Startskotet går for bukkejakta: – Vi veit ikkje kor mange rådyr vi har

3 months ago 36


For mange jegerar er hausten årstida for jakt.

Hausten har ikkje komen heilt enno, men allereie på laurdag starta bukkejakta.

I Åsnes gjer dei seg klar for ein ny sesong. For nokon er det aller første møte med rådyrjakt.

– Nye jegerar, som ikkje ønsker å jakte på eiga hand, får opplæring og introduksjon, og kan, om dei vil, ta med seg erfarne jegerar på post.

Det fortel Tove Lisbeth Finstad, som er leiar i Åsnes JFF.

Åsnes JFF arrangerer to introkurs i bukkejakt: eit på måndag og eit onsdag.

Alderen på deltakarane går frå 18 år til 60 år og vel så det. Dei fleste er kvinner, ifølge Finstad.

Kursa er fylt opp, mykje fordi dei tiltrekker seg ferske jegerar frå heile Noreg.

– Vi har hatt deltakarar heilt frå Stavern i sør, til godt oppe i Østerdalen, og heilt frå Haugesund har komme på bukkejakt og rådyrjakt.

– For dårleg kunnskap

I dag er det 45.000 rådyrjegerar i Noreg, ifølge Jo Inge Breisjøberget. Han er fagsjef for jakt og fiske i Statskog.

– Jakta er veldig populær. Opptil halvparten av rådyrjegerane jaktar på bukkane, seier Breisjøberget.

Jo Inge Breisjøberget, fagansvarlig for jakt og fiske (Statskog)

Jo Inge Breisjøberget er fagansvarleg for jakt og fiske i Statskog.

Agder, Vestland, Rogaland og Nordland er dei einaste fylka som kan melde om auke i talet på rådyrbukkar som er felte, ifølge tal frå SSB. Tala for resten av fylka viser anten jamn eller fallande trend.

Breisjøberget i Statskog meiner likevel at kunnskapen om rådyrbestanden er for dårleg.

– Vi veit ikkje kor mange rådyr vi har.

– Dessverre har vi litt for dårleg statistikk og kunnskap om rådyrbestanden. Vi må ta utgangspunkt i erfaringstal, før vi kan gjere opp ei meining om kor mange rådyr vi kan felle neste haust, forklarer Breisjøberget.

Rådyrbukk

Kunnskapen om rådyrbestanden er for dårleg, meiner Statskog.

Foto: Kjartan Trana

Årsaka er at rådyret fell mellom to stolar. I Noreg er den definert som storvilt og kvart fellingsløyve må ha eit arealkrav. I Europa er den småvilt og har derfor ikkje kvote.

– Det blir gjort veldig lite forsking og bestandsestimering på rådyr. Du kan risikere i ein del område som rådyrjakt er veldig populært, å felle for mange hanndyr, seier Breisjøberget.

Mann i motlys med jaktklær, rifle og GPS

Pål Tegnander

Jakttider 2024

Her er ein oversikt over noko av kva som kan jaktes på og når.

NB: Husk å lese deg opp på regelverket til Miljødirektoratet for lokale avgjerder.

Rev

Rødrev

Sesongen for jakt på rødrev starta 15. juli. Den kan jaktes over hele landet fram til 15. april.

Rådyrbukk

Kjartan Trana

Rådyr

Jakta på rådyrbukkene starta 10. august. Den skal berre jaktes på med rifle fram til 25. september. Fra da kan all rådyr jaktes på, også med hagle og laus hund, fram til lille julaftan.

Villreinmisjonærer på Dovrefjell

Sverre Ustad

Villrein

Fra 20. august til 30. september er det ope for å jakte på villrein i villreinområde.

Hjort

Brit Jorunn Svanes

Hjort

Hjortejakta begynner 1. september og varer til lille julaftan.

Hare

Laurent Renault

Hare

Harejakta start 10. september og varer til 28. februar. Enkelte område i Troms og Nordland kan jakte på hare til 15. mars.

Orrfugl

Hønsefuglar

Hønsefuglane har felles jaktstart 10. september. Jerpe, orrfugl og storfugl kan jaktes fram til lille julaftan. Lirype og fjellrype er jaktbare fram til 28. februar, ved unntak av enkelte område i Nordland, Troms og Finnmark.

elg

Hallgeir Braastad / NRK

Elg

Elgjakta er årets begivenhet for veldig mange jegerar. Ved unntak av Kautokeino og Karasjok, startar elgjakta 25. september og varer til lille julaftan.

Klimaendringar påverkar bestanden

Trass tala frå SSB, meiner fagansvarleg for jakt og fiske i Statskog at vi har felt fleire rådyr dei siste fem åra, fordi bestanden har auka.

Det siste året derimot har det vore ein nedgang, ifølge Breisjøberget. Den seier han vil fortsette.

– Det kjem av at vi har hatt ein litt hardare vinter. Vi har også fått ein auka gaupebestand. Har du ein hard vinter og ein litt høgare gaupebestand, så blir det færre rådyr.

Sett bort ifrå røffare vinter tener rådyrbestanden på klimaendringane, poengterer fagsjefen.

– Det viser seg at med klimaforandringane og kortare vinter, vil rådyra profittere på det. Vi ser dei siste fem–seks åra, så dermed har det vore ein auke i rådyrbestanden.

Men i jaktområdet til Åsnes JFF merkar dei ein nedgang i bestanden.

– Vi får tilbakemeldingar på felt rådyr frå dei som då har jakt i kommuneskogen kvart einaste år, og vi ser at det blir felt færre og færre. I fjor var det ein sterk nedgang, fortel leiaren for Åsnes JFF.

– Men det er mogleg tala lyg litt. For det er mange som ikkje tør å sleppe hund under den ordinære rådyrjakta. Fordi at vi har terrenget innanfor ulvesona.

Ringer politiet

Finstad seier at det beste med rådyrjakta er spenninga og stilla.

– Du sit der kanskje i timevis utover ettermiddagen og kvelden eller tidleg morgon, så er det heilt stille i skogen. Og plutseleg så står det ein bukk framfor deg. Det er det som er veldig spennande å sjå, seier ho.

Men jakta er ikkje berre stille og roleg for dei som bur i område med bukkejakt.

Rådyret er nemleg «viltet i kantsona» ifølge fagsjefen i Statskog, som vil seie tett på folk og busetnad.

Ifølge Jo Inge Breisjøberget har politiet blitt ringt før, fordi folk høyrer skot like ved busetnad.

– Nokon vil reagere på at det plutseleg smell ganske nær busetnad tidleg på ein morgon. Men vi skal ikkje seie at det er eit problem.

Samtidig seier han at turgåarar i skogen ikkje skal trenge å ta noko ekstra omsyn til jegerar.

– Vi deler naturen. Turgåarar skal ikkje tenke på at det går føre seg jakt. Det er ansvaret til jegeren.

Publisert 12.08.2024, kl. 13.45

Read Entire Article