Forhandlar på overtid etter sjukelønnsdrama

2 hours ago 1


– Alle har eit ønskje om å bli samde, det var tydeleg både i går og i dag. Men så har livet lært meg å ikkje berekne sannsynlegheit når det kjem til forhandlingar, seier Brenna til NRK.

Tysdag ettermiddag var LO, NHO og dei andre sentrale partane i arbeidslivet samla for nok eit krisemøte på Brenna sitt kontor.

Dei er nede på dei små detaljane no, fortel nestleiar i LO, Steinar Krogstad.

– Vi jobbar med formuleringar og sikring av ei felles forståing av avtalen, seier Krogstad til NRK.

Steinar Krogstad i LO ankommer et møte om IA-forhandlingene i Arbeids- og inkluderingsdepartementet tirsdag ettermiddag.

Steinar Krogstad i LO på veg inn i møtet tysdag ettermiddag.

Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Arbeidslivsdirektør i NHO, Nina Melsom, er glad for at forhandlingane held fram.

– Vi har fram til nyttår på å bli samde og vi skal møtast igjen neste onsdag for å fortsette diskusjonane om kva vi kan gjere for å redusere eit for høgt sjukefråvær, seier Melsom.

Sjukefråværet har skote i taket

Dagens IA-avtale går ut ved nyttår. I 23 år har partane blitt samde om fireårige avtalar, som har som føremål å få ned sjukefråværet.

Men i haust har forhandlingane vore svært tøffe.

Mykje av årsaka er at Noreg no har registrert det høgaste sjukefråværet på 15 år. Det har gjort sjukelønnsordninga til skyteskive i forhandlingane, nettopp fordi det står ei formulering om akkurat den i IA-avtalen.

Sjukelønnsordninga sikrar at vi har rett på full lønn om vi er sjuke og vekke frå jobb – i inntil eitt år.

I dagens IA-avtale er formuleringa slik:

«Regjeringen vil ikke foreslå endringer i sykelønnsordningen i denne avtaleperioden, verken for arbeidsgivere eller arbeidstakere, med mindre partene er enige om det».

Partane er i praksis samde om alt, med unntak av nettopp kor lenge dagens sjukelønnsordning skal fredast.

LO har vore fast bestemte på at sjukelønnsordninga skal fredast i fire nye år. Då blir den ståande trass i om det skulle bli ei borgarleg regjering neste år, som kanskje har større appetitt for å gå laus på den.

Men det vil ikkje arbeidsgjevarsida gå med på.

Dei går med på å frede den i 18 månader, mot at alle deler ved sjukelønnsordninga vert greia ut.

Tor Arne Gangsø, direktør i KS ankommer et møte om IA-forhandlingene i Arbeids- og inkluderingsdepartementet tirsdag ettermiddag.

Nina Melsom i NHO og Tor Arne Gangsø, direktør i KS, i forkant av møtet tysdag.

Foto: Jonas Been / NTB

Ultimatum

Dei to krisemøta dei siste dagane, har blitt arrangerte etter at LO på den eine sida, og NHO, KS og Spekter på den andre, offentleg har kome med disse ultimatuma.

Brenna ville ikkje gå inn på kva slags tema som var på bordet under møtet, då ho møtte pressa like før klokka 17.

– Vi har ei stor forplikting til å prøve å løyse ein del ting oss i mellom fram til vi møtast igjen neste onsdag.

– Kor viktig er det for deg at partane blir samde?

– For regjeringa og for Noreg er det viktig at vi brukar det gode partssamarbeidet vi har i dette landet. IA-avtalen er eitt samarbeid mellom partane, og det opplever eg at alle er opptekne av å ta vare på, seier Brenna.

I mange andre land er sjukelønnsordninga noko politikarane forhandlar om, men i Noreg har ein altså valt å gi dette ansvaret til partane i arbeidslivet. Skulle partane ikkje bli samde om ein ny avtale, vil det til slutt vere politikarane på Stortinget som må einast om denne ordninga.

Publisert 26.11.2024, kl. 18.58

Read Entire Article