Det er berre gjennom lufta at industribygdas 4134 innbyggjarane kan komme seg ut.
Hurtigbåten til Stavanger køyrer ikkje grunna is på fjorden. Fylkesveg 520 Ropeid i Suldal er stengt inntil vidare på grunn av eit steinras, og vegen til Røldal er stengt grunna uvêr.
Med dette er dei tre fartsårene ut av kommunen stengd, opplyser Vegtrafikksentralen til NRK.
Kommunedirektør Vegard Thise seier likevel at ambulansen kjem seg forbi på Fylkesveg 520.
Han seier også at det er venta godt helikoptervêr i løpet av dagen.
Publisert 25.11.2024, kl. 06.10 Oppdatert 25.11.2024, kl. 06.12