Slik frir Harris til de unge: – Dette er verktøy som mobiliserer veljarar

4 months ago 31


Kamala Harris vert etter all sannsyn presidentkandidaten til demokratane.

Etter at Joe Biden trakk seg og viste si støtte til Harris, vert no gamle videoar av ho spreidde på sosiale medium.

Det utnyttar kampanjen hennar, for å nå Gen Z på sosiale plattformer som X, Instagram og TikTok.

Dette er verktøy som mobiliserer veljarar effektivt gjennom kampanjar, virale videoar og memes, noko tradisjonelle medium ikkje alltid tillèt, seier Petter Bae Brandtzæg, professor i medieinnovasjon på Universitetet i Oslo og Sintef.

Artisten Charli XCX har forklart på TikTok at ei «brat» er ei jente som kan vere litt rotate, som kan gjere dumme ting og som innimellom får eit samanbrot.

I utgangspunktet er ikkje omgrepet positivt, men no er det kult.

Kokosnøtt-tale går viralt

Eit av klippa som går viralt, er ei tale frå i fjor der Harris seier «You think you just fell of a coconut tree?», som på norsk kan omsetjast til «trur du at berre har falle ned frå eit kokospalme?».

Så ler ho den karakteristiske latteren, før ho fortset: Du eksisterer i konteksten av alt du lever i og rundt det som var før deg.

Sjå klippet av det som har blitt kjent som kokosnøtt-tala til Harris.

Harris fortel at det er ei historie mora pleidde å fortelje, som betyr at alt heng saman.

No står det «gjev kontekst», som refererer til tala, under biografien på X-kontoen til Harris.

Ved å omfamne dette gamle innhaldet kan teamet til Harris ta kontroll over narrativet, seier Brandtzæg.

Lys mann med skjegg og briller. Han er skalla og har på seg ein svart t-skjorte.

Petter Bae Brandtzæg, professor i medieinnovasjon på Universitetet i Oslo og Sintef.

Foto: Petter Bae Brandtzæg

Kokos- og kokospalme-emojien vert òg brukt av unge menneske på sosiale medium for å vise støtte til valkampanjen hennar.

Det har også oppstått fleire kontoar og tusenvis av memes om anekdoten.

Harris + Gen Z = «Brat»?

Måndag denne veka publiserte den britiske artisten Charli XCX ei X-melding. Der skreiv ho at «kamala IS brat».

«Brat» er òg namnet på albumet Charli gav ut i juni, og som sidan har toppa hitlistene. Artisten er populær hjå dei unge.

Lys kvinne med mørkt krøllate hår. Ho strå framfor ein blå vegg med skrift

Artisten Charlotte Emma Aitchison, betre kjent som Charli XCX.

Foto: MICHAEL TRAN / AFP

Frasa i seg sjølv er ikkje spesiell, slike frasar går viralt med jamne mellomrom. Det som er spesielt er korleis teamet bak valkampanjen til Harris, speler vidare på det.

– Ved å svare på kommentaren til Charli på den måten dei gjer her, prøver dei å tilpasse seg popkultur og viser at dei følgjer med på trendar.

No har Harris endra namn på X og Instagram til «Kamala HQ».

Kontoen til Kamala Harris er no lik album-covet til Charli XCX.

Slik ser X-kontoen til Kamala Harris ut no.

Foto: Skjermdump

I tillegg har ho endra toppbiletet på X, til same neongrøn-farge som albumet til Charli, med teksten kamala hq i små bokstavar.

Med andre ord har Harris attskapa albumcoveret til Charli på X-kontoen hennar.

Det gjev eit meir autentisk og relaterbart image som bryt med det stive biletet unge kan ha av politikarar, seier forskaren.

Kan auke ungt engasjement

Den amerikanske journalisten Jasmine Wright, som tidlegare har jobba som reporter i det kvite hus for CNN, meiner at dette er den beste reklamen Harris-kampanjen kunne fått.

På X skrive ho at dette er verdt meir enn PR til ein million dollar.

Ei tweet der det står "dette er verdt meir enn ein million dollar med reklame". Skreve av ein CNN journalist med namn Jasmin Wright

Ei melding frå den amerikanske journalisten Jasmin Wright

Foto: Skjermdump

Dette er reklame som kan fungere bra for å tiltrekkje seg dei unge, ifølgje Brandtzæg.

Unge veljarar utgjer nemleg ein stor del av amerikanarane. Dei er difor ei gruppe Harris vil vere avhengig av.

Politikarar har lenge spelt på kjendisar og influensarar for å tiltrekkje seg ungdomsveljarar, fortel forskaren.

Her har ein brukar på TikTok lagt ut fleire klipp av harris.

Brandtzæg åtvarar likevel om at det vert flaut viss kampanjen til Harris speler for mykje på desse trendane.

Det er vanskeleg å balansere mellom å snakke «språket til unge» og det å prøve for hardt å nå dei unge.

Om laget rundt Harris gjer det riktig, kan dei vinne mykje på det.

Sosiale medium er den viktigaste informasjonskjelda for majoriteten av unge, fortel forskaren.

Strategien til Harris kan auke engasjementet hjå unge ved å skape underhaldande og delbart innhald, noko som kan føre til større nærvær i nyheitsstraumane deira, seier Brandtzæg.

Publisert 24.07.2024, kl. 22.46 Oppdatert 24.07.2024, kl. 22.56

Read Entire Article