Tilbake for første gang etter «kampfiksings­skandale»: – Nokon som ikkje er så glad i meg

1 month ago 15


– Eg tykkjer det er artig å terge på meg litt folk.

Johan-Sebastian Christiansen kjenner på lett ubehag, men det er han sjølv som har sett seg i situasjonen.

For eigentleg lova han at han aldri skulle spele sjakk i Kroatia igjen, og i alle fall ikkje for sjakklubben Solin-Cemex.

Likevel er Christiansen klar for ei ny runde med kroatisk eliteserie no i oktober.

Vart overraska på lagmøtet

Det heile starta i oktober for to år sidan. Da skulle Christiansen og resten av spelarane på Solin-Cemex berre spele ein siste kamp.

Viss dei spelte uavgjort mot eitt av seriens dårlegaste lag så var tittelen i toppdivisjonen i den kroatiske sjakk-serien sikra.

Den kampen fekk Christiansen aldri spele. For på lagmøtet kvelden før siste kamp gjekk det opp for nordmannen at kampen skulle vere avtalt spel.

– På lagmøtet sat vi der, vi måtte vente på at forhandlingane med det andre laget skulle bli ferdig. Dei kom inn og sa ja, det blir 3-3, fortalde Christiansen til VG den gong.

26-åringen sa ifrå at han ikkje tykte dette var greitt, og ifølgje han avstod han frå drinkar og champagne den kvelden og gjekk på rommet sitt. Dagen etter vart Christiansen benka – kampen enda 3–3.

Freistande tilbod

Christiansen var tydeleg i fleire medium at dette var noko av det verste han visste og saka gjekk Europa rundt. Nordmannen lova til TV 2 at han aldri skulle spele i Kroatia igjen.

Men no skal han altså spele for Solin-Cemex sin største rival SK Mornar Split.

– Det er vårt lag og det laget som er dei store favorittane. Matchen blir veldig spesiell. Eg kjem sikkert til å få nokre stygge blikk frå spelarane, seier Christiansen og held fram:

– Hadde dette vore ein fotballkamp, hadde eg nok venta nokre gode trykkar, men eg trur ikkje det er så mykje dei kan gjere på sjakkbrettet. Håpar eg, seier Christiansen med eit breitt glis til NRK.

NRK har gjort fleire forsøk på å kome i kontakt med sjakklubben Christiansen spelte for i 2022, Solin-Cemex, men har ikkje fått svar.

I 2022 sa daverande klubbsekretær i Solin-Cemex Igor Juretic følgjande til VG:

– Motstandaren vår i den siste runden kunne på dette tidspunktet ikkje rykkje ned, så naturleg nok aksepterte dei denne måten å spele den siste runden. Merk at denne praksisen ikkje er uvanleg i europeisk klubb-sjakk, skreiv Juretic til VG.

– Du har sagt du aldri skal spele der att. Kvifor gjer du det, Christiansen?

– Eg hadde eigentleg ikkje så veldig lyst til å spele der igjen etter det som skjedde, men så fekk eg det tilbodet, seier Christiansen til NRK.

Christiansen og Carlsen

SJAKK-OL: Nyleg spelte Christiansen for Noreg i Sjakk-OL i Ungarn. Her saman med Magnus Carlsen.

Foto: Maria Emelianova

Tilbodet kom frå kompis og treningskamerat Ivan Saric som gjerne ville ha med Christiansen på laget for styrke dei i årets turnering. Saric sitt lag, SK Mornar Split, enda på andreplass, eitt poeng bak Solin-Cemex i same turnering i fjor.

– No spelar eg for eit meir ordentleg lag. Da slepp eg alt tullet som var sist, men det er litt spesielt å reise tilbake.

– Var det eit lukrativt tilbod?

– Ingen kommentar, seier Christiansen.

Trur ikkje på endring

President i Noregs Sjakkforbund Anniken Vestby tykkjer det er bra at Johan-Sebastian Christiansen tør å reise tilbake til Kroatia, sjølv om han tok eit oppgjer med kulturen og det han såg på som juks tilbake i 2022.

– Eg blir veldig glad når eg les slike ting, seier Vestby til NRK om oppgjeret Christiansen tok og at han no reiser tilbake.

Vestby meiner at det Christiansen opplevde ikkje er eit problem i det heile teke i norsk eliteserie i sjakk, og ho går så langt som å si at det aldri har skjedd i Noreg.

Aryan Tari og Johan-Sebastian Christiansen

TVILSAM: Christiansen trur ikkje at noko eigentleg har endra seg med kulturen om avtalt spel.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen / NRK

Christiansen meiner det er ein kulturell forskjell i nokre andre land, og at avtalt spel er meir akseptert andre stader enn i Noreg.

Det får han brei støtte ifrå Balkankjenner Jon Kværne. Han har mastergrad i Balkanstudier, har arbeidd ved Noregs ambassade i Serbia og han har lang erfaring som EU-observatør og rapportskrivar i regionen.

Han fortel at det er politikken han følgjer tettast. Der ser ein at det er mykje juks.

– Folk flest antek at folk i politikken er der for å tene seg sjølve og ikkje folket, seier Kværne.

Nettopp det gjer at han meiner det er naturleg å tenkje seg ein smitteeffekt på dette nedover i samfunnet. Også innanfor sport og idrett.

Eliteserien i Kroatia har første speledag laurdag 5. oktober.

Reporter, Jørgen Terland Gundersen, utfordrar proffspelar, Johan-Sebastian Christiansen, til det nye spelet, stigespel-sjakk. Her må man halde tunga rett i munn, og det viser seg lenge å vere vanskelegare for proffspelaren.

Hei!

Hei! Har du tips til noko du tykkjer eg burde skrive om? Send meg gjerne eit tips. 

Publisert 05.10.2024, kl. 08.54

Read Entire Article