mars og april 2024.
Ba om frifinning for kommunane
Advokat Terje Marthinsen representerer Hareid og Ulstein kommune, og ba om frifinning då saka gjekk for lagmannsretten i april.
Han slo fast at det skal svært mykje til før barnevernet kan ta over omsorga for borna.
– Vi kan ikkje utelukke at det har vore vald i heimen, og vi kan ikkje utelukke at det har vore systematisk vald. Men det er ikkje bevist, sa han.
Publisert 26.06.2024, kl. 08.45 Oppdatert 26.06.2024, kl. 08.54