Slår alarm om norske svømmehallar – åtvarar etter lungetestar av svømmarar

4 months ago 28


– Eg hadde aldri sett for meg dette på førehand, seier lege Tonje Reier-Nilsen i Olympiatoppen til NRK.

Nå slår ho og andre ekspertar alarm om forholda i norske svømmehallar og effekten det kan ha på helsa til utøvarane.

Dette burde eigentleg ha vore slått alarm om før, for dette er ikkje ei ukjent problemstilling, seier Reier-Nilsen.

Tonje Reier-Nilsen

Testane ho har gjort av norske svømmarar før og etter trening har fått lege Tonje Reier-Nilsen til å reagere.

Foto: Tom Balgaard / Tom Balgaard / NRK

– Sjeldan sett

Testane til legen har avdekt opptil 50 prosent redusert lungefunksjon hos nokre utøvarar etter svømmeøkter.

Eg har sjeldan sett så stor innsnevring i luftvegane i nokon setting før, seier Reier-Nilsen.

Dette og den høge førekomsten av astma blant svømmarar gjer henne bekymra. Det som spesielt bekymrar Reier-Nilsen er at dei ikkje veit heilt kva dette betyr på kort og lang sikt for utøvarane.

Det å få mindre oksygen kan òg ha uheldige effektar på andre organ i kroppen, seier Reier Nilsen, som tidlegare òg har hatt fagansvar for astma ved Rikshospitalet.

Svømmere deltar under NM i Bergen.

Sist veke var det mange svømmarar i aksjon under NM i Bergen.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Det er lufta svømmarane pustar inn rett over vassflata, som blir peika ut som problemet i norske svømmehallar.

Der finst gassar som blir danna i vatnet ved blanding av klor og organisk materiale, som sveitte og kosmetikk. Det gir blant anna trikloramingass, som irriterer luftvegane, rett over vassflata.

– Kjenner du druknar

Landslagssvømmar Markus Lie bruker sjølv astmamedisin kvar morgon, kveld og før kvar trening. Han fortel at astma er utbreidd på landslaget.

Så vi sit, som ein gjeng før trening, og køyrer alle medisinane våre. Det kan jo sjå litt rart ut frå utsida, men det er jo sånn i heile svømmemiljøet. Det skjer i andre land òg, seier Lie til NRK under NM i svømming.

Landslagssvømmer Markus Lie.

Markus Lie håpar at politikarar ser at problematikken med svømmehallen må takast tak i.

Ein upublisert studie, ved Norges idrettshøgskole (NIH), viser at 30 prosent av norske svømmarar i alderen 12–14 år har anstrengingsutløyst astma.

Men det blir påpeika at andelen utøvarar med astma og luftvegsplager aukar jo eldre svømmarane blir.

Funna blir sette i samanheng med luftkvaliteten i svømmehallane.

Landslagssvømmaren fortel at han sjølv mange gonger har kjent ubehag under trening. Spesielt har det brent seg fast korleis han ikkje fekk puste etter ein konkurranse i 2009.

Det var heilt forferdeleg. Så eg måtte ut i badebuksa. Heilt ut på bakkeplan, ute på gata, berre for å få frisk luft. Eg har absolutt kjent det. Det er liksom som å bli kvelt, seier Lie til NRK.

Markus Lie i samtale med landslagssjef Petter Løvberg under NM i svømming i Bergen.

Markus Lie har gjennomført provokasjonstestar, som har vist 50 prosent reduksjon i lungefunksjon. Her er Lie i samtale med landslagssjef Petter Løvberg.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Under store stemne, som også noregsmeisterskap, legg han merke til at gjerne yngre gutar og jenter av og til må få hjelp. Spesielt gjeld det han kallar «dårlege» svømmehallar.

Dei blir så stressa at dei ikkje får puste. Det kjem nokre sånne opplevingar og tilfelle i løpet av ei helg som dette her. Og det har nok mykje med astma å gjere og det ubehaget du får. Du føler at du druknar i deg sjølv, seier Lie.

50 prosent astma

Forskar Trine Stensrud ved NIH har undersøkt toppidrettsutøvarar i fleire tiår. Ho ser at luftvegsplagene til svømmarar utmerker seg.

– Internasjonale studiar viser at opp mot 60–70 prosent av svømmarar har svært overømfintlege luftvegar. Dette er eit karakteristisk trekk ved astma, seier Stensrud.

Ado Arena i Bergen

Det er lufta rett over vassflata som irriterer luftvegane og skaper problem.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Ein norsk studie publisert i 2022 viste at 80 prosent av landslagssvømmarar hadde overømfintlege luftvegar og 50 prosent blei diagnostiserte med astma.

Til samanlikning hadde 40 prosent av landslagsutøvarar i langrenn overømfintlege luftvegar og 30 prosent blei diagnostiserte med astma, opplyser forskaren.

Stensrud understrekar at svømmarar òg trenar meir enn andre uthaldsutøvarar og derfor pustar inn meir av den klorhaldige lufta i svømmehallen.

– Mange svømmarar sluttar òg tidleg på toppnivå utan at vi kjenner grunnen til det, seier Stensrud.

Ho meiner det nå er svært viktig å få undersøkt samanhengen mellom inneklima i svømmehallar og luftvegshelse enda betre.

– Ikkje noko digg

Landslagssvømmar Ingeborg Vassbakk Løyning, som har hatt astma sidan ho var 16 år, merkar kor mykje betre det er å trene i utebasseng enn inne i ein hall.

Ingeborg Vassbakk Løyning under NM i svømming.

Ingeborg Vassbakk Løyning skulle gjerne sett at det var nokre reine anlegg for svømmetrening. Sjølv har ho mykje betre kapasitet i utandørsanlegg.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Vi har gjort ein del testar. Da har vi sett at det ofte lønner seg å gjere nye doseringar etter innsvømming og undervegs i økta for å halde oppe effekten av medisinane. Fordi han går ned ganske fort, seier Vassbakk Løyning til NRK under NM i svømming i Bergen.

Og korleis påverkar det?

Det kjennest jo ikkje noko digg ut. Alt kramper seg i brystet, det gjer jo det. Sjølv om du har medisinar som skal hjelpe, førebygge og motverke det, så er det nesten uunngåeleg, seier ho.

Landslagssjef Petter Løvberg meiner det er grunn til bekymring.

Landslagssjef Petter Løvberg i Svømmeforbundet.

Landslagssjef Petter Løvberg i Svømmeforbundet ser at det er mindre problem for svømmarane om sommaren, når dei svømmer ute.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Vi har jo vore bekymra lenge over at vi veit at det er mange svømmehallar som kanskje ikkje har god nok ventilasjon, og at vi har svømmarar som har luftvegsproblem, spesielt innanfor astma, seier Løvberg.

Samtidig er erfaringa hans at ikkje svømmesporten har større problem enn andre idrettar.

– Generelt vil eg seie at svømmarar har god helse òg etter aktiv karriere. Det er i alle fall erfaringa mi, seier Løvberg.

Peikar på myndigheitsansvar

Seniorrådgivar Bjørn Aas i Cowi er ekspert på svømmeanlegg og rådgivar innan bygging av idrettsanlegg. Han meiner at myndigheitene har ansvar for å lage eit regelverk som vernar både tilsette og brukarar av eit idrettsbygg.

Men han seier at tradisjonelle løysingar for ventilasjon i svømmehallar har ført til ein helserisiko for både svømmarar og dei som har det som arbeidsplassen sin.

Ado Arena i Bergen

Det er lufta rett over vassflata som irriterer luftvegane og skaper problem.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

– Det kjem etter vår vurdering av måten ventilasjonssystemet i ein svømmehall er konstruert på, seier Aas, og forklarer at det er lagt vekt på at bygningen skal vernast mot fukt og haldast varm. Det fører til at hallane skal ha minst mogleg frisk luft ned mot vatnet for å redusere fordamping og dermed auke energiforbruket.

– Vi meiner det er feil, fordi svømmarar for å prestere godt må ha frisk luft. Og da må vi få rein luft ned dit dei oppheld seg, seier Aas, som opplyser at dei har funne ei løysing, som ikkje krev ny teknologi.

Dei samarbeider nå med NIH og Olympiatoppen for å vise om betre luftkvalitet òg kan gi betre prestasjon for toppidrettsutøvarar.

Helse- og omsorgsdepartementet opplyser i ein e-post til NRK at arbeidet med Bassengforskrifta dessverre er veldig forseinka.

– Helsedirektoratet leverte rapporten sin om føreslåtte endringar i april 2022. Under pandemien førte arbeidet til departementet med pandemihandtering til at mykje anna regelverksarbeid måtte settast på vent.

Dei opplyser at dette blant anna gjeld Bassengforskrifta, som skal stå for tur framover.

Publisert 11.07.2024, kl. 11.59

Read Entire Article