– Eg er veldig spent, seier Katrin Blomvik Bakken.
Ho er direktør i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, og bur i ei bygd der det yrer av liv heile sommaren. Men no har det siste cruiseskipet for sesongen segla vidare.
Dei går inn i den stille tida.
– Vi som bur her har ein stor fascinasjon over landskapet, også om vinteren. Sjølv meiner eg vinteren er utruleg eksotisk.
- Færre arbeidsplassar blir flytta ut i distrikta - sjølv om politikarane konkurrerte om å vere best på det.
Vil styrke samfunna
Dei tre bygdene Geiranger i Norge, Thingeyri på Island og Vágur på Færøyane er saman om prosjektet – Arctic Digital Nomads Stipend.
Det går ut på at folk som kan ta med seg jobben kvar som helst, kan søke om å få bu gratis i ei eller fleire av desse bygdene frå ein til tre månader over nyttår.
Dei som får stipendet, får også gratis kontorplass.
– Det vi ser etter i Vestfjordane, er å styrke samfunna. Vi har industri, vi er fiskarar og oppdrettarar, men vi vil gjerne styrke området med å få inn folk som gjer andre ting, seier Gunnar Ólafsson.
Han er banksjef og representerer bygda Thingeyri som ligg sju timar med bil frå Keflavik flyplass på Island.
Langt vekk
Magnus Pauli Vest representerer Vágur kommune.
Når han skal reklamere for øya si, trekker han fram at den er lengst unna sentrum av dei store øyane på Færøyane.
Han meiner dette er ei unik moglegheit der folk kan teste korleis det er å bu langt ute i havgapet
– Så kan dei sjølv avgjere om det er noko for dei å bu her fast, eller om det berre var ei oppleving, seier han.
Viktig med fellesskap
Sterk sentralisering gjer at mange bygdesamfunn døyr ut.
Fleire land i Europa jobbar med å tiltrekke seg folk som kan ta med seg arbeidet kvar som helst – såkalte digitale nomadar.
Håpet er sjølvsagt at dei skal like seg så godt at dei slår seg ned i bygda for godt.
Over 80 prosent av folk i Norge bur i tettbygde strøk, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Distriktssenteret eit nasjonalt kompetansesenter som jobbar med å hjelpe kommunane med å utvikle attraktive lokalsamfunn.
Direktør Marit Mellingen, seier det er éin viktig ting som må vere på plass når ein prøver å få folk til å flytte til bygda – i tillegg til hus og jobb.
– Det vi veit er viktig for å få folk til å bli verande på ein plass, er at dei trivast og blir inkludert i lokalsamfunnet, seier ho.
Kunne du tenke deg å bu i ei av desse bygdene ei stund?
Spent
Det er dei tre samarbeidspartnarane i Arctic Digital Nomads Stipend fullstendig klare over.
Som ein av dei viktigaste kvalitetane ved Thingeyri på Island trekker banksjefen Gunnar Ólafsson fram fellesskapet i ein badestamp – kvar morgon før klokka ni, med ein kaffikopp og god prat.
– Vi har nesten ikkje kle på oss. Alle er like i badestampen. Ingen dyre merkeklede. Det er berre den enkle samtalen igjen, seier banksjefen.
Katrin Blomvik Bakken i Geiranger er veldig spent på kven som kjem til å søke på stipendet, og om nokon av dei som kjem, blir i bygda for godt.
– Vinteren er jo den mørke, stille tida. Vi jaktar nok dei som ønsker å ha det stilt og hente inspirasjon frå naturen. Og så må dei også tole å bu her når det er mørkt, seier ho.
Publisert 29.10.2024, kl. 09.13