Hadde sjukepleiarane kjole på jobb?

2 hours ago 2


Vi er på slutten av 80-talet. Var kjolar verkeleg uniform?

Biler står parkert utenfor et sykehusbygg i mur. På veggen står det et skilt i rødt med påskriften Akuttmottak og pil mot venstre. Til høyre i bildet står to sykepleiere i hvite kjoler og tar seg en røyk.

Foto: Maipo Film

Utanfor sjukehuset der Christian tar MR, står det to kjolekledde sjukepleiarar og tar seg ein sigg.

I kjolar, sa du? Jada.

Sjukepleiarar har blitt kledde opp i kjolar sidan byrjinga av sjukepleie-historia, og fleire stader i Noreg gjekk faktisk kvinnelege sjukepleiarar i kjolar til heilt utpå 90-talet.

På Haukeland blei det innført kjønnsnøytrale antrekk først i 1993.

Men fleire stader hadde dei rett nok begynt å bruke bukser på 1980-talet.

Sjølv om vi ikkje greier å finne tak i kven som var først ut, kan det verke som det var ulik praksis rundt om i landet ved ulike sjukehus og institusjonar - og til og med frå avdeling til avdeling på same stad.

Fleire nyheitsinnslag frå første halvdel av 1986 viser sjukepleiarar i uniform, som den gongen var kvit kjole.

Vi har blant anna fått hjelp av Aker sjukehusmuseum i Oslo som kontakta tidlegare leiar for vaskeriet, Kitty Nordmann. Ho fortel at overgangen skjedde gradvis frå 1989 til 1990.

Ifølge fagsjef Bente Lüdemann ved Norsk Sykepleierforbund, var dei tidlegare ute med bukser på operasjonsstova, enn i andre avdelingar.

Sjukepleiarar over heile landet måtte kjempe for å få lov til å gå i bukser. Det var ikkje alltid like praktisk med kjole i det fysiske arbeidet som sjukepleiarane gjer.

Kunne ein ikkje drikke vatnet i Oklahoma?

Et veiskilt i blått ønsker velkommen til Oklahoma. En bil kjører forbi langs en smal vei og i veikanten vokser små hvite blomster og gresset er grønt. I horisonten vises flere stempelpumper over oljebrønner på land.

Foto: Maipo Film

Store delar av episode seks går føre seg i USA. Anna tar med barna for å besøke dei amerikanske besteforeldra.

Dei bur kummerleg til, og vatn får dei frå kanner som blir henta i skuret i hagen. Bestefar Reggie forklarar for barnebarna at det er fordi vatnet i bakken er forureina.

– Olje trekker ned i bakken, så vi ikkje kan drikke vatnet, seier han.

Mennesker på en veranda foran et slitent hvitt trehus. To personer står med ryggen mot kameraet, den ene, en kvinne, holder i en stor dunk med vann.

Besteforeldra i Oklahoma må hente drikkevatn frå kanner.

Foto: Maipo Film

Gjer du eit Google-søk på forureining i Oklahoma, tar det ikkje lang tid før ein skjønner at oljeindustrien i delstaten har påverka lokalbefolkninga der i lang, lang tid.

Oklahoma har utvunne olje og gass frå område på land i meir enn 100 år.

Tidleg på 1990-talet førte langvarig forureining frå det som no er Phillips 66-raffineriet, til eitt av dei største rettsoppgjera i USA sin historie.

Etter ein fleire år lang kamp frå innbyggarane, måtte oljeselskapet Conoco kjøpe opp heile nabolag i Ponca City nord i delstaten - som i lang tid hadde fått nærkontakt med kreftframkallande benzen, arsenikk og rundt 20 andre potensielt skadelege kjemikaliar.

I tidslinjen fra Google Earth kan man se hvordan rekker av hus og hele nabolag har forsvunnet når oljeselskapene har kjøpt opp eller flyttet hus fra områdene rundt oljeraffinerier.

Google

Den dag i dag sver mange innbyggarar nær oljeraffineria til flaskevatn, i frykt for at grunnvatnet er forureina.

Haikarar - kor vanleg var det på 80-talet?

Rein plukkar med seg ein haikar i episode 6.

Har du aldri haika, så inneber det å skaffe seg gratis skyss med forbipasserande bilar, både personbilar og yrkessjåførar.

En kvinne med lyst, kreppet hår står med tommelen strekt ut når en bil kjører forbi. Hun har dongerijakke med høye skuldre og en gul veske over armen.

Foto: Maipo Film

Haiking går føre seg ved å rekke fram ein tommelfinger, eller halde opp eit skilt med namnet på staden du ønsker å dra til.

Og ja, det var vanleg gjennom heile 70-og 80-talet. Faktisk har folk haika så lenge det har vore bilar på vegane i Noreg, men haiking fekk særleg merksemd frå 70-talet.

En mann står med armen i været og en sekk ved siden av seg langs veien bak et veiskilt i sverige.

Ein mann står langs riksvegen og haikar mot det som ser ut til å vere Gøteborg i Sverige. Bildet er tatt sommaren 1958, som viser at haiking har vore populært i fleire tiår.

Foto: Dagbladet/Norsk Folkemuseum/Id: NF.26959-554

Mange unge augna nemleg sjansen for å dra på korte- og lengre turar, heilt gratis. Og mange sjåførar syntest det var hyggeleg å ha selskap i ein tom bil.

Men det var ikkje heilt utan risiko. Saker om ran, valdtekt og til og med drap som involverte haikarar, dukka opp i nyheitsbiletet. Haikarar blei derfor oppmoda til å vere aktsame.

I 1985 skreiv Aftenposten om at haikarane hadde fått seg sin eigen formidlingssentral i Oslo, etter inspirasjon frå andre europeiske land. På denne måten kunne ein sikre at sjåfør og passasjer kom i kontakt, og måtte legitimere seg på førehand. For det var ikkje til å stikke under stol at haiking hadde nokre tryggleikssmessige utfordringar. Det var ikkje heilt bænkers med tommel opp.

En kvinne i oransj t-skjorte og dongeribukser, står i veikanten med en sekk foran seg. Hun holder opp den ene armen med tommelen i været for å haike med forbipasserende biler.

Ein haikar har tommelen i vêret i vegkanten i Luxemburg i august 1977.

Foto: Creative Commons/Roger McLassus

Kva slags maskin er dette?

Christian lèt seg rulle inn i ein stor trommel i episode 6. Han er bekymra over kor sjuk Martin har blitt av dykkinga, og vil sjå om hans eigen hjerne har tatt skade.

En mann ligger på et brett som er på vei inn i en lys tunell, også kjent som en M R maskin. Mannen ligger med lukkede øyne og hendene ned langs sida.

Foto: Maipo Film

MR var faktisk ganske nytt på denne tida, og Stavanger var først ut her i landet med å tilby undersøkinga, framfor Trondheim og Oslo.

Den første maskina blei installert ved det nye MR-laboratoriet ved Sentralsjukehuset i Rogaland i 1986, etter ein effektiv innsamlingsaksjon initiert av hotelldirektør og politikar Jan Johnsen.

MR blei sett på som eit gjennombrot innan nøyaktig kreftdiagnostikk, og i Stavanger ville «alle» vere med å bidra. Blant givarane var Statoil som gav 10 millionar.

For å sleppe skattlegging måtte maskina knytast til forskingsaktivitet, og blant dei første det blei forska på, var nettopp dykkarane i Nordsjøen, og boksarar.

en person ligger på et brett i en mr-maskin fra 80-tallet. Foran en kvinne i hvit uniform og en mann sitter foran en datamaskin med to skjermer.

Ein Gyroscan frå Philips, slik MR såg ut rundt midten av 80-talet. Da Stavanger fekk si første maskin i ’86 var det ein Gyroscan S5 frå Philips.

Foto: Royal Philips

MR har i seinare tid vore brukt i undersøkingar for å kunne påvise varige endringar i hjernen til nordsjødykkarar.

Kor bur Martin?

Martin har flytta inn på institusjon. Finst han i røynda?

Nei. Eller ja, bygget finst - i Belgia. (Så at Martin skulle blitt send til akkurat denne institusjonen for å få hjelp, er ikkje sannsynleg.)

En stor murbygning står på toppen av tre rader med trapper. To personer vandrer i trappene på vei opp til bygningen. Foran bygget sitter flere personer på stoler ved inngangen.

Foto: Maipo Film

Produksjonen fortel at villaen no husar kontora til eit advokatfirma i provinsen Vallonsk Brabant, søraust for Brussel.

Det som er litt spesielt, er at sjukehuset William Lennox ligg berre eit steinkast unna villaen. Sjukehuset er dedikert rehabilitering og omsorg for pasientar som lir av nevrologiske lidingar, som også Martin lir av i serien.

Mobil i kabrioleten? Var det realistisk?

Rein har telefon i bilen! Var dette ein realistisk mobiltelefon på slutten av 1980-talet?

En hånd holder i røret på en gammeldags telefon, en stor svart boks med antenne. På toppen er det mange knapper i beige. Telefonen står i passasjersetet på en bil, setet er i lyst skinn.

Foto: Maipo Film

Jada, desse var å finne i bilen, på hytta eller over skuldra på forretningsmenn mot slutten av 80-talet.

Selskapet Mobira (seinare Nokia), var blant dei aller første til å tilby berbare telefonar. Den var både tung (fem kilo!) og dyr (omlag 20.000 - som i dag ville beløpt seg til 45.000!).

Motorolas versjon som dukka opp kort tid etter, blei den mest selde i Noreg. Han var kopla opp mot eitt nettverk som heitte Nordisk mobiltelefonsystem (NMT).

Mot slutten av 1980-talet dukka det opp mindre mobiltelefonar utan det store batteriet, som til og med fekk plass i jakkelomma. Og resten er historie!

  • En sort batteripakke med et telefonrør hengende fra siden. En krøllete ledning går fra boksen og inn i røret der det er en mange gulhvite knapper og en rød. Fra boksen står også en stor antenne.

    En Motorola MCR 4500 produsert i 1986. Den seks kilo tunge, bærbare telefonen er nå oppbevart ved Norsk Teknisk Museum.

  • En stor sort mobiltelefon med en boksete batteripakke, på toppen ligger røret med knapper på oppsiden. En lang antenne stikker ut fra boksen.

    En Motorola MCR 9500XL produsert i 1988. De eldste telefonene måtte lades ofte. Denne veide 4,5 kilo og hadde en taletid på 1 time og 20 minutter.

  • Et mobiltelefonrør med en krøllete ledning står lent opp mot en stor sort veske som inneholder batteripakken på telefonen.

    På få år ble batteripakkene lettere og taletiden gikk opp. Denne Motorola Traveller ble produsert i 1992, og veide kun 2,25 kg.

Kva slags jakke er dette?

Med seg til USA har Anna gåver frå Noreg. Kva slags strikkejakke er det?

Dei amerikanske besteforeldra får tradisjonelle, norske lusekufter i gåve. Dette er eit av dei mest kjente mønstera i Noreg, frå Setesdal.

En mann og en kvinne holder opp en strikkegenser hver. De ser på genseren. To barn sitter ved siden av dem og ser en annen vei.

Amerikanske besteforeldre som ikkje er så veldig imponerte over dei ulleite plagga frå Noreg.

Foto: Maipo Film

Kufta var originalt ein del av mannsbunaden i Setesdal, og er brukt heilt tilbake til 1850-talet. Jakka har vovne band og metallhemper.

Etter at han blei presentert i eit moderne vekeblad i 30-åra, har han blitt tilpassa svingingar i motebiletet, og mønsteret har variert.

Skal du ha tak i ein nystrikka, original versjon i dag, kostar han fleire tusen norske kroner.

Sjølvmord blant nordsjødykkarane

Episode 6 tar føre seg ein av dei dystraste konsekvensane av oljeeventyret.

Det har vore eit kontroversielt tema, korleis nordsjødykkarane hadde det på jobb.

Dei hadde eit risikofylt arbeid, og blei utsett for ulykker av varierande alvorsgrad. Fleire fekk langtidsskadar.

En sort plakett med blå og rød striper har påskriften Nordsjødykkerne, "Takk til dykkerne som våget dypet på våre vegne".

Ein minneplakett til nordsjødykkarane heng på Norsk Oljemuseum.

Foto: Shadé B. Martins / Norsk Oljemuseum

Gransking i ettertid har vist at fleirtalet av dykkarane har klart seg godt i arbeidslivet etter dykkarkarrieren, men har også vist at andelen uføre var høgare enn i normalbefolkninga.

– Fleire av pionerdykkarane blei sjuke. Dette er ein så viktig del av historia om nordsjødykkarane, at ein ikkje kan sjå forbi det.

Det fortel manusforfattar Mette Bølstad. Ho seier at ho har snakka med dykkarar, legar, støtteapparat, historikarar og folk som har tilsett dykkarar for å få ei breiast mogleg innsikt.

Både i korleis det eigentleg var, kor mykje dei ulike eigentleg visste, og korleis det virka inn på dykkarane når dei første begynte å få symptom.

En kvinne med mørkt, skulderlangt hår, ser alvorlig inn i kameraet. Hun har på seg en mørk genser og en blå regnjakke.

– Denne delen av historia kunne vi ikkje sjå forbi, fortel serieskapar Mette Bølstad.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Martin og Christian drar ut på havet med den første båten dei kjøpte då dei starta firmaet sitt c-Max 20 år tidlegare. Det er naturlegvis eit poetisk val å avslutte på havet, men det er ikkje eit usannsynleg val. Eg har følgt prosedyrane og behandlinga som var tilgjengeleg på den tida.

I 2003 kom det ein rapport frå Granskingskommisjonen for undersøking av forholda til pionerdykkarane i Nordsjøen.

Der kom det fram at sjølvmord synest klart hyppigare blant dykkarane enn i den mannlege befolkninga elles.

Svært mange av dei spurde rapporterte om dykkarsjukdommar i varierande grad, og endå fleire svarte at dei hadde vore i farlege situasjonar som det ikkje var lett å legge bak seg.

Vil du sjekke ut meir fakta om Lykkeland? Ta ein titt på denne sida:

Lykkeland – fakta og fiksjon

Kjelder:

New York Times, Oklahoma Sustainability Network, NBC News, Undark Magazine, The Oklahoman, Norsk radiografforbund, Norsk Sykepleierforbund, Helsenoreg.no, Tidsskrift for den norske legeforeininga, Stavanger Aftenblad, boka «Lusekufta frå Setesdal», Digitalt museum, Norsk Teknisk Museum, Arbeids og inkluderingsdepartementet.

Publisert 24.11.2024, kl. 20.09

Read Entire Article