Studentane slit med å få endane til å møtast: Her kostar 20 m² nær 11.000 kroner

4 months ago 34


«Her bygger vi 223 hjem for Oslo-studentene». Den raude plakaten er godt synleg på det splitter nye bygget på Vulkan i Oslo.

Det var her Vetle Vange (25) hadde ønske om å bu når han no skal bli student i Oslo.

Heilt til han såg prisen.

Ein eittromsleilegheit, på om lag 20 m², kostar 10.800 kr på Vulkan studenthus.

– For same pris kunne eg budd i to og ein halv månad der eg budde i Volda, seier Vange.

Med studiestøtte på nær 12.700 kroner, tek ikkje Vange seg råd til å bu her.

Det siste året har òg matvareprisane stige til vêrs. Når husleiga er betalt og maten kjøpt inn, er det ikkje mykje att av pengane.

Vetle Vange har på seg ei T-skjorte med raud trykk og ein svart caps. I bakgrunnen er det tre.

Foto: Ola Hana / NRK

Går fleire tusen med underskot kvar månad

Om studentane berre skal leve av studiestøtta, vil dei gå 6634 kroner i underskot kvar månad, ifølgje Norsk studentorganisasjon (NSO).

NSO har laga eit budsjett der dei har kome fram til dette talet. No vil studentorganisasjonen saman med AUF og Sosialistisk Ungdom auke studiestøtta.

Dei ønskjer at støtta skal vere det same som grunnbeløpet i folketrygda.

På den måten må ikkje studentar kjempe for å auke studiestøtta kvart einaste år, seier NSO-leiar Kaja Ingdal Hovdenak.

Kvinne med halvlangt brunt hår. Ho står midt på eit torg. Ho er kledd i ein grønn skinnjakke og ein lys topp.

Leiar i Norsk studentorganisasjon.

Foto: Ola Hana / NRK

Vetle har tidlegare studert journalistikk i Volda. Der betalte han 4200 kroner for å bu.

På spørsmål om studentar bør velje å studere utanfor storbyane, svarar Hovdenak at alle skal ha dei same moglegheita til å ta studiet dei sjølv ønskjer.

Det skal ikkje vere ein sosial forskjell på kven som har råd til å bu i store byar, eller kven som må ein annan stad. Dessutan er nokre studiar berre i visse byar, seier Hovdenak.

Bra å ha jobb ved sida av

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Ivar B. Prestbakmo (Sp), seier at regjeringa har auka studiestøtta.

Han fortel at støtta i studieåret 2024/2025 kjem til å bli 25.000 kroner meir enn i 2021.

For oss har det vore viktig å styrkje studentøkonomien, og det er vi opptekne av å vidareføre.

Han seier at studentar må belage seg på å ha mindre å rutte med enn dei med fast inntekt.

Mann med grått hår som smiler svakt til kamera. Han har på seg ein mørkeblå blazer og lyseblå skjorte.

Prestbakmo, statssekretær for forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.

Foto: Fathia Mahmoud Farah / NRK

Å vere student, slik var det før, og slik kjem det til å vere, inneber ein nøktern livsstil.

– Satsar regjeringa på heiltidsstudenten?

Heiltidsstudenten har alltid vore slik at det inneber å jobbe ved sida av. Det er ikkje skadeleg, tvert imot. Det er bra å ha jobba ved sida av. Du får inntekt og erfaring som er viktig.

 «Her bygger vi 223 hjem for Oslo-studentene». Vetle Vange har ikkje har råd til å bu der.
Mann med mørk T-skjorte og caps ser ned på kamera.

Inntil vidare skal Vange bu heime.

Foto: Ola Hana / NRK

I Volda jobba Vange berre i sumrane. I Oslo er han førebudd på å jobbe ved sida av studiane òg.

Han er samd med NSO om å auke støtta.

Studentskipnaden i Oslo seier til NRK at det er forståeleg at Vange synest leigeprisen er stiv, men understrekar at dei har rimelegare bustadar.

Vange er framleis på bustadjakt, men inntil vidare skal han bu heime hjå foreldra.

Publisert 19.07.2024, kl. 20.49

Read Entire Article