Oljepengebruken aukar i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2025. Det viser nøkkeltala, som vart publiserte klokka 8.
For å få statsbudsjettet til å gå opp, vil regjeringa tappe Oljefondet for 460,1 milliardar kroner. Det tilsvararar 2,5 prosent av fondet.
Sjå alt om statsbudsjettet og reaksjonar her:
Oljepengebruken er under 3 prosent og i tråd med handlingsregelen. Men sidan Oljefondet berre så langt i år har auka med svimlande 3.000 milliardar kroner, betyr det at politikarane kan bruke mykje meir oljepengar, og samstundes vere godt innanfor regelen.
– Vi brukar 2,5 prosent av Oljefondet sin verdi, godt under handlingsregelen, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Den oljepengebruken regjeringa legg opp til, vil fyre opp norsk økonomi noko neste år. Den såkalla budsjettimpulsen er positiv.
– Dette betyr at budsjettet bidrar til å stimulere økonomien. Renteeffekten er ikkje negativ, seier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets.
I budsjettforslaget for 2024 foreslo regjeringa å bruke 409,8 milliardar oljekroner. Dette vart auka med nær 9 milliardar kroner, til 418,7 milliardar kroner, i revidert budsjett i mai i år.
Publisert 07.10.2024, kl. 08.01 Oppdatert 07.10.2024, kl. 08.08