Kabelbrota i Østersjøen: Ber kinesisk skip om å gå til svensk farvatn

2 hours ago 1


– Frå svensk side har vi hatt kontakt med fartøyet og Kina, og lagt fram at vi vil at fartøyet bevegar seg mot svensk farvatn.

Det seier Ulf Kristersson på ein pressekonferanse tysdag. Han skuldar ikkje skipet for å ha gjort noko gale, men seier Sverige ønsker å «enklare samarbeide om kva som har skjedd».

Det kinesiske skipet Yi Peng 3 har lege for anker i danske Kattegat i ei veke, etter at to viktige telekommunikasjonskablar plutseleg mista nettverket i Østersjøen.

Skugga skipet

Danske militærskip og helikopter har skugga skipet sidan det passerte området der kablane blei brotne.

Ifølge selskapa som eig kablane passerte skipet akkurat då nettverksbrota blei registrerte.

Sverige, som leiar etterforskinga på vegner av dei, Finland, Tyskland og Litauen, har framleis som arbeidsteori at det dreier seg om sabotasje.

Kartet viser omtrent kvar begge sjøkablane er å finne, og kvar skadane er registrerte.

Danmark og fleire andre land har vore i «intense forhandlingar med Kina» om å få lov til å undersøke Yi Peng 3, men så langt er situasjonen fastlåst, melder SVT og Danmarks Radio.

Georg Scheel er høyesterettsadvokat, med spesialkompetanse på sjørett.

– I internasjonalt farvatn må ein i utgangspunktet ha tillating frå Kina til å gå om bord, seier høgsterettsadvokat Georg Scheel.

Foto: UIO

– Det er eit kinesisk skip, med kinesisk flagg, og i internasjonalt farvatn må ein i utgangspunktet ha tillating frå Kina til å gå om bord, seier høgsterettsadvokat med spesialitet på sjørett, Georg Scheel, til NRK.

Kina nektar for å vere involvert

Det kinesiske utanriksdepartementet har uttalt seg om saka i går og i dag.

– Etter det eg forstår har Kina god kommunikasjon med dei relevante partane via diplomatiske kanalar når det gjeld denne hendinga.

Det seier talskvinna Mao Ning, i nokolunde same ordelag både måndag og tysdag.

Kina nektar for å vere involvert på noko vis, melder South China Morning Post, medan kinesiske fastlands-aviser viser saka lite merksemd.

Talsperson for Kinas utenriksdepartement, Mao Ning.

Mao Ning er talsperson for Kinas utanriksdepartement.

Foto: Ng Han Guan / AP

– Kina har på alle vis konsekvent oppfylt sine forpliktingar som flaggstat og krev at kinesiske fartøy strengt forheld seg til relevante lovar og forskrifter, sa talsperson for utanriksdepartementet, Lin Jian, sist veke.

Yi Peng 3 i Canada

Yi Peng 3 har vore i drift over lengre tid, men har hatt fleire namn. Her ligg det for anker som «Avra Monrovia» ved Vancouver i Canada, 3. oktober 2016.

Foto: Max Wei / Reuters

Fordi skipet ligg til havs, er det vanskeleg for etterforskarane å krevje at det blir verande. Det sa den svenske politiinspektøren Per Engström til SVT sist veke.

– Det å gå om bord er ei valdshandling, og der må vi ha dei juridiske føresetnadane med oss. Det må vere openbert at det har skjedd eit brotsverk, sa han vidare.

– Det er ingen moglegheiter for å halde på skipet i dag.

Dersom kapteinen bestemmer seg for å sigle vekk er planen å engasjere andre land i nærleiken av ferda, dersom svensk politi vil ha kontakt med mannskapet på nytt.

Skada anker på Yi Peng 3

Yi Peng 3 har eit skada anker, melde Danmarks Radio sist veke. Dette biletet er frå Kattegat, og er nesten ei veke gammalt.

Foto: Mikkel Berg Pedersen / Reuters

– Ein litt unik situasjon

Sist veke sa den finske forsvarsministeren Antti Häkkänen til Helsingin Sanomat at dei ikkje vil la eit skip som er mistenkt for sabotasje sigle av garde utan etterforsking.

Han viste til røyrleidninga Baltic Connector mellom Finland og Estland, og meiner at landa kring Østersjøen har lært, etter at det involverte kinesiske skipet fekk forlate området.

Men, desse to sakene er ikkje dei same, seier Kina-professor ved Forsvarets høgskole, Øystein Tunsjø, til NRK.

Øystein Tunsjø, professor, Forsvarets høgskole

Øystein Tunsjø er professor ved Forsvarets høgskole, og forskar blant anna på Kina si rolle i verdspolitikken.

Foto: Inger Kristine Lee

– I oktober 2023 hadde ein eit fellande bevis. Du hadde inspeksjon av eit anker som hadde øydelagt den kabelen. Det var også noko som kinesarane etter kvart innrømma.

– Her har ein ikkje hatt den moglegheita til å finne ut kva som har skjedd. I alle fall ikkje enno, seier Tunsjø.

Kina var på veg frå ei russisk oljehamn då det passerte kablane, ifølge skipsdata frå Marine Traffic.

Publisert 26.11.2024, kl. 21.45

Read Entire Article