Skjæran går hardt ut mot solarium-rykter i ny bok om Arbeidar­partiet

5 hours ago 3


Steinar Suvatne og Jørgen Gilbrant står bak boka «PARTIET En innsideberetning om Arbeiderpartiets fall».

No går fleire Ap-politikarar hardt ut mot boka. Blant anna stortingsrepresentant Bjørnar Skjæran frå Nordland.

Blant anna meiner Skjæran at det er heilt feil at han gjekk med sølvlenke og tar solarium.

Noko Skjæran meiner er det verste med det som står om han i den nye boka.

– Det har eg aldri gjort! Stål funkar for meg. Norsk stål med eit lite kompass! Forøvrig tar eg ikkje solarium, skriv han i eit innlegg på Facebook fredag kveld.

NRK har snakka med Skjæran.

Han ønskjer ikkje la seg intervjue om saka, men syner til det han har skrive på politikar-sida si på Facebook.

Steinar Suvatne

Dagbladet-journalist Steinar Suvatne er ein av forfattarane av boka.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Fri diktning

I boka skriv Suvatne og Gilbrant følgjande:

«Bjørnar Skjæran fra Nordland var populær i fagbevegelsen og et folkelig alibi i partiet. Han røykte, gikk med sølvlenke rundt sin solariumsbrune hals, og var bonde på deltid. Han la ut bilder på Facebook av at han kjørte traktor. Skjæran var både jovial og hyggelig, en som tok en fest og likte å dra røverhistorier i lystig lag. Han hadde også sittet i sentralstyret i mange år og kjente partiet godt.»

I boka blir det også hevda at Skjæran såg på seg sjølv som ein mogleg kandidat til å bli ny statsminister etter Støre.

Noko partisekretær Kjersti Stenseng skal ha avvist straks det blei nevnt i eit møte.

– Begge deler er fri diktning. Eg har aldri hatt - og har aldri uttrykt slike ambisjonar, skriv Skjæran.

Hevdar boka er useriøs

Om statsminister-påstandane skriv Skjæran også:

– At ingen har lagt fram for meg påstanden om ein så meiningslaus uttale frå meg før boka gjekk i trykken skal også vere noko av det mest useriøse «forfattarskapar» eg har opplevd.

Dei to forfattarane av boka har ikkje vore tilgjengeleg for å kommentere påstandane frå Skjæran fredag kveld.

Skjæran innrømmer også at han ikkje har lese boka, men han er ikkje nådig.

– Ta helg, og la «mainnsjit» være «mainnsjit»!

Boka om Arbeidarpartiet baserer seg blant anna på samtalar med 70 anonyme kjelder.

Lansering boken Partiet

Boka handlar om det indre livet i Arbeidarpartiet dei siste åra.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Vil korrigere boka

Tidlegare fredag kom det fram at TV 2-journalist Lars Joakim Skarvøy også har funne fleire feil i boka.

Han skriv på Facebook at han har fått beskjed frå forlaget Gyldendal om at dei vil rette feil.

Forlaget svarar at dei vil rette dette i nye opplag av boka.

– I dette tilfellet har Lars Joakim Skarvøy gjort oss merksame på nokon feil og unyanser og desse vil sjølvsagt bli korrigerte.

Det seier Reidar Mide Solberg, forlagssjef for sakprosa i Gyldendal, til NRK.

Ap-lederen skal ha overlevd et kuppforsøk fra sine egne, ifølge ny bok.

Publisert 20.09.2024, kl. 21.06

Read Entire Article